Skal merkast som produsert i IrlandJarlsberg-hjulet frå Irland vert identisk med det som vert produsert i Noreg, men skal merkast som irskprodusert.
Jarlsberg-hjulet frå Irland vert identisk med det som vert produsert i Noreg, men skal merkast som irskprodusert.
I vår fekk Dagbladet to oste-ekspertar frå ein delikatessebutikk i Oslo til å jamføre smaken på irskprodusert Jarlsberg kjøpt i Sverige og norskprodusert Jarlsberg frå Noreg. Dei fann «en markant smaksforskjell». Det same gjorde kundane deira, som også prøvde ostane. Ifølgje Dagbladet var osten kjøpt i Sverige ikkje merkt som produsert i Irland. Det skal Jarlsberg som vert produsert på Tines nye meieri i Irland vere, forsikrar Atle Kjøl Jacobsen, i Tine Internasjonal.
I e-brev til Dag og Tid skriv han òg at kvalitetskrava til Jarlsberg-hjulet som skal produserast i Irland, kjem til å vere «heilt identiske» med Jarlsberg-hjulet som framleis skal produserast i Noreg.
Kvalitet og oppskrift
Spørsmålet vårt om den markante smaksskilnaden oste-ekspertane fann mellom dei to, får til svar at Tine har produsert Jarlsberg i USA og Irland i mange år, og osten er teken godt imot i marknaden. Det er like strenge krav til kvalitet på råvara i USA og Irland. All Jarlsberg er laga på det som svarar til norsk elitemjølk, og etter same oppskrift.
Jacobsen seier òg det er eit «klokkeklart krav» at mjølka Tine tek imot, både i Noreg, Irland og USA, skal vere utan restar av antibiotika og garantert fri for bruk av genmodifiserte organismar (GMO).
Prisen for merkevara
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.