Krig
Skal Tyrkia få erobre enda meir av Syria?
Z’RGAN, SYRIA: Kurdarar i det nordlege Syria fryktar at landet deira blir ofra i ein hestehandel om Nato-medlemskapen til Sverige og Finland.
Avstanden er snautt to kilometer frå denne landsbyen like vest for Eufrat til frontlinja og det området Tyrkia har okkupert sidan august 2016.
Foto: Erling Folkvord
– Eg er redd Tyrkia og Erdogan seier ja til Sverige og Finland som Nato-medlemmer mot at Nato godtar ei utviding av områda Tyrkia okkuperer i Syria.
Mazlum, som er leiar i Z’rgan militære råd, ordlegg seg slik da han tar imot meg og tolken. Eg er i Nord-Syria for å forstå meir av ein av mange krigar som er usynlege i media i Noreg, og finne ut om ein slik bytehandel kan vere i emning. Korkje Mazlum eller eg trur utlevering av svenske PKK-sympatisørar er Erdogans hovudkrav for å sleppe Sverige og Finland inn i Nato.
Omsett til norske forhold kan vi seie at Mazlum er sjef for Heimevernet. Han lèt seg ikkje forstyrre av duren frå ein drone høgt over oss. Lyden blir borte da han tar oss med ned i eit underjordisk møterom. Dei siste seks åra har Mazlum sett Tyrkia okkupere det eine landområdet etter det andre i det nordlege Syria. Etter den siste invasjonen i 2019 er frontlina berre eit par kilometer frå der vi sit i småbyen Z’rgan.
Kva vil Erdogan?
1. juni talte president Erdogan til parlamentsgruppa si. Ifølgje avisa Yeni Safak sa han: «Vi går inn i ein ny fase for å gjennomføre avgjerda vår om å opprette ei 30 kilometer brei sikker sone langs den sørlege grensa vår. Vi vil reinse Tal Rifaat og Manbij for terroristar, og steg for steg vil vi gjere det same med andre regionar.» Dei to byane ligg vest for Eufrat. «La oss sjå kven som støttar desse legitime skritta frå Tyrkia, og kven som hindrar dei», la han til.
Heimevernssjefen i Z’rgan og andre eg møter i den sona Erdogan enno ikkje har fått på plass, meiner at den tyrkiske presidenten bruker terroristordet for å skjule det han verkeleg er redd for: den nye samfunnsordninga i Nord- og Aust-Syria.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.