JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Skrifta på skjermen

Leseforskinga syner at både barn og vaksne lærer mindre av
å lese på skjerm enn dei gjer av å lese på papir. Kva inneber det for digitaliseringa av den norske skulen?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsminister Erna Solberg, dåverande kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og barne- og familieminister Solveig Horne med elevane Max Kjus og Camilla Nagell Borgersen på Bekkestua barneskole, der regjeringa presenterte ny digital strategi for norsk skule i 2017.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

12086
20191129
12086
20191129

Utdanning

peranders@dagogtid.no

Norsk skule står midt oppe i ein digital revolusjon. Neste år kjem truleg to av tre norske grunnskuleelevar til å ha eige nettbrett eller eigen PC til skulebruk. Og som i andre revolusjonar går det hardt for seg, for debatten om digitaliseringa av skulen liknar ein skyttargravskrig: For kvar kritikar som seier at nettbrett svekkjer konsentrasjonen, er det ein teknologioptimist som seier at skjermane motiverer til læring.

Denne polariseringa har dels botna i kunnskapsmangel: Det har vore få store studiar av korleis datamaskiner kan påverke læringa. Datarevolusjonen i skulen har skjedd på eit spinkelt vitskapleg grunnlag, og dei fleste av oss har vore prisgjevne våre eigne fordomar når vi skulle gjere oss opp ei meining. I tillegg kan digitalteknologi brukast til så mykje ulikt at det er meiningslaust å diskutere digitaliseringa av skulen som noko einsarta.

Men dei siste åra har det faktisk kome meir solid kunnskap om skilnader i læringsutbyte frå skjerm versus papir – i det minste når det gjeld noko så grunnleggande som tekstforståing. Og konklusjonen frå leseforskinga er ganske klar: Om ein samanliknar resultata frå lesing av same type tekstar i ulike medium, gjev skjermlesing dårlegare forståing av innhaldet enn papirlesing gjer.

Ikkje kast bøkene

Den største studien som er gjort på dette temaet til no, har tittelen «Don’t throw away your printed books» og vart publisert av eit spansk-israelsk forskarteam i tidsskriftet Educational Research Review i fjor. Dette var ein såkalla metastudie, som trekte saman funna frå 54 ulike studiar frå 19 land med til saman 171.000 deltakarar, både barn og vaksne. Studien synte det same for alle gruppene: Når deltakarane las såkalla informasjonstekstar på skjerm, vart leseforståinga dårlegare enn når dei las tilsvarande tekstar på papir. Studiane inkluderte både PC-skjermar og nettbrett, men ikkje smarttelefonar.

Kor stor er så skilnaden i utbyte på å lese på skjerm og papir? Det er ikkje så lett å talfeste på eit forståeleg vis, seier Ladislao Salmerón, som er leseforskar ved universitetet i Valencia og medforfattar av «Don’t throw away your printed books».

– Men vi kan synleggjere det slik: Skilnaden vi fann på skjerm- og papirlesing tilsvarer den typiske auken i leseforståing i løpet av to tredels skuleår for ein grunnskuleelev. Når ein elev i starten av tredje klasse skal gje att innhaldet i ein tekst frå skjerm, presterer eleven som om ho var i midten av andre klasse og las på papir. Det er ikkje fordi eleven har blitt mindre flink, men fordi leseforståinga blir hemma av skjerm samanlikna med papir.

Les også: «35 år med datasatsing på usikker grunn»

Verre over tid

Dei ulike studiane spente til saman over perioden frå 2000 til 2017, og dette tidsperspektivet synte òg noko anna interessant: Fordelen ved å lese på papir ser ut til å ha blitt større, ikkje mindre, over tid.

– Dette funnet overraska oss, seier Salmerón.

– Ein kunne tenkje seg at dei som har vokse opp med digitale medium, dei såkalla «digitalt innfødde», les betre på skjerm enn dei som er eldre. Men vi fann det motsette. Det ser ut til at det å lese på skjerm faktisk var lettare før enn no. Vi veit ikkje årsaka til dette. Men ei mogleg forklaring er at dei digitale media no kan tilby fleire distraksjonar enn for ti eller 20 år sidan, og vi kan ha vant oss til å bruke desse media på ein annan måte enn før, seier Salmerón.

Den spanske studien er svært god, og konklusjonane peikar i same retning som to andre store studiar av lesing på skjerm og papir dei siste åra, fortel Øistein Anmarkrud. Han er professor ved Institutt for spesialpedagogikk ved UiO, med tekstforståing som spesialfelt.

– Vi har ikkje store effektstudiar av dette frå Noreg, men det er ikkje grunn til å tenkje seg at det er annleis her. Det kan vere nokre ting å setje spørjeteikn ved i den spanske studien, til dømes kva slag tekstformat forsøkspersonane brukte når dei las på skjerm. Men noko av det mest slåande ved studien er at folk ikkje ser ut til å ha blitt betre til å lese på skjerm med tida, men dårlegare. Før las kanskje folk på skjermen meir på same vis som dei las på papir.

Usikre tal

Så til dei neste spørsmåla: Når forskinga syner ganske klart at både barn og vaksne tek til seg informasjon dårlegare frå skjerm enn frå papir, kva er implikasjonane for bruken av digitale lesereiskapar i skulen? Og kor mykje les eigentleg norske skuleungar på skjerm i dag?

Det siste spørsmålet finst det ikkje gode svar på. For grunnskulen finst det ikkje eingong sikre tal på kor mange nettbrett eller PC-ar som er delte ut til elevane. Ifølgje den siste Monitor-undersøkinga, som Sintef lagar på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet, har omtrent ein tredjedel av elevane på fjerde trinn si eiga datamaskin, litt over halvparten av elevane på sjuande trinn har det, og 82,5 prosent av elevane på niande trinn. Somme skular gjev nettbrett til elevane også på første trinn, men ingen har tal på kor mange dette gjeld, eller kor mykje bretta blir brukte.

Men Monitor-undersøkinga har ein låg svarprosent, og tala er usikre, påpeikar Øystein Gilje, førsteamanuensis ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking ved UiO. Gilje har forska mykje på bruken av datamaskiner i norsk skule. I A-magasinet anslo Gilje i haust at det var minst 200.000 Ipad-maskiner og kring 100.000 Chromebook-maskiner i norsk grunnskole. Det vil seie at omtrent halvparten av grunnskuleelevane har si eiga maskin. Men talet aukar raskt.

– Ut frå dei tala eg har samla inn frå dei 50 største kommunane, reknar eg med at kring to tredelar av norske grunnskuleelevar kjem til å ha eige nettbrett eller PC i løpet av 2020. Det vil vere mest nettbrett for dei minste elevane, og mest PC for dei største, seier Gilje til Dag og Tid.

Kva les dei?

Talet på datamaskiner i skulen seier ikkje så mykje i seg sjølv. Viktigare er det å vite korleis og kor mykje dei faktisk blir nytta – og kor mykje les eigentleg skuleungane på maskina si? I Monitor-undersøkinga 2019 svarer 29 prosent av elevane at dei brukar datamaskin «ofte eller alltid» i norskfaget, og på sjuande trinn svarer 50 prosent av elevane det same. Men kor mykje av dette som er lesing og kor mykje som er skriving eller andre aktivitetar, er heilt uvisst. Vi veit heller ikkje kor mykje av skjermlesestoffet i skulen som er spesiallaga digitale læremiddel og kor mykje som berre er avfotograferte boksider.

– Det er ingen systematisert kunnskap om lesing på skjerm i norsk skule. Men vi veit at stadig fleire skular har ein-til-ein-dekning med nettbrett eller PC. Og jo fleire som har slik dekning, jo fleire brukar truleg datamaskinene også til lesing, seier Øistein Anmarkrud.

– Når forskinga tyder på at leseforståinga er dårlegare på skjerm enn på papir, kva konsekvensar bør det få for bruken av datamaskinene til leseoppgåver i grunnskulen?

– Det bør i alle fall føre til at vi tenkjer nøye gjennom kva lesemiddel vi brukar til ulike oppgåver. Til oppgåver som krev djup lesing, bør vi kanskje ikkje bruke skjerm. Dette er noko som bør diskuterast grundig i skulane.

For dyslektikarar byr skjermlesinga på ekstra utfordringar, fortel Anmarkrud.

– Vi har studiar frå Noreg som viser at dyslektikarane strevar ekstra mykje med digitale tekstar, særleg med dei multimediale tekstane. Somme optimistar har hevda at datamaskinene skulle løyse problema for dyslektikarane, men så enkelt er det ikkje.

Fordjuping

– Den digitale satsinga i norsk skule har i stor grad kome i forkant av forskinga på læringseffektane, meiner Anne Mangen. Ho er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og har forska på effektane av skjermlesing i mange år. Funna hennar er i tråd med den spanske studien frå 2018: Leseforståinga er svakare ved skjermlesing enn ved papirlesing, og særleg gjeld dette for lengre tekstar.

– Det ser ikkje ut til at det har vore prioritert å bygge planane og prioriteringane i skulen på empiriske studiar. Det tek jo òg tid å utføre slike studiar, og teknologien utviklar seg så raskt. Men no byrjar det å kome mykje forsking på dette, og nokre av funna gjev grunn til å spørje seg om digitaliseringa har skjedd for fort, seier Mangen.

– Noko av det vi kan seie mest sikkert, er at krevjande tekstar er ekstra vanskelege på skjerm. Dei vanane vi har lagt oss til i bruken av skjermane, ser ut til å motarbeide denne typen lesing.

– «Fordjuping» er eit viktig stikkord i dei nye læreplanane som skal takast i bruk neste år. Om det er slik at elevane les stadig meir på skjerm, kan det trekkje i motsett retning?

– Når det gjeld lesing, verkar det slik. Djupnelæring krev ei evne til å fordjupe seg i tekstar. I veldig mange samanhengar er ikkje skjermlesing optimalt, seier Mangen.

– Dette er ikkje nokon anten eller. Det handlar ikkje om at vi skal ha berre den eine eller den andre typen lesing. Men om vi ser at vilkåra for djupnelesing blir dårlegare, er neppe svaret enda meir skjermbruk. Vi treng ei meir nyansert tilnærming. Kva slag lesemåtar støttar skjermane, og kva lesemåtar blir vanskelegare på skjerm?

Ulik lesing

Også Øystein Gilje ønskjer seg ein meir nyansert diskusjon av lesereiskapane i skulen.

– Det viktige er å diskutere kva tekstar som er eigna for å lese på kva måte. Skal du lese ei novelle som «Karens jul», er det lite føremålstenleg å lese henne som ein PDF på skjermen. Lesing er så veldig mange ulike ting.

– Men behovet for å kunne tileigne seg og gje att informasjonen i ein tekst er temmeleg konstant?

– Samd. Men å lese ein kort artikkel eller oppgåvetekst er annleis enn å lese ein lengre tekst. Skal eg vere opponent på ei avhandling, skriv eg ut teksten for å lese han nøye. Men om eg skal skanne kjapt gjennom nokre forskingsartiklar, gjer eg det på skjermen.

– Er bruken av nettbrett og PC til lesing i skulen no godt fagleg fundert?

– Andre kan meir om det enn eg gjer. Men skulepolitikarane har dei siste åra teke altfor lite omsyn til fagmiljøa for å få oversikt over forskinga på bruken av digital teknologi. Dette har ført til at praksis i skulen ikkje har blitt kopla til den internasjonale forskinga, seier Gilje.

Anten du, gode lesar, har lese denne teksten digitalt eller på papir, sluttar han med eit frampeik. Investeringa i nettbrett og PC-ar til norske skuleelevar er i milliardklassen. Om digitaliseringa av skulen ikkje er driven fram av empirisk kunnskap som viser at dette gjev betre læring, kva er det da som har drive fram denne utviklinga? Det skal Dag og Tid sjå på i neste nummer.

Ingen kommentar frå direktoratet

Utdanningsdirektoratet er ein sentral aktør i det norske utdanningssystemet. I 2018 vart direktoratet slege saman med Senter for IKT i utdanninga, og har dermed mykje kunnskap om bruken av digitale verkty i norsk skule. Dag og Tid ønskte å lage eit intervju med direktoratet om funna i studien «Don’t throw away your printed books». Vi ønskte mellom anna å få vite korleis fagfolka i direktoratet vurderer funna i denne studien opp mot kunnskapen dei sjølve har om læring frå digitale tekstar versus papirtekstar. Det lukkast dessverre ikkje.

«Vi har ikke anledning til å kommentere på andre sin forskning på dette området», skreiv seniorkommunikasjonsrådgjevar Marie Smedsrød på epost. I staden for eit intervju fekk vi dette svaret på e-post frå Smedsrød:

«Det finnes mye ulik forskning om lesing. Felles for dem er at god klasseledelse og gode forberedelser er nøkkelen til god undervisning og læring. Digitale verktøy er en del av den pedagogiske opplæringen, og skolene står selv fritt til å velge læremidler som de synes er mest hensiktsmessig. Vi har full tillit til at skolene setter seg inn i og høster erfaringer fra både egne og andres skolers bruk av nettbrett eller PC. Skoler og kommuner må vurdere når og hvordan teknologien kan berike undervisningen, samt å sikre at lærere har den nødvendige kompetansen til å ta i bruk teknologi på en god måte.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis