Sjå, han dansarFenomenet «Skal vi danse» har nådd litteraturen. Eg må seia det tvert: Det er ikkje eit pent syn. Be kven som helst om å danse, røyrleggjarar, imamar, antikvariatsinnehavarar, men ikkje forfattarar. På Dansens Hus dansa industriforfattar Kja
Fenomenet «Skal vi danse» har nådd litteraturen. Eg må seia det tvert: Det er ikkje eit pent syn. Be kven som helst om å danse, røyrleggjarar, imamar, antikvariatsinnehavarar, men ikkje forfattarar. På Dansens Hus dansa industriforfattar Kjartan Fløgstad romanen Magdalenafjorden i mars. Vi seier ikkje meir.
I mitt indre klarar eg ikkje la vera førestille meg korleis andre forfattarar dansar, til dømes Nina Lykkes Nei og atter nei. Ein trampande protestdans, kanskje med fløyte og plakat? Så har vi Før jeg brenner ned av Gaute Heivoll. Ein mørk og trist scenedans. Karl Ove Knausgård med seksbindserien Min kamp kjem i same gate. Eg tenkte på Rockeulven i «Med Grimm og Gru», men det må bli ein dans av meir sjeleleg karakter, ein alvorleg mimedans på ei naken scene. Sjølvsagt må dansen vara lenge, minst åtte timar. Tomas Espedal høyrer til same røyndomsdansekategorien, men med litt meir tempo, ein kampdans som capoeira, i ei forenkla utgåve.
Kva med Hålke av Helene Uri? Eg såg heller at ho dansa eit utval av pirrande ord i NAOB, kanskje med latinamerikanske rytmar. Utanlandske takter blir det òg i serien til Edvard Hoem, der Slåttekar i himmelen høyrer heime. Det måtte sjølvsagt bli line dance, i kombinasjon med god norsk folkedans. Han er trass alt nynorskdiktar. Kva med Audun Mortensen? Det krev eit dramatisk taktskifte, samplaren i litteraturen – han skil seg ut med electro dance.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.