Sjukehusa prioriterer ikkje omskjering

Det offentlege tilbodet om rituell omskjering for gutar er komplisert, uføreseieleg og lite kjent, syner ei evaluering. Mange legar vil ikkje utføre inngrepet.

Dei fleste foreldre som vil at barnet deira skal verte omskore, ønskjer at inngrepet vert utført kort tid etter at dei er fødde. Dei fleste vel eit privat tilbod.
Dei fleste foreldre som vil at barnet deira skal verte omskore, ønskjer at inngrepet vert utført kort tid etter at dei er fødde. Dei fleste vel eit privat tilbod.

I 2015 innførte Stortinget Lov om rituell omskjæring av gutter, etter ein lang og kjensleladd debatt ispedd religiøse, kulturelle og medisinske argument. Lova skulle sikre at rituell omskjering av gutar vart utført på ein forsvarleg måte, og at eit offentleg tilbod var tilgjengeleg.

Førre veke kom evalueringa av korleis lova har fungert i perioden 2015–2019, utført av Velferdsinstituttet Nova ved OsloMet. Rapporten er utprega kritisk og har ein talande tittel: «En godt bevart statshemmelighet?» Evalueringa syner nemleg at det offentlege tilbodet er lite kjent og lite brukt. Framleis får foreldre informasjon om omskjering via ryktebørsen eller moskeen – ikkje via sjukehus, helsestasjonar eller fastlegar. Det store fleirtalet nyttar seg av private tilbod, der det ikkje kan garanterast at inngrepa enkelte stader vert utførte på ein uforsvarleg måte.

Den faktiske tilgangen til eit offentleg tilbod varierer sterkt ut frå kor i landet ein bur, og kva haldning ein har til alder på guten som skal omskjerast. Tilbodet råkar også skeivt ut frå religion, av den enkle grunn at det jødiske samfunnet sjølv har ein innarbeidd omskjeringspraksis, der ein tilreisande omskjeringsekspert, kalla ein mohel, utfører inngrepet i ein religiøs seremoni med lege og familie til stades.

Forskarane bak rapporten omtalar det som uheldig at foreldre ikkje vert informerte om tilbodet som finst i den offentlege helsetenesta, og meiner det hindrar dei i å ta kvalifiserte val.

Lang debatt

På verdsbasis reknar ein med at om lag 30 prosent av den mannlege befolkninga er omskoren. Særleg er det vanleg i USA, Midtausten og Afrika. I Noreg er det jødar, muslimar og enkelte kristne grupper med opphav i Afrika som praktiserer omskjering. I Noreg er praksisen omdiskutert. Det er også lova frå 2015 – ikkje minst blant helsepersonell.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement