Lita skrift

Siste stikk

Publisert

No har eg vore på vaksinesenteret og fått den tredje dosen, som den pliktoppfyllande samfunnsborgaren eg er. Språkmedvitne helsearbeidarar prøvde å innføre nemninga oppfriskingsdose, men alle kallar det booster.

Det er under eit år sidan vi blei innkalla til fyrste stikk, og vi hugsar vel alle den euforiske stemninga som rådde den gong, alle bileta på sosiale medium av stolte nyvaksinerte med bomullsdotten som eit adelsmerke på skuldra. Somme møtte til og med opp i bunad for å få det saliggjerande stikket. Vaksinen var redninga vi hadde gått og lengta etter, og flokkimmuniteten venta rett rundt hjørnet.

Det er ei heilt anna stemning på vaksinesenteret no. Vi blir slusa effektivt gjennom lokalet frå stasjon til stasjon: registrering, val av vaksine (til og med sånne privilegium kan vi unne oss no), legitimasjon, sjølve stikket med påfølgjande bomullsdott og til slutt tjue minutts ventetid i tilfelle vi reagerer på vaksinen.

Særleg påfallande er forskjellen i den obligatoriske ventetida etter stikket. Vi sit på enkle stolar med forskriftsmessig koronaavstand i ein stor sal. Somme nyttar som vanleg høvet til å kjæle med mobiltelefonen, men påfallande mange sit berre og ser tomt ut i lufta. Ei matt, nedtrykt stemning ligg over lokalet.

Eg har alltid hatt eit halvt beundrande, halvt misunneleg forhold til katolikkar. Dei kan berre gå til skriftemål, gjere bot med nokre avemariaer, så er dei berga. Mange av oss hadde sett for seg at mRNA-vaksinen skulle vere ein tilsvarande kvikkfiks.

Men det var visst ikkje så enkelt likevel. Vi er lutheranarar. Med sveitte i andletet skal vi be og arbeide og håpe vi kjem oss gjennom pandemien.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement