Skrem ikkje ein stortingsmann

Mohyeldeen Mohammad er tiltalt etter straffelovens paragraf 115, som er eit vern mot borgarkrig og gjengvald, mafiavelde og terror.

Publisert Sist oppdatert

Me er i Borgarting lagmannsrett i Oslo, i «høysikkerhetssalen», eit bomberomliknande rom i kjellaren, utan vindauge, men med ei tryggleikssluse vakta av tre politifolk, som i ei lufthamn etter 11. september-åtaket i New York i 2001. Slik forsvarar Brynjulf Meling mislikar at aktor Frederik G. Ranke omtalar tiltalte Mohyeldeen Mohammads vidgjetne appell på Universitetsplassen i 2010 som «11. september-talen», av di det gjev ein uheldig kontekst, set òg lokaliseringa til den såkalla terrorsalen saka i ein samanheng.

– Eg følgjer ikkje med på kva som skjer politisk i Noreg. Eg har ikkje fjernsyn. Eg les ikkje norske aviser. Eg er meir oppteken av kva som hender i Midtausten, fortel tiltalte Mahyeldeen Mohammad frå vitneboksen i den frie forklåringa si den fyrste dagen i ankesaka.

Før jol vart han i Oslo tingrett dømd til to og eit halvt års i fengsel. I ankesaka i lagmannsretten slåst firebarnsfaren for å verta ein fri mann.

Fri forklåring

Slik vitnemålet til fornærma Abid Raja opptek store delar av den andre dagen i retten, er den fyrste dagen prega av den frie forklåringa til Mohyeldeen Mohammad. Fyrst skal han oppgje personalia.

Dommar: Kva føretrekkjer du å verta kalla i retten, Mohyeldeen eller Mohammad?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement