JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Vinterhogg mot eit skadeskote Ap

Eit makkverk av vanskapte fylkeskommunar kan bli erstatta med meir statsforvaltning.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kjetil Jansrud frå Vinstra i Viken køyrer i helga sitt siste utforrenn i Kvitfjell. Her er han i Wintherhogget, som har fått namn etter tidlegare ordførar Erik S. Winther i Ringebu i gamle Oppland.

Foto: Gabriele Facciotti / AP / NTB

5441
20220304
5441
20220304

hompland@online.no

I Arbeidarpartiet har dei vore gode på sjølvskading – i personal-, energi- og sentraliseringspolitikk. Men denne vinteren har partiet sett personleg rekord: Tajik, ulven, straummarknaden, fylkesinndelinga.

DÅ SENTERPARTIET sopa med seg misnøye i distrikta, kasta Arbeidarpartiet seg på vogna. Paradoksalt nok for eit parti som har hatt som kjennemerke å slå saman smått og stort til større, lova Støre reversering av Solberg-regjeringas «meir robuste» fylke. Dei gav seg ut på tynn is ved Hurdalssjøen.

Då makkverket skulle gjerast om, synte det seg at alternativet er utan berekraft. Fylkeskommunane fekk ikkje fleire oppgåver av å bli større, og dei kjem neppe til å få fleire av å bli mindre. Heile veven kan rakna når tunge kommunar krev rett til å velja kva for fylke dei vil høyra til.

PRISLAPPEN ER BLITT eit tungt argument mot oppløysing. Vertinna innser at det vil kosta, men meiner at når det er brukt hundrevis av millionar på feil politikk, vil det vera ein endå større feil å la vera å bruka pengar på å retta opp att feila frå i går.

Og kor dyrt er det å dela opp att fylka når ein samanliknar: ein tidel av den skrota «Helge Ingstad», ein firedel av ekstra IT-utgifter i Forsvaret, det same som prisauken på kvart av dei 54 F-35-flya, halvparten av overgangssummen for Erling Braut Haaland. Men rett nok mange gonger så dyrt som å frakta Taliban til Soria Moria.

HØGRE HAR VUNNE desse turbulente ekstrarundane. Deira alternativ er ikkje blitt mindre sannsynleg: nedlegging av fylkeskommunen og berre stat og større kommunar som folkestyrte og administrative nivå, mens fylka lever vidare som valdistrikt og ansvarsområde for statsforvaltarane.

Byråsjefen sluttar seg til, for han reknar med at det i praksis vil bety meir makt til omdøypte fylkesmenn og statlege etatar – ikkje demokratisering, men direktoratifisering.

SOM VANLEG GÅR den bitraste striden tvers gjennom Arbeidarpartiet. Alt som kunne gå gale, gjekk gale. Både i Innlandet og i Viken vikla partikadrane seg inn i forvirrande flokar med hårfine marginar.

Arbeidarpartiet dumma seg mest ut i Innlandet. Der blei det strid mellom sentrum og periferi. Byområda ville halda på storfylket, men utkantane ville dela. Parti- og administrasjons­eliten var mot å dela, fleirtalet i folkerøystinga for.

Arbeidarpartiet fryktar med god grunn når det er vanlege folks tur. Sjølv om dei sette alle krefter til for ja, blei det nei både i 1972 og i 1994. Gros moderlege formaningar hjelpte like lite som Brattelis kabinettsspørsmål til folket i 1972, stilt på Gjøvik i Oppland valkrins.

HAN SOM TENDE elden i Innlandet då han braut med partipålegget, gjekk inn for folkerøysting og blei truga med eksklusjon, har vore ute ei vinternatt før. Erik S. Winther (79) var fjelloppsynsmann, men har vore ein vandrepokal i alle slags utval, komitear, råd og styre, både kommunale, interkommunale, fylkeskommunale, frittståande, private og statlege.

Han skal i ungdommen ha stått lenger til venstre, men har vore med i Arbeidarpartiet i 45 år: ordførar i Ringebu 1985–1995, vara til Stortinget og medlem av fylkestinget. Han var ein del av partinomenklaturen og nærmast ein liten oligark i Oppland. Som styreleiar og administrerande direktør bygde han opp den mektige marknadsaktøren Gudbrandsdal Energi AS etter det energipolitiske frisleppet på 90-talet.

DÅ LILLYHAMMER fekk tildelt OL, skulle utforløypa gå i dei bratte fjellsidene på baksida av Fåvang. Med kommunestyret i ryggen sette den entusiastiske ordførar Winther i gang med hogging og anleggsarbeid på den olympiske arenaen.

Men rett etter jul i 1990 kom det telefaks frå Kulturdepartementet med ordre om at utbygginga måtte stoppast til Stortinget hadde godkjent kostnadene. Då blei dei forbanna i Ringebu og tok saka i eigne hender. Med maskinar og arbeidarar på plass ville det vera vanvit å stoppa. Dei trassa pålegget, og avskoginga heldt fram. «Sett i gang og hogg. Jeg tar ansvaret når departementet ikke vil gjøre det», sa ordføraren.

Byråsjefen tar sterkt avstand frå framferd på tvers av Forvaltninga, men kan ikkje nekta for at han blir imponert av slik handlekraft.

ERIK S. WINTHER er for æva heidra med å få den mest utfordrande delen av utforløypa i Kvitfjell oppkalla etter seg: Wintherhogget, 860 meter over havet, med ei helling på 64 prosent. Der går også starten på super-G for menn.

***

RETTINGAR. I denne spalta 17. desember 2021 blei «komikarpresident» brukt om Volodymyr Oleksandrovytsj Zelenskyj (Vladimir Aleksandrovitsj Zelenskij). Det er sakleg korrekt, men kontekstuelt misvisande. Sjtsje ne vmerla Ukrajiny i slava, i volja.

FOLKETS TENARAR kan ha ulik bakgrunn: Komikarar kan bli gode presidentar, og presidentar kan bli tragisk dårlege og farlege skodespelarar. Donald Trump, kanskje USAs komande president, ser Putin som ein smarting, men legg til: «Alt dette kjem av at presidentvalet var rigga.»

Den amerikanske humoristen og forfattaren Samuel Langhorne Clemens (1835–1910), som under psevdonymet Mark Twain skreiv meisterverka Tom Sawyer og Huckleberry Finn, var storprodusent av spøkefulle visdomsord som ikkje fell på steingrunn – til dømes denne: «Gud laga krigar så amerikanarar kunne læra seg litt geografi.»

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Som vanleg går den bitraste striden tvers gjennom DNA.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis