Sjokk

Publisert

For nokre år sidan var eg så heldig å få køyre sjukebil i Danmark. Eg hadde nett vore på restaurant og ete ein salat. Ikkje visste eg at det var nøtter i han. Det gjorde visst ikkje kelneren heller. At hovudet mitt vart stort og raudt som ei julekule – midt i juli – brydde dei seg ikkje mykje om. Ikkje veit eg, kanskje er anafylaktiske sjokk dagleg kost på danske restaurantar.

Første gong eg fekk ein alvorleg allergisk reaksjon mot nøtter, var eg fire. Den gongen åt eg eit par kjeks, noko eg sjølvsagt ikkje fekk lov til, og gøymde meg under trappa då det klødde rart i halsen. At det kunne ha kosta meg livet, var ikkje så viktig – eg var redd for ris på rumpa. Heldigvis fann foreldra mine meg før det gjekk skeis, og tok med den vetle julekula til Heilag-Olavs hospital.

Men nøtteallergi er ikkje berre ein negativ ting å ha på CV-en. Faktisk var det den som gjorde at eg slapp unna militærteneste. Kva veit eg, kanskje vil ikkje Forsvaret ha ein som fienden berre treng å hive ein pose peanøtter etter i førstelina. Og så set allergien ting i perspektiv. Ein verdsomspennande pandemi er ikkje like skummel når sjølv ei lita nøtt kan ta livet av deg.

Aldri skal ein passe seg så mykje som i jula. Å ete risgraut er nøtteallergikarens svar på russisk rulett. Kvar julekveld krossar eg meg og håpar det beste. Familien har prøvd å eksperimentere med legokloss i staden for mandel, men diverre er ikkje kvelingsfaren særleg mindre med ein fleire centimeter lang plastbit i grauten. Då får det heller halde at éin rundt bordet kan få alvorlege medisinske problem.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement