Skitprat– Æ ikkje. Æ har .Tekstmeldinga frå ein kamerat gav ikkje håp om at han kunne nå nyttårsfeiringa i fjor. Han er frå Lofoten, og der brukar dei dette ordet som verkeleg får meg til å sjå føre meg kva som går føre seg når ein har

Publisert

– Æ kjæm ikkje. Æ har tappsjetta.

Tekstmeldinga frå ein kamerat gav ikkje håp om at han kunne nå nyttårsfeiringa i fjor. Han er frå Lofoten, og der brukar dei dette ordet som verkeleg får meg til å sjå føre meg kva som går føre seg når ein har rennjesjetå, som vi seier på Sunnmøre.

I vår hadde vi besøk av ein ørsting i bladstova. Av ein eller annan grunn byrja vi å snakke skit. Han hadde ein teori om at ordet «Katrin», som ein ofte ser som merkenamn på toalettporselen, kan kome av det greske ordet katarsis som tyder reinsing, lutring av sinnet.

Ein gong då eg kom flygande frå Havanna til Madrid, hadde eg berre så vidt kome meg inn på pensjonatet før alarmen gjekk. Heldigvis låg toalettet i same etasje som rommet mitt, men jammen var korridoren lang for kvar gong eg måtte spurte av garde. Dei som ikkje toler detaljar om slikt, slepp å lese vidare. Eg lak i begge endar, for å seie det slik. Heldigvis kunne eg sitje på do og spy i bideet. Aldri meir skal eg ete kongereker som flymat. Eg åt til og med porsjonen til reisefølgjet mitt. Seint på kveld klarte eg å kreke meg til ein bar og kjøpe meg ei cola. Aldri har sukkervatn smakt betre.

Sunnmøringen som prata skit, drog òg fram Siri og Rasmus. På sjøen brukar dei uttrykket «å mate ’nå (han) Rasmus» om å kaste opp. Siri er namnet på dobøtta om bord.

Ei folketeljing frå 1900 viser at namnet Siri var lite brukt i Nord-Noreg, skriv NRK Nordland. Det kan ha med dobøtta å gjere. Iallfall viser det seg at namnet Siri er vanlegare i innlandsfylket Hedmark. Siri kjem av namnet Sigrid som er samansett av siger og vakker. Fuglane veit kva det har med dobøtter å gjere.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement