Sirkus«Koffor heite det amfi? Det e’kje god akustikk der / og det he ingenting med det gamle Hellas a° gjer», syng Side brok om Amfi i Ørsta.
«Koffor heite det amfi? Det e’kje god akustikk der / og det he ingenting med det gamle Hellas a° gjer», syng Side brok om Amfi i Ørsta.
Ja, kva er eigenleg eit amfi – anna enn eit selskap i Olav Thon-gruppen med driftsansvar for nærare åtti kjøpesenter i landet? Amfi er ein gresk preposisjon med tydinga kringom, og samtidig ei forkorting for «amfiteater». Eit amfiteater er ein elliptisk plass kringbygd pa° alle kantar med sitjeplassar. Fyrst var det bruka som teater, så vart byggverket uvida sa° det kunne vera plass til gladiatorkampar. Det mest kjende amfiet fra° antikken, Colosseum, hadde plass til 50.000 menneske. Bygningsforma lever vidare i moderne idrettsanlegg, som Jordal Amfi. Kjøpesenterkjeda Amfi har altsa° fint lite med «amfi» a° gjera.
Dermed er vi inne pa° eit anna kjøpesenternamn: Sirkus Shopping i Trondheim. I det gamle Roma var «sirkus» opphavleg ein avlang stadion med bane for kappkøyring, men det kom seinare til a° omfatte store anlegg, der opptog og kampleikar bar til. Det mest kjende sirkuset er Circus Maximus, med plass til 200.000 menneske.
Er vi fyrst inne i verda til gigantane, bør kjøpesenteret i Skien nemnast, Herkules Senter. Herkules, son til Zevs og dronning Alkmene, var ein gjæv halvgud. Alt da° Herkules la°g i vogga, gjorde han store da°dar. Kona til Zevs, Hera, mislika sidespranga til husbonden og sende to ormar som skulle drepa bastarden, men Herkules tok e´in i kvar hand og kverka dei. Ei kjempe verdig a° fa° ein kjøpehall kalla opp etter seg!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.