SkiltPå leit etter eit ord å starte med, les eg i avisa at leiaren i SSB – Statistisk Sentralbyrå – «
På leit etter eit ord å starte med, les eg i avisa at leiaren i SSB – Statistisk Sentralbyrå – «mener hun hadde mandat til å avskilte forskere». Ikkje skal vel eg skifte sol og vind, men er dette verkeleg eit ord ein i offentlege tale kan grunngje ei slik vanærande handling med? «Elleville dager i SSB» er tittelen over ei dobbelside i den såkalla venstresidas avis. Sjølv har eg ein liten statistikkeksamen (!) frå ei fortid på realfag ved universitetet, der eg var med i eit tippelag der han som sette opp systemet, sette opp så sikre rekkjer at vi gjekk med underskot.
Til spørsmålet om avskilting var mi første røynsle med skjenelause farty ein Opel Olympia årgang 1936, som far hadde kjøpt av presten. Som i sin tur var ein råkøyrar vi høyrde på lang avstand frå når han køyrde rundt i soknet. Til Opel Olympia er det å melde at når vi skulle på tur, svikta bremsene på den bratte fjellvegen over Gaularfjellet, og vi måtte snu midtvegs og køyre heim berre på handbremsene.
Elles er det tid for å høgtide nokre kulturelle hendingar som held på å gå i gløymeboka. 10. oktober var det hundre år sidan den amerikanske pianisten Thelonious Monk vart fødd. Han døydde i 1982. Han heldt ein legendarisk konsert i Oslo i 1966 med dykkar utsende ringside. Trompetist Dizzy Gillespie vart fødd 21. oktober 1917. Han døydde i 1993 etter tallause konsertar verda rundt, også i Norge, med sitt spesielle horn på trompeten. Største oppleving for dykkar utsende var med Monk i Aulaen, med sjefen vandrande rundt med ei skinnlue på hovudet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.