Sjefbyråkraten

Kapitalismen er ikkje lett å reversera, Kåre Willoch ber ikkje hovud­ansvaret for den store bankkrisa, og ein byråkrat bør vera frimodig. Svein Gjedrem summerer opp.

Publisert Sist oppdatert

Svein Gjedrem, Noregs mest kjende byråkrat, har gått av som finansråd i Finansdepartementet. Det har han vore i to bolkar. Fyrst fram til 1999 då han gjekk for å verta nasjonalbanksjef, så frå 2011 til byrjinga av 2015. Då Gjedrem var sjef for Noregs Bank, var Tore Eriksen finansråd. Eriksen har gjort eit djupdykk i arkivet og funne dei fyrste spora av Gjedrem i eit offentleg dokument. I komitéen for planleggjing av Noregs Banks nybygg i 1976 tok representanten for dei tilsette, konsulent Gjedrem, dissens i framlegget om at det skulle byggjast symjebasseng for dei tilsette og familiane deira i kjellaren. «De ansatte og deres familiers behov for svømming og bading må kunne dekkes av kommunale tilbud.»

–?Og der har du vore sidan?

–?Nei ... men eg tykte det var heilt urimeleg at det skulle vera symjebasseng på arbeid.

–?Kom det symjebasseng?

–?Nei, men gudane skal vita at det kom mykje rart i staden. Men no har det vorte standard i staten å byggja slikt, og det utan at vi eingong skjemmest av det.

–?Kva var mest vanskeleg, å spela seg inn på Viking eller å verta sentralbanksjef?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement