JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Uvissa frå Nordfjella

Villreinstammen som den døyelege skrantesjuka vart oppdaga i, er slakta ned. Men er sjukdomen utrydda?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Våren 2016 vart smittsam skrantesjuke påvist hos villrein for fyrste gong i historia, 
i Nordfjella. To år seinare er villreinstammen på over 2100 dyr utrydda for å hindre at den døyelege sjukdomen spreier seg.

Våren 2016 vart smittsam skrantesjuke påvist hos villrein for fyrste gong i historia, i Nordfjella. To år seinare er villreinstammen på over 2100 dyr utrydda for å hindre at den døyelege sjukdomen spreier seg.

Foto: Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

11474
20180518

Skrantesjuke

Er ein prionsjukdom, det vil seie at protein i hjernen faldar seg unormalt, hopar seg opp og skadar hjernen

Har vore kjent hjå ulike hjortedyr i Nord-Amerika i fleire tiår, og er spreidd til Sør-Korea

Kan ha lang inkubasjonstid, opptil fleire år, og dyra kan verke friske i store delar av perioden

Fører til avmagring, unormal oppførsel, ukoordinerte rørsler og tap av kroppsfunksjonar og er alltid døyeleg for dyr som vert smitta

Prion kan smitte vidare til andre dyr ved at dei vert skilde ut i spytt, urin og avføring, og har smitteevne sjølv etter lang tid ute i naturen

Vart våren 2016 påvist på villrein i Nordfjella og er sidan oppdaga på tre elg i Selbu og ein hjort i Møre og Romsdal og på ein elg i Finland

Kjelder: Veterinærinstituttet, Mattilsynet og Miljødirektoratet

eva@dagogtid.no

Lars Nesse frå Lærdal var leiar i villreinnemnda for Nordfjella, høgfjellsområdet mellom Jotunheimen og Hardangervidda. Han var ute for å setje klavar for elektronisk overvaking på dyr i den nordlege delen av fjellområdet då han ganske tilfeldig oppdaga ei reinsdyrsimle det var noko gale med. Datoen var 15. mars 2016 og rundt ti minutt seinare var simla død. Ho vart send til Veterinærinstituttet for obduksjon.

Tre veker seinare kom beskjeden «som lyn frå klar himmel». For fyrste gong i historia var det påvist smittsam skrantesjuke på villrein, og Noreg – og Europa – hadde fått det fyrste påviste tilfellet av den døyelege sjukdomen, som fører til misdanningar og gradvis tap av nerveceller i hjernen til hjortedyr som hjort, elg og rein. Nesse, som òg er sauebonde, fekk beskjed frå Veterinærinstituttet om at kleda han hadde hatt på seg 15. mars, måtte han ikke bruke i sauefjøset.

To år seinare er det sett inn store og kostbare tiltak for å hindre at skrantesjuka skal spreie seg. Veterinærinstituttet har undersøkt over 41.400 prøvar frå ulike hjortedyr.

Den over 2100 dyr store stammen av villrein i den nordlege delen av Nordfjella er utrydda. Blant dei var det 19 som synte seg å ha skrantesjuke, ifølgje tala frå Landbruksdepartementet. Området skal no haldast fritt for villrein i minst fem år, før det er planar om å etablere ein frisk bestand.

Dei mange hundre saltsteinane som dyra samlar seg rundt på fjellet, vert fjerna eller gjerda inn for å hindre at smittestoff skal spreie seg til hjort. Hjorteviltbestanden i Nordfjella kan kome til å verte redusert, og det vert sett opp gjerde mot tamreinen på Filefjell og mot villreinen i den sørlege sona av Nordfjella. I fjor sommar vart folk som var på fjelltur i området, endåtil oppmoda om å vaske skoa etterpå, fordi smitten kunne sitje i jord og plantar.

Derimot er det ikkje innført restriksjonar på bruk av området som beite for sauer, ikkje eingong for sauer som høyrer til andre stader i landet og vert frakta ut av smittesona att på hausten. Det er det fleire som reagerer på.

Redd sau ber smitte

Det er om lag 60.000–70.000 sauer på sommarbeite i Nordfjella årleg, ifølgje opplysningar frå Mattilsynet. Rundt 38.000 av desse beitar i den nordlege delen, der villreinen no er utrydda. Dei fleste beitedyra høyrer til i kommunane i og rundt Nordfjella, men om lag 10 prosent av dei vert frakta inn i området frå kommunar utanfrå, mellom anna frå Nedre Buskerud.

Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) har bede Landbruksdepartementet innføre strengare tiltak knytte til beitedyr som vert frakta inn og ut av smittesona i Nordfjella. I ei pressemelding skriv forbundet at sjølv om det så langt ikkje er kjent at sau kan verte smitta av skrantesjuke, vil dei kunne bere sjukdomen med seg og flytte smitte til nye stader, både gjennom kontaminert tarminnhald og eksternt i urein ull.

Forbundet bed om at ingen nye besetningar skal få bruke fjellbeite i smitteområdet, at sauer som skal fraktast levande ut av området, må klippast fyrst, og at smitteovervaking av hjort i kommunane sauen vender tilbake til, må styrkjast. I dag er det ingen automatikk i at desse kommunane vert følgde opp, ifølgje viltkonsulent Webjørn Svendsen i NJFF. Han fryktar at hjort som beitar på same område som den nyleg heimvende sauen, skal fange opp smittestoff frå sauen og utvikle og spreie skrantesjuke til lokale bestandar av hjort andre stader i landet.

Andre meiner sauebeiting burde vore heilt avvikla i smitteområdet i Nordfjella.

Fyrsteamanuensis Dag K. Bjerketvedt ved Universitetet i Søraust-Noreg, professor emeritus Reidar Borgstrøm ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og professor Eigil Reimers ved Universitetet i Oslo skriv i ein kronikk i Nationen at det er overraskande at føre var-prinsippet ikkje vert følgt, og at sauebeiting er tillate i Nordfjella.

Viltbiolog Tor Punsvik, som òg er viltforvaltar hjå Fylkesmannen i Vest-Agder, meiner den gjennomførte nedskytinga av villrein kan syne seg bortkasta dersom det ikkje er politisk vilje til å «ta andre omfattande upopulære grep». Det skriv han i eit innlegg i Klassekampen.

Noko av årsaka til uroa er at det ikkje er kjent korleis skrantesjuke oppstod i Nordfjella.

Sjukdom i utvikling

Sjukdomen – Chronic Wasting Desease (CWD) – er frå før berre kjend frå Nord-Amerika, der han vart oppdaga i 1967 og sidan har spreidd seg, og i Sør-Korea, som har fått smitta etter import av levande dyr frå Nord-Amerika.

Sjukdomsvarianten som er funnen i Nordfjella, ser ifølgje Mattilsynet og Miljødirektoratet ut til å vere identisk med den smittsame varianten frå Nord-Amerika. I tillegg er ein annan type, som vert rekna som mindre smittsam, funnen i tre elgar i Trøndelag og ein hjort i Møre og Romsdal.

Den smittsame varianten kan overførast direkte mellom dyr via avføring, spytt og urin, eller indirekte gjennom miljøet, via jord og plantar som dyra et. Smittestoffet er overlevingsdyktig og har smitteevne sjølv etter fleire år i naturen. Inkubasjonstida i dyr kan vere fleire år, og dyra kan verke friske i store delar av den perioden.

Nokre forskarar meiner sjukdomen kjem frå skrapesjuke, som er kjent frå sau, andre meiner han har oppstått spontant. Forsking syner òg at sjukdomen utviklar seg.

Canadiske forskarar har gjennom eksperiment synt at skrantesjuke kan smitte til apar både via direkte innsprøyting i hjernen og om dei får mat med smitte over ein lang periode. Denne måten å overføre sjukdomen på er kunstig, men funnet vert teke som teikn på at smitte mellom artar ikkje kan avvisast heilt.

Professor i mikrobiologi ved Colorado State University, Mark Zabel, fryktar at mutasjonar på sikt kan føre til såkalla zoonosar, som vil seie at ein dyresjukdom smittar til menneske, slik kugalskap gjorde. Det seier han i intervju med Nationen.

Ikkje restriksjonar

Vitskapskomiteen for mat og miljø, som gjer risikovurderingar og vurderingar om dyre- og plantehelse og dyrevelferd for Mattilsynet i Noreg, vurderer det som svært lite truleg at smittestoffet som finst i skrantesjuke, kan overførast til menneske.

– Skrantesjuke er ein dyresjukdom og er ikkje synt å kunne gje sjukdom hjå menneske, seier Jørn Våge som er koordinator for CWD, skrantesjuka, ved Veterinærinstituttet.

Han seier det heller ikkje er kjent, og aldri har vore synt, at sau kan verte smitta av sjukdomen.

Då saneringsplanen for uttak av villreinbestanden i Nordfjella vart lagd fram i fjor sommar, la Mattilsynet og Miljødirektoratet til grunn at direkte smitte mellom hjortevilt og beitedyr var svært lite truleg, og at risikoen for at husdyr frå andre område kunne transportere smittestoff ut av smittesona i Nordfjella, òg var liten.

Passiv overføring av smitte frå beitedyr kan likevel ikkje avvisast, og Mattilsynet ville i fjor ikkje gje nye dispensasjonar til beiting i Nordfjella for sau frå andre fylke.

Ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), Veterinærhøgskulen si avdeling på Sandnes, vert det i år gjort forsøk for å undersøkje om sau kan ta opp og skilje ut smitte av skrantesjuke frå reinsdyr og dermed vere smittespreiar utan sjølve å utvikle sjukdomen. Seks lam har fått smitte mata inn med sonde i prosjektet, som er det fyrste forsøket med skrantesjuke på sau i Noreg. Prosjektansvarleg veterinær og fyrsteamanuensis Cecilie Ersdal seier dei fyrste konklusjonane ikkje kjem til å vere klare før om eit års tid.

Mattilsynet har ikkje føreslege beiterestriksjonar for sommaren, men går inn for ei endå strengare regulering av salteplassane i Nordfjella i år. Det seier seniorrådgjevar Julie Enebo Grimstad i tilsynet.

– Faglege råd seier at det er saltsteinen og salteplassane som er dei største risikoområda. Vi er redde for at hjortevilt frå randsona rundt Nordfjella skal få i seg smitte frå desse plassane. Desse er det viktigast å gjere noko med, og dersom tiltak kjem på plass her, er ikkje beitinga i seg sjølv ein stor risiko.

Frå Landbruksdepartementet er det heller ikkje planar om å leggje generelle restriksjonar på beitebruk i Nordfjella, ifølgje landbruksminister Jon Georg Dale (Frp).

– Skrantesjuke smittar ikkje naturleg mellom hjortedyr og sau, seier han.

– Det vert lagt vekt på at salteplassar for sau ikkje skal verte samlingsplassar for hjortevilt, og det er difor fastsett reglar for dette, mellom anna at dersom det vert lagt ut saltslikkestein, skal han vere inngjerda eller på annan måte gjord utilgjengeleg for hjortevilt, seier han vidare.

– Kan skje

Seniorforskar og viltveterinær Bjørnar Ytrehus ved Norsk institutt for naturforsking (NINA) seier det kjem til å finnast små mengder smittestoff av skrantesjuke i Nordfjella i fleire år framover. Han er særleg redd for at jorda på salteplassar som har vore nytta av reinen, kan innehalde smittestoff. Denne jorda er attraktiv å ete for hjorten, sidan ho inneheld salt.

Smittar sjukdomen over på hjort, kan han spreie seg over store område som det er vanskeleg å kontrollere. Men smitte via sau som vert transportert frå Nordfjella til heimebeita om hausten, kan òg vere alvorleg.

– Får vi ei slik spreiing, anten ved at sauen berre ber med seg smitten i ulla eller tarmane, eller ved at han vert infisert utan å utvikle sjukdom, kan spreiinga verte heilt uføreseieleg, seier han.

Han seier det vitskaplege miljøet i Noreg er ganske samla om å sjå sauer som vert flytta inn og ut av det smitta området, som ein risiko. Han meiner slik flytting bør unngåast.

– Sjølv om sjansen for at sauen kan bere med seg smitte er veldig liten, betyr det at det kan skje ein gong. Og då bør vi heller sjå om det finst alternativ. Det er store og svært kostbare tiltak som alt er gjennomførte, og det er eit ekstremt inngrep å fjerne ein villreinbestand. Då er det dumt å ikkje følgje opp med alle dei tiltaka ein har høve til, seier han.

Lars Nesse har sidan 2016 vore koordinator for tiltak mot skrantesjuke for dei seks kommunane i Nordfjella.

Han seier at skrantesjuka alt har hatt store konsekvensar for beitenæringa, hjorteviltforvaltinga og arealforvaltinga i kommunane, og at det er stor uro og frustrasjon blant sauebøndene.

– Det kjem av at ingen veit korleis sjukdomen har kome hit, og ingen veit korleis han kan smitte vidare. Det vi veit, er at det er ein alvorleg sjukdom som ikkje forsvinn av seg sjølv, seier han.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Sjølv om sjansen for at sauen kan bere med seg smitte er veldig liten, betyr det at det kan skje ein gong.

Bjørnar Ytrehus, forskar ved NINA

– Skrantesjuke smittar ikkje naturleg mellom hjortedyr
og sau.

Jon Georg Dale (Frp),
landbruksminister

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Christiane Jordheim Larsen

Gunnhild Øyehaug har skrive bøker i mange sjangrar etter diktdebuten i 1998. Ho er også lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Foto: Helge Skodvin

BokMeldingar
Odd W. Surén

Bulletinar frå ein medviten romanperson

Gunnhild Øyehaug skriv friskt og morosamt om draum og røynd i metaland.

VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.

Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB

KommentarSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Politikk i grenseland

Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn
Håvard Rem

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Foto: Baard Henriksen

LitteraturKultur

Sorg og sjølvutsletting

Kva kan djup, djup sorg gjere med eit menneske? I den nye romanen sin freistar Terje Holtet Larsen gi nokre svar.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis