Skog har vorte lønsamt att
Til og med i Nord-Noreg og på Vestlandet har skogen fått verdi. I 2018 vert det hogge rekordmykje tømmer langsetter kysten.
Rundt ein fjerdedel av landarealet i Noreg er produktiv skog. Den beste skogen, sagtømmer, går no for over 600 kroner kubikkmeteren.
Foto: Frank May / NTB scanpix
Vi lærte det i skulen, og det vert nesten som ein atavisme å hevda at Noreg er og vart rikt på grunn av bergverk, fisk og tømmer. Noko sant er det i det, om vi tek vekk skogen. Særleg om vi samanliknar med kva vi hentar ut og har henta ut av havet gjennom fisk, internasjonal frakt og dei siste åra olje og gass, bleiknar skogen til nesten ingenting. Men litt har no skogen å seia, særleg sidan han får lite subsidiar samanlikna med tradisjonelt landbruk.
For dei som er interesserte i tala: Om lag ein fjerdedel av landarealet i Noreg er produktiv skog i den forstand at det går an å henta ut tømmer. For tida står det knapt ein milliard kubikkmeter tømmer i norske skogar. I 2015 var tilveksten 26 millionar kubikkmeter, og det vart hogge 10,2 millionar kubikkmeter til industrisal. I tillegg kom det 2,5 millionar kubikkmeter til oppvarming av heimar og hytter, altså ved. I 2014 var det sysselsett om lag 16.000 personar i næringa, og i 2015 vart det eksportert tømmer og treprodukt til ein verdi av 10,8 milliardar. Den gjennomsnittlege prisen per kubikkmeter til skogeigarane var på 334 kroner. Lønsemda på si side var diverre ikkje særleg god. For det er ikkje til å koma forbi: Det finst stadar i verda som er betre eigna til nordleg tømmer enn Noreg.
Før og ikkje no
Men det var før og ikkje no. Ja, på Austlandet og i Trøndelag har det vore visse føresetnader for skognæring. At næringa der har slite, handlar mykje om at lønsnivået i Noreg har vorte så høgt på grunn av avkastinga som havet har gjeve den siste generasjonen. Men aktiviteten har i det store og heile vorte nokolunde halden oppe på grunn av stadig høgre produktivitet gjennom ein stadig betre og meir effektiv maskinpark.
Det som derimot er nytt, særleg i år, er at skognæringa har innteke Vestlandet. Om ein køyrer rundt i vestlandsfjordar og i vestlandsbygder, ser ein no tømmeroppstillingsplassar både her og der, og oppe i fjellsidene er det aktivitet nær sagt overalt. I 2018 kjem Vestlandet og Nord-Noreg til å taka ut skog i ein til no heilt ukjend skala. Og mest uventa for alle oss som voks opp på Vestlandet og fekk høyra om den elendige grana som ikkje kunne nyttast til noko som helst: Kvaliteten på skogen som vert teken ut, er særs god. 70–80 prosent vert nytta til noko anna enn masse. Det vert bygd hus av skogen.
Rekordauke
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.