Sjølvskotet i LibyaNato-aksjonen i Libya har gjort det vanskelegare å stogge folkemord andre stader i verda, meiner folkerettsjurist
Nato-aksjonen i Libya har gjort det vanskelegare å stogge folkemord andre stader i verda, meiner folkerettsjurist Geir Ulfstein.
August 2011: Opprørssoldatar viser V-teiknet ved ruinane av eit kommunikasjonssenter bomba av Nato-fly i Brega i Libya.
Foto: Alexandre Meneghini / AP / NTB scanpix
Mange såg det som eit viktig framsteg i kampen for menneskerettane da Tryggingsrådet til FN vedtok Libya-resolusjonen sin 17. mars 2011. Resolusjon 1973 opna for bruk av makt for å verne sivilbefolkninga i Libya mot åtak frå styrkane til Gaddafi, og vart vedteken med ti røyster i rådet. Ingen røysta mot, medan fem land avstod frå å røyste, inkludert vetomaktene Russland og Kina. Dermed fekk Nato grønt lys for å starte bombinga av libyske styrkar, ein krig som førte til at regimet fall og Gaddafi vart myrda – og til dagens kaotiske tilstand i Libya. Bombekrigen vart sagd å vere eit forsvar for sivilbefolkninga, men kan ha sett arbeidet for menneskerettane attende og ført ein velmeint doktrine i alvorleg miskreditt.
R2P
Dette var ikkje første gongen Tryggingsrådet autoriserte bruk av makt for å stogge krigshandlingar eller overgrep mot sivile. Det særmerkte med resolusjon 1973 var at han eksplisitt viste til doktrinen kjend som «Responsibility to Protect», «ansvar for å verne», ofte vist til med forkortinga «R2P». Dette prinsippet vart samrøystes vedteke under toppmøtet på generalforsamlinga til FN i 2005. Doktrinen understreka at verdssamfunnet hadde eit ansvar for å hindre folkemord, krigsbrotsverk, etnisk reinsing og brotsverk mot menneskeætta. Dersom ein stat svikta i vernet sitt av borgarane, kunne verdssamfunnet gripe inn med makt for å hindre slike brotsverk.
R2P-vedtaket innebar inga endring av FN-charteret: Retten til å godkjenne militære aksjonar låg framleis hos Tryggingsrådet. Men dette vart likevel sett på som ein prinsipielt viktig doktrine. R2P understreka det ansvaret statar har for å verne borgarane sine, og la større vekt enn før på rettane til sivilbefolkninga og mindre vekt på nasjonal suverenitet. Mange håpa at doktrinen skulle bli starten på ei tid med eit meir aktivt FN og med sterkare vern av menneskerettane.
Men «ansvar for å verne»-prinsippet ser heller ut til å vere svekt enn styrkt i åra sidan 2011. Og det kan henge saman med både måten Nato-landa tolka mandatet sitt på i Libya, og dei sørgjelege resultata av denne krigen.
Regimeskifte
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.