Sirkus nye framsyning Bokbransjen treng kringvern for å halda den skjøre balansen mellom børs og katedral.

Bokbransjen treng kringvern for å halda den skjøre balansen mellom børs og katedral.

Petter Stordalen er ikkje smålåten når han kjem til eigne festar. Då han innvigde hotellet Clarion Post i Göteborg, kom han i ei discokule.
Petter Stordalen er ikkje smålåten når han kjem til eigne festar. Då han innvigde hotellet Clarion Post i Göteborg, kom han i ei discokule.
Publisert

Den uautoriserte biografien om Petter Anker Stordalen heiter Sirkus Stordalen, kom i 2014 og er skriven av Gunnar Stavrum. Det er forteljinga om jordbærseljaren frå Porsgrunn torg som gjekk varehandelshøgskulen og snudde opp ned på kjøpesenterbransjen før han med stor risikovilje og Fingerspitzengefühl slo seg opp som superkjendis og nordisk hotellkonge.

Det var ein berg- og dalbane med svimlende vendingar og dristig finansakrobatikk i uortodoks stil. Stordalen viste musklar og tok mange nakkegrep – med nedarva kraft frå kjøpmannsfaren som var norsk meister i bryting i ein låg vektklasse.

HOVUDPERSONEN var ikkje særleg nøgd, for forteljinga var uærbødig og kritisk. Ein kan førestella seg at han på narsissistisk vis ville ha kontroll på narrativen om seg sjølv. Og at han irriterte seg over at andre skulle tena pengar på merkevaren Petter Stordalen.

Kanskje derfor gav han året etter ut sjølvbiografi i eigen regi: Jeg skal fortelle deg min hemmelighet. Boka kom på det vidgjetne kulturforlaget Aller, og konsernredaktør Ellen Arnstad sa til Kapital at ho og Stordalen hadde skapt ein ny sjanger: «selvhjelpsbiografi».

VG-meldaren Sten Inge Jørgensen gav boka terningkast tre. Han meinte at overangane mellom eplekjekt skryt av eigne bragder og scener frå konas sjukdom var i overkant raske. Det hjelpte ikkje at boka var krydra med visdomsord av store tenkarar som Petter Stordalen, Muhammed Ali og Steve Jobs: «We have always been shameless about stealing good great ideas.»

Stordalen-boka skal ha blitt trykt i over 100.000. Stordalen sjølv trudde grunnen var at han fekk mykje merksemd, at boka sigla på ei bølgje av gründerinteresse og inspirerte mange som slit i livet: «Utover det vet jeg fryktelig lite om bøker, bortsett fra at jeg liker å lese».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement