Sjømat er ikkje det verste
Sjømat er ikkje den viktigaste kjelda til mikroplast i menneske, seier biolog og plastspesialist Martin Wagner.
– Vi veit at vi alle truleg blir eksponerte for mikroplast. Men vi veit ikkje kor mykje, frå kva kjelder plasten kjem, eller kva effekt han kan ha, seier Martin Wagner. Han er førsteamanuensis i biologi ved NTNU, og har mikroplast som spesialfelt.
– Til no har det stort sett blitt forska på mikroplast i sjømat. Men vi får stadig ny kunnskap om mikroplast i lufta, både i atmosfæren og innandørs. Truleg får vi i oss ein god del mikro- og nanoplast ved å inhalere det, men vi veit ikkje kor mykje, og vi veit ikkje kva effekten er. Derimot veit vi at andre typar små partiklar i lufta kan ha svært skadeleg effekt på menneske, først og fremst partiklar som er mindre enn 2,5 mikrometer. (Ein mikrometer er ein tusendels millimeter, red.merk.)
– Er det grunn til å tru at plastpartiklar i lufta verkar annleis enn partiklar av same storleik frå til dømes vegtrafikk?
– Det er vanskeleg å seie. Plastpartiklar har ein annan kjemisk samansetnad, men vi veit ikkje kva rolle det kan spele. Det finst ingen studiar som samanliknar mikroplast med andre typar luftureining. Det finst òg andre typar fiber i lufta rundt oss, til dømes frå bomull. Vi veit ikkje noko om effekten av dei heller, seier Wagner.
– Når det gjeld plast i maten, er best case-scenariet er at vi skil han ut raskt gjennom fordøyingssystemet. Spørsmålet er kor mykje plast som blir verande i kroppen. Nanoplast er svært små partiklar, og dei er vanskelege å finne. Det vi veit, er at mange helseskadelege kjemikaliar som finst i plast, også finst i kroppen vår, til dømes bisfenol A.
(Bisfenol A er ein såkalla hormonhermar, og blir brukt som tilsetjingsstoff i fleire typar plast, red.merk.)
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.