JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Sjukt helse­demokrati

Nedlegginga av Ullevål sjukehus syner at politikken i aukande grad blir styrt av elitenettverk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6460
20221223
6460
20221223

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Vel 50 milliardar kroner kjem dei nye sjukehusa på Gaustad og Aker til å koste, ifølgje utrekningar NRK har gjort – ikkje 39 milliardar, som det stod i styrepapira då Helse Sør-Aust vedtok gigantprosjektet 16. desember i år.

NRK-utrekninga inkluderer fleire postar, til dømes tomtekjøp, som låg til grunn for lånesøknaden til Stortinget i 2019. Fusjonen av Radiumhospitalet, Rikshospitalet, Ullevål sjukehus og Aker sjukehus til eitt sjukehus, Oslo universitetssjukehus (OUS), har eit enormt omfang med ein totalsum på 76,2 milliardar – sluttført i 2035. Prosjektet kjem til å få store økonomiske følgjer for sjukehus over heile landet det neste tiåret, ikkje berre i hovudstaden.

«Sjølvfinansierande»

Til fusjonen har det vore knytt stor økonomisk risiko som systematisk har blitt neglisjert i styrande organ.

Fusjonen var ifølgje McKinsey føresett å vere sjølvfinansierande; stordrift ville gje ein årleg effektiviseringsvinst på 900 millionar kroner. Siri Hatlen, den første direktøren ved OUS, innsåg raskt at prosjektet bygde på økonomisk ønskjetenking. Ho gjekk då ut frå ein investeringstrong på 17,5 milliardar. I Helse Sør-Aust ville dei ikkje høyre på Hatlen, og i 2011 sa ho opp.

«Betydelig risiko»

Riksrevisjonen kritiserte i ein rapport frå 2012 den manglande realismen i prosjektet. Helseminister Jonas Gahr Støre lét som om den kritiske rapporten ikkje eksisterte. Også kvalitetssikringsfirmaet Opak/Metier sette i 2015 «spørsmålstegn ved realismen» i å flytte Ullevål sjukehus til Gaustad, og tvilte på om plandokumenta gav «et riktig bilde overfor beslutningstakere». Helseminister Bent Høie ignorerte dei kritiske merknadene då han i juni 2016 gjekk inn for ei samling på Gaustad. Heller ikkje Stortinget la vekt på risikoen då dei gav lånetilsegna si.

I møtet førre veke delte derimot fleire av dei eigaroppnemnde styremedlemmane den gjentekne risikobekymringa. Sjefen for Statsbygg Harald Nicolaisen meinte det var ein «betydelig risiko» som ikkje blei tydeleggjort i saksunderlaget og vedtaksframlegga: 70–80 prosent av denne typen prosjekt «går kapitalt gærent», fordi ein «overvurderer nytteeffekten og undervurderer kostnadene». Dei vedlagde uvisseanalysane var ikkje eigna til å roe han – dei minte han snarare om «rødt flagg».

Også ein annan styremedlem, den tidlegare direktøren i Helse Sør-Aust Peder Olsen, var sterkt i tvil. Nina T. Grønvold, kommunedirektør i Fredrikstad, understreka «enorme usikkerheter» i prosjektet, «både fagmessige, byggmessige og økonomiske».

Prokuratorknep

Den store risikoen burde kome fram i styrevedtaket – elles kunne det sjå ut «som om vi ikke forstår hva det er vi har satt i gang». Styreleiar Svein Gjedrem innsåg at slike atterhald ville så tvil om fleirtalet eigentleg var eit fleirtal, og overkøyrde framlegget med eit prokuratorknep: risikoførestillingane kunne formulerast i ein tilleggsmerknad.

Sjølv direktør i Helse Sør-Aust Terje Rootwelt vedgår at det er eit risikofylt prosjekt, men det finst ifølgje han ikkje noko alternativ. Det er ikkje tilfellet! Sidan Gaustad-tomta var for lita, hadde Hatlen alt i 2010 utarbeidd ein plan med ei delt løysing Rikshospitalet/Ullevål, med gradvis modernisering og utbygging begge stader.

Det første Bjørn Erikstein, etterfølgjaren til Hatlen, gjorde, var å leggje planen hennar i skuffen. Han ville leggje Ringvegen i tunnel og samle heile OUS på Gaustad. Trass i at tunnelframlegget blei avvist av vegstyresmaktene, heldt Erikstein fram med fusjonsplanen på den tronge Gaustad-tomta.

Som ein avgjerande veikskap hadde Opak/Metier peika på at Ullevål-alternativet ikkje var utgreidd. Etter press frå dei tilsette vedtok eit samrøystes OUS-styre at Erikstein skulle vidareutvikle Ullevål-planen til Hatlen. Men Erikstein lét vere å følgje dette pålegget; både styrefleirtalet og helseminister Høie var nøgde med det. OUS laga derimot ei utgreiing der heile Rikshospitalet vart flytta til Ullevål – ei dyrare løysing ingen hadde gjort framlegg om. Ei uavhengig utgreiing, «Parksykehuset», dokumenterte ei billegare Ullevål-løysing; ho blei oversett.

Systematisk motarbeid

Saman med Cathrine Lofthus var Terje Rootwelt næraste medarbeidar til Bjørn Erikstein. Desse tre har systematisk motarbeidd Ullevål-alternativet. Rootwelt blei visedirektør i OUS då Lofthus i 2015 rykte opp som direktør i Helse Sør-Aust. Då Lofthus i 2021 blei departementsråd i Helse- og omsorgsdepartementet, tok Rootwelt over stillinga hennar. Den sentrale medspelaren deira har vore tidlegare finansråd Svein Gjedrem som blei sett inn som styreleiar i 2018 for å berge prosjektet.

I tur og orden skulle dei offentlege sjukehusa i hovudstaden leggjast ned. Først blei Aker nedlagd i all hast i 2010, men vedteke bygd opp att i 2016 med ein prislapp på 9,7 milliardar, i dag 22, 4 milliardar. I 2014 skulle Radiumhospitalet flyttast til Gaustad.

Erikstein hevda at han hadde støtte i det onkologiske fagmiljøet. Det var fake news. Etter massiv motstand frå alle dei 116 overlegane, eit par tidlegare pasientar med økonomisk tyngd og med renessansemennesket Jan Vincents Johannessen som strateg, måtte Erikstein slå retrett. Det vart vedteke å byggje eit komplett kreftsjukehus på Montebello. No står Ullevål for tur i det som er kalla «tidenes største og dårligst planlagte fastlandsprosjekt».

Svekte fagmiljø

Nedlegginga av Ullevål sjukehus er blitt eit irrasjonelt prestisjeprosjekt for nokre helsebyråkratar, koste kva det koste vil. Fusjonen har vore med på å bryte ned to av landets fremste medisinske fagmiljø og dermed sentrale delar av det offentlege helsevesenet. Realiseringa kjem til å leggje beslag på store økonomiske ressursar her med utarmande følgjer, ikkje minst for dei andre sjukehusa i søraustregionen.

Prosjektet er drive fram av ein byråkratisk elite, politikarane har abdisert og Stortinget er redusert til eit sandpåstrøingsorgan. Hovudstadsprosessen illustrerer det som internasjonalt blir diskutert som ei «postdemokratisk» utvikling, der politikken bak ein demokratisk fasade i aukande grad blir styrt av elitenettverk.

I dette systemet er det periodiske val – dei kan til og med føre til regjeringsskifte. Men den reelle politikken blir avgjort på bakrommet. Følgja kan bli at tilliten til dei demokratiske ordningane blir undergravne i det lange løpet.

Rune Slagstad er professor emeritus ved Institutt for samfunnsforsking.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit
Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin
Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis