Skrantesjuke
Villreinstammen som den døyelege skrantesjuka vart oppdaga i, er slakta ned. Men er sjukdomen utrydda?
Våren 2016 vart smittsam skrantesjuke påvist hos villrein for fyrste gong i historia, i Nordfjella. To år seinare er villreinstammen på over 2100 dyr utrydda for å hindre at den døyelege sjukdomen spreier seg.
Foto: Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
Lars Nesse frå Lærdal var leiar i villreinnemnda for Nordfjella, høgfjellsområdet mellom Jotunheimen og Hardangervidda. Han var ute for å setje klavar for elektronisk overvaking på dyr i den nordlege delen av fjellområdet då han ganske tilfeldig oppdaga ei reinsdyrsimle det var noko gale med. Datoen var 15. mars 2016 og rundt ti minutt seinare var simla død. Ho vart send til Veterinærinstituttet for obduksjon.
Tre veker seinare kom beskjeden «som lyn frå klar himmel». For fyrste gong i historia var det påvist smittsam skrantesjuke på villrein, og Noreg – og Europa – hadde fått det fyrste påviste tilfellet av den døyelege sjukdomen, som fører til misdanningar og gradvis tap av nerveceller i hjernen til hjortedyr som hjort, elg og rein. Nesse, som òg er sauebonde, fekk beskjed frå Veterinærinstituttet om at kleda han hadde hatt på seg 15. mars, måtte han ikke bruke i sauefjøset.
To år seinare er det sett inn store og kostbare tiltak for å hindre at skrantesjuka skal spreie seg. Veterinærinstituttet har undersøkt over 41.400 prøvar frå ulike hjortedyr.
Den over 2100 dyr store stammen av villrein i den nordlege delen av Nordfjella er utrydda. Blant dei var det 19 som synte seg å ha skrantesjuke, ifølgje tala frå Landbruksdepartementet. Området skal no haldast fritt for villrein i minst fem år, før det er planar om å etablere ein frisk bestand.
Dei mange hundre saltsteinane som dyra samlar seg rundt på fjellet, vert fjerna eller gjerda inn for å hindre at smittestoff skal spreie seg til hjort. Hjorteviltbestanden i Nordfjella kan kome til å verte redusert, og det vert sett opp gjerde mot tamreinen på Filefjell og mot villreinen i den sørlege sona av Nordfjella. I fjor sommar vart folk som var på fjelltur i området, endåtil oppmoda om å vaske skoa etterpå, fordi smitten kunne sitje i jord og plantar.
Derimot er det ikkje innført restriksjonar på bruk av området som beite for sauer, ikkje eingong for sauer som høyrer til andre stader i landet og vert frakta ut av smittesona att på hausten. Det er det fleire som reagerer på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.