JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Sjukemeldings­epidemien

Ny forsking viser at det ikkje berre er sjukdom som smittar, men sjukemeldinga òg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Så lite skal til for å smitte kollegaen med kyssesjuke. Diverre er sjukefråværet like smittsamt.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

3031
20190222
3031
20190222

Eg sit på venterommet på kontoret til dokteren i heimkommunen i 2011, svimmel som ein landfast sjømann.

– Skrede, Mone Skrede, ropar ei røyst i høgtalaren.

Eg manøvrerer føtene bortover gangen og held meg så godt fast i lista på veggen som mogleg. Ei gamal kvinne med rullator kjem forbi meg, og vi har nesten same ganglag.

– Du har fått skikkeleg kyssesjuka, seier dokteren då eg har velta meg ned i ein stol.

– Kva skjer då? kvekk eg og høyrest ut som eg har røykt ein pakke om dagen dei siste 30 åra, endå eg berre så vidt har bikka 20.

– Eg skriv ut ei sjukemelding og ein resept på betennelsesdempande medisin, og så går du heim og legg deg, seier dokteren.

Det eg ikkje veit, medan eg stavrar meg på sviktande bein gjennom gangen, er at i det eg no vert sjukemeld, risikerer eg at sjukemeldinga smittar over på kollegaene mine.

Denne veka melde nemleg Forskning.no om ei ny undersøking der 22.000 pasientar og 114.000 kollegaer har vorte granska. Pasientane har fått 409 nye fastlegar. Dersom du vert sjukmeld, kan fråværet til dei tre næraste kollegane dine auke med 40 prosent av ditt eige, er resultatet. Månaden eg var ute av drift, kan altså fråværet til dei tre næraste kollegaene mine ha auka med åtte dagar. Då kan arbeidsplassen miste arbeidskraft i 24 dagar ekstra. Og det er ikkje sjukdomane som smittar, smitteeffekten er sosial. Tenk om eg er årsak til massiv sjukemelding, tenkjer eg.

– Eller har eg det?

Eg tek meg sjølv i å lure på om det er lettare å be om sjukemelding dersom kollegaen gjer det. Kanskje er det òg ein samanheng i at Noreg har god folkehelse og samstundes verdas høgste sjukefråvær, som Faktisk.no slo fast i fjor. Eller er det rett og slett for lett å få sjukemelding?

Heldigvis forplantar ikkje sjukefråværet seg automatisk til kollegaene mine, og auka sjukefråvær vil ikkje seie meir skulk, melder forskaren i saka, Harald Dale-Olsen ved Institutt for samfunnsforsking. Men ein studie frå Frischsenteret for fire år sidan viser at fastlegen har mykje å seie for sjukefråværet. For det er fastlegen som skriv sjukemeldinga, ikkje pasienten. Er det då grunn til å spørje kva kriterium dokteren har for å skrive ut sjukemelding? Undersøkinga med dei 22.000 pasientane viser at dersom du får ein litt mindre streng fastlege, er sjansen større for at både du og kollegaene dine vert sjukemelde. Attåt er meir enn 80 prosent av det norske sjukefråværet basert på melding frå dokteren.

Forskaren meiner at ein kan nytte informasjonen i studien til å gjere fastlegane og styresmaktene klare over kva makt fastlegen har over sjukefråværet. For dersom du ikkje vert sjukemeld, er sjansen større for at kollegaene heller ikkje vert det.

Og frå sofaen i 2011, med bestemor mi som uroa sjukepleiar, håpar eg at arbeidsplassen min har gode tilkallingsvikarar.

Mone Celin Skrede er frilansjournalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Tenk om eg er årsak til massiv sjukemelding, tenkjer eg.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis