Lita skrift

Sinken

Publisert Sist oppdatert

Då gutungen slutta med bleier, fekk eg ta over sinksalven hans. Fyren skal jo i militæret til våren og saknar han vel ikkje.

Men eg – som no syklar overalt og heile tida – har hatt god nytte av denne mirakelmedisinen. Ikkje minst på ferie, når det er varmt, eg er sveitt og sykkelen er leigd og møter meg på halvvegen med eit sete av uvande former.

Ja, eg reiser no for tida med eigen hjelm og pakkar bagasjen i sykkelvesker, men å ta med privat sykkelsete har eg ikkje vurdert (med så ymse dimensjonar som no finst på setepinnane).

Kona, derimot, ho dreg på eit laust silikonsete på slike reiser, og attåt har ho bukser med digre silikonrumpeballar, men eg for min del har no greidd meg godt med den hendige sinksalven. Til no.

Pandemien har, som de skjønar, gjort ende på den vesle flyskamma me på førehand hadde akkumulert. Me sykla i Italia i påsken, i fantastiske fjell og dalar. No sist sykla me i Spania. Der trødde me ikkje innover på dei knusktørre andalusiske slettene, nei, men langs fantastiske, milelange atlanterhavsstrender. Og når det er europeisk indian summer ein slik stad, i november, då må ein jo berre bada!

Og det er der, på stranda etter badet, at ei ny utfordring melder seg. Korleis får ein på seg trusa utan å fylla henne med sand frå den foten du ikkje står på, når minst ei hand er oppteken med å halda handkledet (av vyrdnad for lokale katolikkar)?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement