Det er den tida på året igjen. Den tida då eg tenkjer at eg treng nye ski.
No må eg gjere det klart at eg ikkje kjøper nye ski kvart år. Nei, grunnen til at tanken på nye ski kjem, like naturleg som at lauvet fell frå trea, er at tanken på nye ski ikkje fører til eit faktisk kjøp. Kvifor? Eg seier som folk gjer når Facebook spør om sivilstatus: «It’s complicated.»
For at valet av ski skal vere vellukka, bør ein, som mange nordmenn vil vite, finne eit par som matchar vekta di, høgda di og evna du har til å gå på ski. Det verkar enkelt, og for eit par år sidan var eg, trudde eg, svært nær å få desse elementa til å gå opp i ei høgare eining. Eg fylte samvitsfullt ut eit skjema på nettet og berre venta på å få den lange pakka levert på lokalbutikken. Heilt til eg etter ei vekes tid fekk svar på e-post: Vi klarer dessverre ikkje å finne eit par som vil passe deg.
Eg er vel den dei tenkte på som fann opp uttrykket «å falle mellom to stolar». For medan høgda mi fører meg til juniordelen av skiavdelinga, fører vekta mi meg til vaksenavdelinga. Evna til å gå på ski er heilt middels, og sjølvtilliten stoggar meg frå å velje for lange ski. Så der står eg.
År etter år har den komplekse og lettare ubehagelege situasjonen å kjøpe ski ført meg rett over i den langt meir komfortable tanken at dei gamle skia held ein sesong til. God glid får eg ikkje med dei lenger, men ligg ikkje mykje av kvaliteten i smørjinga?
Det viktigaste på skitur er uansett humøret. Eg gløymer aldri ein fin tur i nærmarka; det må ha vore tolv år sidan no. Skia var dei same, men dei var ikkje like gamle då som no. Eg hadde gått ein liten tur åleine og var på veg ut gjennom bommen der stien startar. På veg inn kom ein lang stilk av ein mann, han må ha nærma seg 90 år. «Og der har du vore ute med dei gamle skia dine!» strålte han. Det var ei god blanding av ei fornærming og ei oppmuntring, og han heldt fram i same stil: «Ja, vi får leve så lenge vi kan!»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.