JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Skrem ikkje ein stortingsmann

Mohyeldeen Mohammad er tiltalt etter straffelovens paragraf 115, som er eit vern mot borgarkrig og gjengvald, mafiavelde og terror.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
13649
20190301

Bakgrunn

Ankesak i Borgarting lagmannsrett

Mohyeldeen Mohammad er tiltala etter straffelovens paragraf 115 for med trugsmål å ha valda fare for at ein stortingspolitikar vert hindra eller påverka i arbeidet sitt.

Tiltalen byggjer på tre tekstmeldingar og ein video som Muhammad hausten 2016 retta mot stortingsrepresentant Abid Raja (V).

Mohammad vart i Oslo tingrett i haust dømd til fengsel i to og eit halvt år.

Ytringsfridom

post@rem.no

Me er i Borgarting lagmannsrett i Oslo, i «høysikkerhetssalen», eit bomberomliknande rom i kjellaren, utan vindauge, men med ei tryggleikssluse vakta av tre politifolk, som i ei lufthamn etter 11. september-åtaket i New York i 2001. Slik forsvarar Brynjulf Meling mislikar at aktor Frederik G. Ranke omtalar tiltalte Mohyeldeen Mohammads vidgjetne appell på Universitetsplassen i 2010 som «11. september-talen», av di det gjev ein uheldig kontekst, set òg lokaliseringa til den såkalla terrorsalen saka i ein samanheng.

– Eg følgjer ikkje med på kva som skjer politisk i Noreg. Eg har ikkje fjernsyn. Eg les ikkje norske aviser. Eg er meir oppteken av kva som hender i Midtausten, fortel tiltalte Mahyeldeen Mohammad frå vitneboksen i den frie forklåringa si den fyrste dagen i ankesaka.

Før jol vart han i Oslo tingrett dømd til to og eit halvt års i fengsel. I ankesaka i lagmannsretten slåst firebarnsfaren for å verta ein fri mann.

Fri forklåring

Slik vitnemålet til fornærma Abid Raja opptek store delar av den andre dagen i retten, er den fyrste dagen prega av den frie forklåringa til Mohyeldeen Mohammad. Fyrst skal han oppgje personalia.

Dommar: Kva føretrekkjer du å verta kalla i retten, Mohyeldeen eller Mohammad?

Mohammad: Mohammad.

Fri forklåring er friviljug. Ikkje alle tiltalte vel det. Men Mohammad er vand med å tala til ei forsamling. Den låge, lette mannen veks i vitneboksen. Han er veltalande. Far hans er imam, og det var som folketalar sonen vart kjend i heile Noreg, i 2010, då han freista å oppeldna 3000 tilhøyrarar på Universitetsplassen i Oslo. Det var etter at Dagbladet i februar hadde publisert ein karikatur av Muhammed at Mohammad protesterte: «Hvis dette får fortsette vil det til slutt være for sent. Da vil vi få en 11. september og en 7. juni på norsk jord. Dette er ingen trussel, men en advarsel.»

«Vemmelse»

Det er ikkje dette han er tiltalt for. Han er heller ikkje, som framandkrigarane, sikta for eventuelle band til islamistiske terroristar i Syria og Irak, jamvel om han kring 2012 lét seg fotografera i uniform, med våpen, av di Syria-opphaldet skriv seg frå tida før framandkrigarloven tok til å gjelda.

Kva vart han dømd for i tingretten før jol? For ein video og tre SMS-ar han sende til stortingsrepresentant Abid Raja i september 2016, få timar etter at VG publiserte ei sak der Raja uttalte seg om hovudplagg for kvinner. I saka går han ut mot Arbeidarpartiet og eit mogeleg forbod mot burka og nikab, samstundes som han seier: «Jeg kan godt være ærlig om mine følelser når jeg ser kvinner i burka og nikab. Ofte føler jeg synd på dem og jeg blir også flau på vegne av muslimene. Jeg har faktisk også kjent på følelse av vemmelse.»

Fråfallen

VG-saka vart publisert om morgonen laurdag 24. september 2016. På føremiddagen sende Mohammed tre SMS-ar til Raja. Den fyrste opna slik: «Abid Khinzir Raja. Din skitne svin, må Allah brenne deg i Jahannam din uoppdratte murtad kafir hund! Du er en skam for pakkiser og muslimer, ikke kall deg muslim, for Wallahi du har INGENTING med islam a° gjøre, skitne forræder!!!» Raja la SMS-ane ut på Twitter utan å vita kven avsendaren var.

Neste dag heldt Mohammed ein videotale på YouTube, retta mot Raja, men òg mot ei muslimsk kvinne med ikkje-muslimsk kjærast: «Det trengs ingen fatwa pa° at de to nevnte, de som jeg har nevnt, er kuffar (vantro) og murtadeen (frafalne), og at de ikke representerer noen muslim.» Omsetjinga i parentes er henta frå tiltalen til påtalemakta.

I lagmannsretten orsakar Mohammad ordbruken. Slik Abid Raja neste dag skal orsaka at han nytta eit så sterkt ord som vemmelse i VG-saka som utløyste SMS-ar og video, orsakar Mohammad at han nytta eit vulgært språk i meldingane til Raja.

To og eit halvt år i fengsel for å vera vulgær på SMS?

Fredstid

Kva har det å seia for saka at Raja sit på Stortinget?

Ein konsekvens er at tre av statsmaktene er representerte i retten. Den dømande, sjølvsagt, me er i ein rettssal. Den lovgjevande, Stortinget, med fornærma Raja. Og den såkalla fjerde statsmakta, presse og medium, er her, men berre så vidt. Så mykje som avisene har skrive om Mohammad, skulle ein tru dei ville følgja saka. Og den utøvande, regjeringa, hadde òg vore til stades dersom Raja hadde vore statsråd, han representerer jo eit regjeringsparti.

Det har vore fred og valdsmonopol i Noreg så lenge at mange ikkje veit av anna. Det er stabile og vasstette skott mellom dei tre statsmaktene der dei ligg tett i tett her i sentrum av hovudstaden. Den lovgjevande i Karl Johans gate 22, den utøvande i regjeringskvartalet og den dømande her i Keysers gate 13, Borgarting lagmannsrett, der det er 170 meter til Oslo tingrett.

– Fødd 1939, seier den rettsoppnemnde sakkyndige, religionshistorikaren Kari Vogt, når ho vert beden om personalia. Ho rakk å gå inn i sitt sjuande år før den tyske okkupasjonsmakta kapitulerte. Ho er den einaste aktøren med minne frå eit Noreg utan valdsmonopol. Saka handlar om påståtte trugsmål, men indirekte om at valdsmonopolet er truga.

Truverdet

Treng dei øvste representantane for dei tre statsmaktene eit særleg vern? Det har dei. Paragraf 115 i straffeloven tek føre seg «Angrep på de høyeste statsorganenes virksomhet», og seier: «Med fengsel inntil 10 år straffes den som ved bruk av makt, trusler eller på annen rettsstridig måte volder fare for at Kongen, Regenten, regjeringen, Stortinget, Høyesterett eller Riksretten, eller et medlem av disse institusjonene, hindres eller påvirkes i sin virksomhet.»

I forklåringa si teiknar Mohammad eit radikalt anna bilete enn presse og påtalemakt har gjeve. Med roleg røyst vert dei påståtte «trugsmåla» kalla «irettesetjing» etter muslimsk skikk. Rajas «politiske utspel i hovudplagg»-debatten vert «mobbing av sårbare kvinner». Mohammad var ikkje framandkrigar i Syria, men hjelpearbeidar i flyktingleirar. Han slost ikkje saman med IS-terroristar, men for FSA, Free Syrian Army.

Tre grunnar

Her er tre grunnar til at han ynskjer stå fram som meir moderat:

Grunn éin er sjølvsagt eit menneskelig ynske om ein mildare dom. Det kan synast langt frå dei dresskledde juristane i lagmannsretten til basarane i Midtausten der somme er kledde som Mohammad, men det er òg likskapar: I basarane prutar ein om lågare pris. I rettssalen prutar ein om lågare straff.

Grunn to kan vera menneskelege endringar. Livssituasjonen hans har endra seg. Då han heldt appellen på Universitetsplassen i 2010, var han ein barnlaus 24-åring. No er han 33 år, «med fire born mellom null og fem år», som han fortalde frå vitneboksen. Er det ikkje då ein vil slutta fred med storsamfunnet? Jau, men meddommarane veit at han hausten 2016, då videoen vart send, var nærare livssituasjonen han har i dag, enn den han hadde for ni år sidan.

Grunn tre kan vera geopolitiske endringar. IS-kalifatet «ligg i dag med brekt rygg», for å nytta eit uttrykk frå vitneforklåringa til Abid Raja. Mange av dei som drog til Syria i den optimistiske stordomstida, freistar i dag å distansera seg frå draumen som brast. Har Mohammad òg vorte geopolitisk edru? Det kan ein skjøna. Men nok ein gong er me attende til september 2016. Vart videoen laga av ein som framleis var i draumeland?

For å parallellføra med tidstavla i den andre verdskrigen: Dersom framandkrigarane strøymde til Syria i 1941, då ein sigra på alle frontar, og me no er i 1945, med hovudkvarteret i ruinar, kva var den geopolitiske situasjonen då Mohammad sende SMS-ar og video? Trudde han framleis på siger for kalifatet hausten 2016?

Meddommarane

Kor truverdig står han fram for meddommarane når han seier at han i dag ikkje er ekstremistisk?

Og om dei trur han på det, trur dei han òg når han vil gje moderasjonen attendeverkande kraft, og seier at han aldri har vore ekstremistisk, korkje i 2010, 2016 eller 2019?

Eller i 2012? I lagmannsretten seier han at han aldri støtta IS. Symbolet i det IS-liknande flagget han poserte framføre ein stad i Syria, kan ein finna som veggpynt i muslimske heimar, slik ein finn bibelvers i kristne. At han poserte med våpen, kom av at han kjempa ein legitim kamp som ein del av FSA.

Titusen gonger

Det er andre dag i retten. Ei fleire timar lang utspørjing av Raja går mot slutten. Aktor og bistandsadvokat har spurt han ut. Forsvarar Brynjar Meling og juristutdanna Abid Raja har bjeffa og småbite på kvarandre.

Raja klarar seg godt. Han er ikkje mindre veltalande og scenevand enn tiltalte, og han har ein minst like streng religiøs oppvekst og bakgrunn. Når han vert spurd om kva verknad SMS og video hadde på han, understrekar han at dei kom i 2016, etter ei lang rekkje islamistiske terroråtak i Europa.

Dommaren: Er du viss på at Mohammad i september 2016 visste at du var stortingspolitikar?

Raja: Alle veit det. Eg har vore på Stortinget sidan 2013. Eg er nemnt titusen gongar i norske medium.

Dommaren: Takk. Tiltalte har bede om å få ein kommentar.

Mohammad (til Raja): Nei, alle veit ikkje at du er stortingspolitikar. Eg følgjer ikkje med. Eg har ikkje fjernsyn.

For aktor Ranke var det ei ny opplysing at tiltalte ikkje kjende til Rajas verv.

Aktor: Visste du ikkje at Abid Raja var stortingspolitikar? Det har du aldri forklart før.

Tiltalte: Eg trudde ikkje det var relevant.

Paragraf 115

Kor relevant er det? Det kunne vel ikkje ha vore meir relevant. Det er det tiltalen krinsar om. Mohammad er under tiltale for brot mot paragraf 115 i straffeloven «for ved bruk av trusler eller på annen rettsstridig måte å ha voldt fare for at et medlem av Stortinget hindres eller påvirkes i sin virksomhet».

Om ikkje Raja var på Stortinget, ville tiltalen ha vore annleis. Strafferamma òg. Kva hadde ho vore om videoen vart send til ein skodespelar? Ikkje ti år.

Kvifor skal dei øvste representantane for dei tre statsmaktene ha eit særleg vern? I dei tre vasstette skotta deira har dei monopol på valdsbruken i samfunnet. Åtak på dei er ikkje berre straffbar sjølvtekt, men eit åtak på sjølve prinsippet om valdsmonopol og dimed den heilt grunnleggjande tryggleiken til borgarane. Paragraf 115 er eit forvern mot borgarkrig, mafiavelde og terror.

Aktløyse

Men kva no om tiltalte ikkje visste? Kva om han forbraut seg mot 115 så å seia i aktløyse? Den grovare varianten av 115 er 116 der strafferamma er 21 år, og riksadvokaten meinte at denne saka låg på grensa til 116.

Men for å sjå det motsett, med auga til forsvararen: Kva med ein mildare variant, ein aktløysevariant? Korleis handsama paragrafane 115 og 116 dersom skadevaldaren ikkje veit? Må ikkje det redusera strafferamma, slik aktløyse gjerne gjer?

Prosedyre

Andre dag. Raja i vitneboksen. Heilt til sist har tiltalte ein kommentar.

Mohammad: Eg visste ikkje eingong at det var relevant. Men forsvararen min spurde meg i fengselet. Han sa at det var særs viktig. Eg visste ikkje at det var så viktig at han ikkje berre var Venstre-politikar, men òg stortingspolitikar.

Dommaren: Så du visste i 2016 at han var politikar?

Mohammad: Ja, men eg visste ikkje at Venstre eller han var på Stortinget.

Raja (framleis i vitneboksen): Men i VG-oppslaget, der eg nytta vemmelse-ordet, som SMS-ar og video var ein reaksjon på, er det eit stort fotografi av meg framføre ...

Dommaren (bryt av Raja): No er du over i ei rolle som advokat.

Raja: Ja, det der er prosedyre.

Strategi

Men nett på det punktet der Raja vart avbroten andre dag, fekk Mohammad halda fram i den fri forklåringa si fyrste dag. Han vart konfrontert med at både papir- og nettutgåva av avissaka som provoserte han, er dominert av eit fotografi av Raja framføre Stortinget, og med ein bilettekst som sa: «Stortingsrepresentant Abid Raja (V)». Korleis kunne han unngå å vita?

Men Mohammad forklårar at han aldri såg avisoppslaget, berre avsnittet om «vemmelse», som einkvan sende han.

Slik ordbruken hans i forklåringa speglar hovudomgrepa i rapporten til forsvararoppnemnde sakkunnige Lars Gule, førsteamanuensis ved OsloMet og ekstremismeforskar, vert den påståtte ukunna om Rajas stortingsplass freista gjort truverdig i forklåringar som speglar ein forsvarsstrategi.

Debutantane

Er Mohammad til å tru når han seier at han i september 2016 ikkje visste at Raja sat på Stortinget? Eller er det halmstrået til forsvararen? Men kva trur meddommarane, ein spesialrevisor, ein divisjonskoordinator, ein forretningsutviklar, ein seniorrådgjevar i Vegvesenet og ein produksjonsplanleggjar?

Meddommarane har dei minst lesbare andleta i salen. Tiltalte er roleg, men ikkje med uttrykkslaust andlet, for stundom smiler han og himlar med augo. Aktor og forsvarar har eit kvardagsleg andlets- og kroppsspråk av di dei er stovevarme i rettssalen. For fire av dei fem meddommarane er det annleis. I retten er dei debutantar.

Kva skal dei tru i den fyrste saka si? At videoen ikkje var eit trugsmål, men ei religiøs irettesetjing, slik partssakkunnige til forsvararen meiner? Og at orda same kva ikkje var retta mot ein stortingsmann, av di det var ukjent for Mohammad, slik forsvararen har bede han å seia?

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Din skitne svin,
må Allah brenne deg
i Jahannam...»

Har du vakse opp i
Frelsesarmeen, kan
du tru på eit under.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis