JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Sinkar i symjing

I skulen er symjeopplæringa mangelfull. I symje­klubbane går dei for perfeksjon. Er det rart norske tiåringar ikkje kan symje?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ei skikkeleg symjeopplæring for alle barn kan berge mange liv. Dessverre kjem kvaliteten på symjeopplæringa for norske skulebarn an på om du er heldig eller uheldig med tilgangen på symjehall der du bur.

Foto: Frank May / NTB

7629
20220506
7629
20220506

Eg ser det levande for meg. Ein gjeng sju–åtteåringar i badetøy, kommandert opp på bassengkanten, der dei tørrtrenar på arm- og beintak. Der ligg eg, saman med klassekameratane mine, før vi vert kommanderte ned i vatnet.

Vi skulle lære å symje. Først brystsymjing, så ryggsymjing. I horisonten såg vi ein symjeknapp i bronse, som vi fekk når vi meistra 25 meter symjing i eitt strekk. Opplæringa var effektiv og målretta. Eg kan ikkje hugse at nokon ikkje lærte å symje.

Eg skal ikkje halde fram symjeopplæringa i Tune kommune i 1980-åra som modell for symjeopplæringa for barn i 2022, men noko kan det vere å hente. For situasjonen kan ikkje halde fram som i dag. Dei fleste norske tiåringar kan faktisk ikkje symje 200 meter samanhengande, slik at dei kan røre seg trygt i og ved vatn.

På jumboplass

Då Norges Svømmeforbund og Redningsselskapet undersøkte symjeevnene til norske femteklassingar i april og mai i fjor, svarte berre 41 prosent av femteklassingane at dei kunne symje 200 meter eller lenger samanhengande utan hjelpemiddel – ned frå 49 prosent i 2009 og 53 prosent i 2013. Eit dårleg resultat hadde vorte enda verre etter koronarestriksjonar og stengde basseng.

Ei samanlikning sett saman av Norges Svømmeforbund i 2013 viste at norske barn var dei dårlegaste symjarane i Norden. Medan omkring halvparten av dei norske femteklassingane klarte å symje minst 200 meter samanhengande, klarte over 90 prosent av barna i Sverige og Island å symje denne distansen. I Danmark og Finland var talet over 70 prosent.

Finst det ein einaste grunn til at første- og andreklassingar ikkje rett og slett skal lære seg å symje?

Som mor til to barn i barneskulealder i Oslo kommune er eg ikkje overraska. Andreklassingen i huset får for første gong tilbod om symjeopplæring i skulen denne våren, men det er ikkje snakk om mengdetrening. Klassen får berre tildelt totalt tre skuletimar i symjehallen. Femteklassingen skulle hatt nokre tilmålte skuletimar i symjehallen i fjerde klasse, men dei forsvann som følgje av koronarestriksjonar. Men undersøkingane tilseier at symjeundervisninga er for svak også når det ikkje er pandemi.

Symjeopplæringa i skulen ser ut til å vere prega av flaks og uflaks. Du kan gå på ein skule med eige basseng og ha regelbunden symjing i gymmen, eller du kan verte avskoren med eit minimum. Kompetansemåla er dei same, men tilgangen på symjehall er det ikkje.

Klasseskilje

Så kva kan vi gjere for å lære barna å symje? Det opplagde svaret er at foreldra må lære dei det. Og det gjer jo foreldre, så godt dei kan. Men ein del foreldre kan faktisk ikkje symje sjølv. Andre får det ikkje til av andre grunnar. Så då kan dei vel sende barna på symjekurs? Ja, det kan dei, eller, det vil seie, det kan dei om dei har pengar til overs. Kursa kostar tusenvis av kroner i året, og det seier seg sjølv at ikkje alle har råd eller høve til å prioritere dette.

Og når vi snakkar om symjekurs: Heller ikkje kursa lærer barna å symje på ein, to, tre. Opplæringa har absolutt ingen likskap med skuleopplæringa eg sjølv fekk i starten av 80-åra, der alt handla om å lære seg symje så fort som mogleg. Vi sumde brystsymjing og likna meir på ender enn selar, men vart trygge i vatnet.

Rigid system

Slik er det ikkje i symjeklubbane. Dei følgjer sitt eige rigide system, også for småbarn, der kvart skritt innan krålsymjing skal lærast og perfeksjonerast før barna kan komme vidare. Systemet fungerer godt for enkelte, som er uredde og raskt rører seg oppover i nivåa. Andre stoppar opp på eit nivå og kjem aldri så langt at dei lærer pusteteknikk og armtak.

Ein snakkis blant foreldre er kravet om at barna må kunne flyte fleire sekund på ryggen. Ein del barn klarer det aldri, og gjev opp. På dette nivået kan dei ha gått på kurs i fleire månader utan å vere i nærleiken av å vere trygge symjarar.

Klassisk brystsymjing er ikkje prioritert på desse kursa. Brystsymjing er ein stilart som vert sidestilt med andre symjeteknikkar, som kjem på programmet først når barna meistrar krål fullt ut. Vi snakkar nivå 6, for vidarekomne, då barna også skal lære seg teknikken butterfly.

Det ikkje noko gale med krål i seg sjølv. Det er ein grasiøs og effektiv symjeteknikk som det er gøy å meistre. Vil ein følgje kursa heilt til verdstoppen, er kråltreninga optimal. Men målet for dei fleste foreldra var kanskje å lære barnet å symje så fort som mogleg?

Enklast teknikk

Slik eg ser det, er det fornuftig å lære barn brystsymjing tidleg. Og den fornufta har eg funne att i ei bok om symjeopplæring frå 1976, De små svømmer av den danske sportsjournalisten John Idorn. Det han skriv, representerer kanskje det rådande synet på symjing på den tida.

Brystsymjing er ikkje berre den enklaste symjeteknikken å lære, skriv han; brystsymjing har også fortrinn om ein vert utsett for ei ulukke. Om ein sit i ein båt som kantrar, vert dytta uti vatnet med kleda på eller mistar balansen når ein står på bryggja med fiskestanga. Eg lyt sitere: «Hvis noe av dette skulle skje, har det ingen betydning om man kan svømme raskare enn andre i crawl. Det eneste som betyr noe, er om man kan svømme i det hele tatt.»

Og brystymjing har eit openbert fortrinn: Ein sym med hovudet over vatnet. Det gjer at ein kan sjå personar og ting framføre seg og dermed orientere seg i ein kritisk situasjon.

Ikkje minst kan ein puste heile tida, og på den måten halde ut lenger enn ved krål, sjølv om ein kjem seg saktare framover. For, som det også står i boka: Om poenget berre var å symje så raskt som mogleg, hadde ein ikkje trunge å lære brystymjing i det heile teke.

Nullvisjon

Det er på tide å stoppe opp og finne ut korleis fleire norske tiåringar kan verte symjedyktige.

Eg foreslår at vi startar med ein ny visjon, nye mål, tiltak og løyvingar. Vi kan starte med å stadfeste ein nullvisjon for drukningsulukker, slik det er gjort for trafikkulukker, og slik også Redningsselskapet har spelt inn.

Med nullvisjonen i bakhovudet kan vi flytte det første kompetansemålet for symjing i skulen, som i dag gjeld andreklassingar, til barnehagen.

Ifølgje kompetansemålet skal andreklassingane kunne «leike og utføre grunnleggjande øvingar med tilvenning til vatn, som å dykke, flyte, gli, skape framdrift, hoppe uti og orientere seg i vatn» og «øve på trygg ferdsel ved vatn og på å kunne tilkalle hjelp».

Dette er det ein kan kalle å venje seg til vatn, men finst det ein einaste grunn til at første- og andreklassingar ikkje rett og slett skal lære seg å symje?

Med reell symjeopplæring i første klasse vil truleg fleire elevar nå kompetansemålet i fjerde klasse, som seier at barna skal «vere svømmedyktig ved å falle uti på djupt vatn, svømme 100 meter på magen, og undervegs dykke ned og hente ein gjenstand med hendene, stoppe og kvile i 3 minutt (imens flyte på magen, orientere seg, rulle over, flyte på rygg); så svømme 100 meter på rygg og ta seg opp på land», og i tillegg «ferdast trygt i, ved og på vatn og gjere greie for farane, og tilkalle hjelp».

Når nye mål er sette, må treninga tilpassast dei nye måla og politikarane ruste opp dei bassenga som trengst for å gjennomføre denne treninga.

Til slutt må skulane få tilbake det fokuset dei hadde då eg fekk symjeopplæring tidleg på 80-talet. Dei skal ikkje blindt kopiere metodikken i Norges Svømmeforbund, men ha blikket festa på éi einaste oppgåve: å lære barna å symje.

Christiane Jordheim Larsen er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis