Sigerherren i fotball-VM

Den første og største sigerherren i VM i fotball heiter Vitalij Leontjevitsj Mutko, er russisk visestatsminister og fyller 60 år i desember.

Vitalij Leontjevitsj Mutko har på imponerande vis vridd nederlag til triumf gjennom ein lang karriere som idrettsbyråkat, skriv Per Egil Hegge.
Vitalij Leontjevitsj Mutko har på imponerande vis vridd nederlag til triumf gjennom ein lang karriere som idrettsbyråkat, skriv Per Egil Hegge.
Publisert

Det kan verka forhasta å kåra meisteren før avsparket har gått for den første kampen, men Mutko har for vane å vinna mot høge odds.

På imponerande vis har han gong på gong vridd nederlag til triumf gjennom ein lang karriere som idrettsbyråkrat. Mellom dei han har utmanøvrert, er den legendariske ishockeystjerna Vjatsjeslav Fetisov, ein jamaldring som vart idrettsminister i 2002, og som i mange år var ein av dei idrettsmennene Vladimir Putin sette aller høgst. Mutko tok plassen hans i 2008, akkurat i tide til at han (Mutko) fekk ansvaret for at det gjekk så urimeleg dårleg for Russland i Vancouver-OL i 2010. Også dette tilbakeslaget overlevde han. Og da både den internasjonale OL-komiteen og Richard McLaren gav Mutko skulda for det russiske jukseopplegget med systematisk utbytting av urin- og blodprøver i Sotsji i 2014, var det viseministeren som måtte gå, medan Mutko berga skinnet enda ein gong og fekk æra for at Russland vart beste nasjon. Det var noko anna enn den usle og vanærande 11.-plassen i Vancouver.

Stort budsjett

Men det var ikkje heilt greitt å halda fram som idrettsminister etter alt bråket omkring Sotsji-medaljane, jamvel om russarane nekta blankt for at dei hadde juksa med prøver og kontroll. Da han i staden vart utnemnd til visestatsminister med ansvar for byggjeprosjekt, var folkehumoren i Russland kvikk som vanleg: «Kva får du når du blandar meldonium i betongen?» (Meldonium er eit forbode stimulerande stoff som har ført til at fleire russiske idrettsmenn og -kvinner har fått karantene.) Makt får du òg, Mutkos byggje- og anleggsbudsjett for det som har med idrett i Russland å gjera, er på tusen milliardar rublar i året.

Alle budsjett har sprokke som morkne ballongar sidan den tid, ikkje minst fordi rubelkursen har stupt, og det kvikt etter at Krim vart «flytta» frå Ukraina til Russland i 2014. Tusen milliardar rublar er da heller ikkje stort meir enn 200 milliardar kroner, og landet er stort, så pytt pytt. Situasjonen er ikkje ulik opplegget i Noreg når det skal byggjast transportable smørebuer: Det kan vanskeleg verta dyrt eller stort nok.

Eit namn i fotballverda

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement