JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Sjølvforsyning

Koronakrisa har ført til ein debatt om sjølvforsyninga i Noreg. Ulike tal florerer. Her er eit forsøk på å rydde opp.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Berre 3 prosent av landarealet i Noreg er dyrka mark, og ein tredel av det igjen er eigna for produksjon av matkorn. Det gjer Noreg sårbart.

Foto: Frank May / NTB scanpix

13701
20200605

Bakgrunn

Matberedskap i Noreg

Norsk matberedskap føreset eit aktivt landbruk i heile landet, at matjorda blir tatt vare på, og at det er mogleg å importere mat.

Noreg er ikkje sjølvforsynt med mat i dag.

Omlegging av landbruket og eksportfisk utgjer ein ubrukt reserve.

Beredskapslagera med matkorn blei avvikla i 2003. Det er ein politisk debatt om ein skal bygge opp nye. Regjeringa ønsker ikkje slike lager.

Noreg har lite naudproviant på stasjonære lager, berre lager med mat til ca. 30.000 personar i tre dagar.

Daglegvarekjedene skal innan 30 dagar kunne bygge opp naudlager med mat for 20 dagar for folk nord for Ofoten.

Jordbruk

christiane@dagogtid.no

Lite kan samanliknast med duft av brød i omnen. Dufta varslar ikkje berre at eit godt måltid nærmar seg, men at ein klarar seg sjølv, at nokon bryr seg, at ein er på ein trygg plass i verda og i livet.

For enkelte nordmenn har koronapandemien og tiltaka knytte til den, snudd opp ned på tilværet. For andre, meg sjølv inkludert, var eitt av signala på pandemien fråværet av duft av heimebakt brød.

Statsminister Erna Solberg og helse- og omsorgsminister Bent Høie kunne seie så mykje dei ville at vi ikkje trong hamstre matvarer. Folk kom likevel heim frå butikken med fem pakkar toalettpapir og like mange pakkar gjær. Dei av oss som manglar genet for hamstring, møtte ei tom butikkhylle. Vi måtte starte med surdeig eller ta ein pause frå heile bakinga.

Kvifor skriv eg om gjær og heimebakst? Fordi ei krise vekker trongen i mange av oss menneske til å sikre dei grunnleggande behova for oss sjølve og dei næraste. Som å kjøpe inn eit ekstra lager med gjær sjølv om styresmaktene seier det vil vere mat nok til alle. For spørsmålet tek fort til å gnage på tunga som tørt knekkebrød. Kva om dei tek feil?

Beredskap etter krise

Trongen til, eller ansvaret for, å trygge sine eigne gjeld ikkje berre på familienivå, men òg på nasjonalt nivå.

I mellomkrigstida bygde Noreg opp beredskapslager med korn. Etter matvarekrisa i 1972 satsa Noreg på å betre sjølvforsyninga av matkveite.

Så, etter lang tid med stabile prisar, auka internasjonal handel og betre tilgang på norsk matkorn, blei beredskapslagera av matkorn avvikla i 2003.

Koronakrisa har fått ei rekke land til å sette nye grenser for eksporten av matvarer av omsyn til eige folk. The Economist rekna opp 19 land med eksportrestriksjonar då nyhendemagasinet skreiv om matsituasjonen i verda den 9. mai. Mellom dei er verdas største eksportør av kveite, Russland, som har stoppa all eksport av kveite, mais, rug og bygg fram til juli for å sikre nasjonale forsyningar.

Her heime har pandemien gjort at dei fleste av oss har fått auga opp for kor avhengige vi er av utanlandsk arbeidskraft for å forsyne oss sjølve med jordbær.

At pandemien kom overraskande på dei fleste, stod fram som akutt og har fått svært alvorlege følger for norsk økonomi og arbeidsliv, har òg fått debatten om matberedskap til å blusse opp igjen. Kva blir den neste krisa? Er vi rusta for den? Vil vi ha mat nok?

Politisert debatt

Spørsmålet om kor sjølvforsynte vi er på ulike matvarer i Noreg, kan få enkle og talfesta svar, og dei ulike tala på sjølvforsyning blir også brukte mykje i debatten om norsk matvareberedskap.

Utfordringa ved talbruken er at dei som deltar i debatten, gjerne har ein politisk agenda, at talbruken er selektiv, at dei ikkje forklarar kva som ligg i korkje tala eller omgrepa dei nyttar. Matvareberedskapen i Noreg kan sjå både god og dårleg ut, ut frå kva tal ein bruker. At ein i daglegtale gjerne bruker omgrepa på ein annan måte enn i fagterminologien, gjer ikkje forvirringa mindre.

Ulik bruk av tal gjer at vi i norsk presse finn overskrifter som «Kan vi være mer enn 100 prosent selvforsynt?» (faktasjekk av Erna Solberg i 2017), «Krisemaksimering av selvforsyningsgraden er et sidespor» (landbruks- og matminister Olaug Bollestad i kronikk i Nationen 28. mars) og «Nei, Norge er ikke selvforsynt med melk, korn og kjøtt» (forfattar og debattant Svenn Arne Lie i debattinnlegg i Aftenposten 7. april).

Det kan vere på sin plass å rydde opp i omgrepa. Det vil ikkje gjere dei politiske motsetnadene mindre, men kanskje gjer det det lettare å faktasjekke sjølv det ein les og høyrer i debatten?

Både hos Helsedirektoratet og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) finn ein oversikt over norsk sjølvforsyning i tal og kva som ligg i dei ulike omgrepa. Enkelte meiner at styresmaktene burde bruke andre omgrep og tal, men det er ei anna historie.

Med og utan kraftfôr

Her er nokre tal: Sjølvforsyningsgraden i Noreg var 44 prosent i 2019 utan fisk. Med fisk var han 45. Korrigert for importert kraftfôr var han 36 prosent (tal frå NIBIO).

For å vite kva tal som er interessante, må ein vite kva som ligg i dei. Når vi skriv om krise, er det verdt å merke seg at sjølvforsyningsgraden med eller utan fisk, korrigert for importert kraftfôr eller ikkje, ikkje gir eit godt bilete av kor mykje mat vi rår over i ei eventuell krise.

Sjølvforsyningsgraden er rekna ut ved ein brøk, der all norsk matproduksjon minus eksportert mat blir delt på totalt matvareforbruk. Talet blir rekna i energi og er på engrosnivå.

Omgrepet sjølvforsyningsgrad er altså eit grovt rekna tal som seier noko om kva nordmenn forbruker av mat i eit bestemt år. Det seier mellom anna at over halvparten av maten vi et, er importert, og at over 60 prosent av maten er anten importert eller produsert med importert kraftfôr.

Ser ein på korleis sjølvforsyningsgraden, ut frå denne definisjonen, har utvikla seg over tid, kan ein vanskeleg seie anna enn at han har vore rimeleg stabil. Dei to siste åra er prega av tørkesommaren 2018, men sidan 1950-åra har sjølvforsyningsgraden vippa rett over og under 50 prosent. Ser ein på sjølvforsyningsgraden korrigert for importert fôr, har talet vippa frå rundt 30 i dårlege år og 40 i dei betre.

Omstridd

Bruken av tala for sjølvforsyningsgrad er omstridd. Ifølge den eine sida i debatten teiknar talet for sjølvforsyning på 45 prosent eit gale bilete av norsk matproduksjon, sidan det ikkje kjem fram at ein god del av innsatsfaktorane i produksjonen er importerte. Kan ein då kalle det sjølvforsyning?

På den andre sida seier tala lite om sjølvforsyningsevna i Noreg, noko som lett blir underspelt av enkelte aktørar i debatten. For sjølvforsyningsevna er heldigvis høgare enn sjølvforsyningsgraden. Sjølvforsyningsgraden fortel oss berre korleis maten vi forbruker, fordeler seg på norskproduserte og importerte varer eitt enkelt år.

Når fisken gir så lite utslag på sjølvforsyningsgraden vår, er det då også fordi det aller meste av fisken blir eksportert og ikkje er rekna med i talet.

Omsett til familienivå kan ein seie det slik: Har du ein hage full av eple som du ikkje gidd å stelle eller plukke sidan butikken fem minuttar unna bognar av eple frå Spania, har du stor evne til å forsyne deg sjølv med eple, men det vil ikkje slå ut på ein statistikk over sjølvforsyningsgraden din. Det vil derimot handleturane i butikken.

Når fisken tel

Skal ein bruke eit tal som får med den store fiskeproduksjonen i Noreg, finst det i fagomgrepet dekningsgrad, der mateksporten er rekna inn. Dei siste 20 åra har dekningsgraden (inkludert fisk) vore på mellom 78 og 90 prosent. I 2019 var dekningsgraden 86 prosent.

Dekningsgraden seier noko om kva vi kunne ha ete her i landet om vi ikkje eksporterte fisken. Talet er likevel ikkje eit fullgodt tal for matberedskapen.

Då Direktorat for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) la fram ein risiko- og sårbaranalyse av norsk matforsyning i 2017, la dei til grunn at Noreg vil måtte legge om både landbruket og kosthaldet i ein krisesituasjon. Kjøt og mjølk vil måtte vike for korn, grønsaker, rotfrukter, poteter og fisk.

DSB kallar ei slik omlegging for ein forsyningsreserve som kan og bør nyttast i krisetid. Direktoratet gav regjeringa eit råd om å talfeste kor stor Noregs evne til sjølvforsyning er, og kor lang tid ei omlegging av landbruket vil kunne ta. Ein gav òg råd om å ta med jordvernpraksis i vurderinga. Dag og Tid har spurt Landbruks- og matdepartementet om dei har kvantifisert potensialet for omlegging, men har berre fått ein generell beskjed om kva for dokument DSB-rapporten er omtala i, som svar.

Noreg på botnen

Når ei rekke land set grenser for eksporten i krisetider, seier det seg sjølv at debatten om sjølvforsyningsgrad og -evne går heitt for seg i heile verda.

Mektige røyster som Det internasjonale pengefondet (IMF) og Verdshandelsorganisasjon (WTO) har åtvara mot å avgrense eksporten fordi det vil forverre og forlenge krisa.

The Economist presenterte i mai ein analyse bestilt av FAO som viser at dei fleste landa i verda er meir avhengige av import enn for 20 år sidan. Nyhendemagasinet presenterer eksportkontroll som ein risiko og samanliknar situasjonen i dag med matvarekrisa i 2007–2008. Då innførte 33 land restriksjonar på mateksporten, og prisen på ris auka med 116 prosent. Medan krisa i 2007–2008 påverka 19 prosent av kaloriane på verdsmarknaden, har koronapandemien så langt påverka 5 prosent, ifølge magasinet.

Ser ein Noreg i internasjonalt perspektiv, ligg vi langt nede på ei oversikt over ulike lands self-sufficenciy ratio, som svarer til dekningsgrad på landbruksprodukt i Noreg. På ei liste frå 2010 er Noreg framheva blant landa med låg dekningsgrad, 50,1 prosent (utan fisk). På topp ligg eit land som Argentina, med ein dekningsgrad på 273 prosent.

Ikkje høg risiko

Er matberedskapen i Noreg god eller dårleg? Skal ein trekke fram dekningsgraden eller den høge matimporten?

Matforsyninga i Noreg er solid, skreiv landbruks- og matminister Olaug Bollestad i Nationen nyleg. DSB identifiserte ikkje hendingar med høg risiko for matforsyninga i risiko- og sårbaranalysen frå 2017. Der undersøkte dei korleis seks ulike krisescenario ville påverke norsk matberedskap (svikt i elektronisk kommunikasjon, svikt i straumforsyninga, dyre- og plantesjukdommar, atomhending, tilbodssvikt på korn, internasjonal militær konflikt).

Samstundes blir det slått fast at mattryggleiken i Noreg kviler på tre bein:

*At ein produserer mat kontinuerleg.

*At produksjonsgrunnlaget blir tatt vare på.

*At handelssystemet fungerer godt.

Punktet om velfungerande handelssystem er omstritt politisk og i landbrukskrinsar. Kan ein føresette at den globale marknaden fungerer godt nok i ei krise til at Noreg får kjøpt den maten folk treng? Og er det ein god strategi for eit rikt land når fattigare land vil kunne ha behov for den same maten?

Som Dag og Tid skreiv førre veke, tar Norsk Landbrukssamvirke til orde for ein kriseplan for mat og landbruk i Noreg, der ein ikkje føreset at internasjonal handel fungerer.

– Vi i Norsk Landbrukssamvirke har bedt om ein grundig risikoanalyse av norsk matforsyning. Det har vore gjennomført nokre utgreiingar, men dei har ikkje vore grundige nok. Ein stor veikskap ved dei er at dei har tatt for gitt at internasjonale forsyningslinjer fungerer. Det er jo ein føresetnad som er naiv og litt vanskeleg å forstå. EU har funne ut at dei treng ein grundig analyse. Dei planlegg også å overvake forsyningstryggleiken kontinuerleg, sa Arne Ivar Sletnes, fagsjef i Norsk Landbrukssamvirke.

DSB skriv at høvet til å kunne importere matvarer er ein så sentral føresetnad for norsk mattryggleik at Landbruksdirektoratet bør ha ansvar for å overvake marknaden for å oppdage risiko for internasjonal tilbodssvikt. Nationen har spurt Landbruks- og matdepartementet om dette tiltaket er sett i gang, men har heller ikkje fått noko klart svar på dette.

Naudproviant i nord

Matberedskapen i Noreg er endra i takt med ei større tru på at system for lagring og levering av mat skal fungere også i ei krise. Dei tre store daglegvaregrossistane i Noreg, eigde av Norgesgruppen, Coop og Rema 1000, har lagerkapasitet, teknologi og bilar. Via Rådet for matvareberedskap er dei del av kriseorganisasjonen i Nærings- og fiskeridepartementet og har plikt til å bygge opp naudlager med mat ved behov. Innan 30 dagar skal dei kunne bygge opp matlager for folk nord for Ofoten, med mat for 20 dagar. Regjeringa har åtte mobile lagerhallar til formålet.

Stasjonære naudlager er magre i Noreg. Dei har berre mat til 30.000 personar i tre dagar.

Skrint land

Noreg er eit land langt nord, med eit landareal der 3 prosent er dyrka. Ein tredel av det igjen er eigna til å produsere matkorn. Føresetnadene naturen set, gjer oss sårbare. I tillegg har mange kommunar latt seg freiste til å bygge bustader og næringsverksemder på god matjord nær byane. Det totale jordbruksarealet i Noreg har vore stabilt og auka dei siste 25 åra, men den beste jorda er blitt redusert.

Tidlegare kriser har ført til auka beredskap. Vil koronapandemien føre til nye tiltak? Det vil tida vise. Denne veka varsla partiet Raudt i Nationen at dei vil krevje ein norsk sjølvforsyningsgrad på 50 prosent, korrigert for importert fôr. Partiet vil fjerne momsen på norsk frukt og grønt resten av året, få på plass beredskapslager med korn og ha tiltak for å auke bruken av beitemark. Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum har tidlegare garantert at ein kornberedskap vil kome på plass med ei raudgrøn regjering. Debatten går.

Og medan vi puggar omgrep som sjølvforsyningsgrad med og utan fisk, med og utan fôr, dekningsgrad og self-sufficiency ratio, kan vi glede oss over at gjæren i denne omgang berre var ute av butikkhyllene i nokre veker, og forsyne oss sjølve med heimebakt brød, midt i krisa.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sjølvforsyningsgraden fortel oss berre korleis maten vi forbruker, fordeler seg på norskproduserte og importerte varer eitt enkelt år.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis