JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Vil seia nei til EU for tredje gong

Det demokratiske underskotet må reknast med når det gjeld klima, krig, korona og krona.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Valbarometeret som var sett opp på Youngstorget i Oslo, bikka over til nei-sida fire dagar før valet 28. november 1994.

Foto Berit Roald / NTB

5430
20230512
5430
20230512

hompland@online.no

Det grøne miljøpartiet vil inn i EU. Dei satsar på demokratisk underskot for å redda kloden. For nestleiar Lan Marie Berg er det ingen tvil om at EU er betre enn Noreg på klimapolitikk, så det MDG ikkje får gjennom av klima- og miljøpolitikk i norske politiske kanalar, vil dei pressa Noreg til gjennom EU.

Partileiar Arild Hermstad er for at Noreg skal vera eit annleisland, men det kan berre skje dersom EU går føre og viser veg. Der er han på line med Heidi Nordby Lunde frå Oslo Høgre, som også er leiar i Europa­bevegelsen, der MDG-byråd Hanna E. Marcussen er nestleiar. Lunde seier det slik: «EU er verdens største klimaorganisasjon, med vilje og virkemidler.»

Talspersonen for Grøn Ungdom er endå meir kategorisk og tar det eit gigantisk steg vidare: EU er dei einaste som evnar å stå opp mot fossil­industrien, klimakrisa, storkapitalen, teknologiselskapa, særinteresser og USA, og for grønt skifte, menneskerettar, personvern, ytringsfridom og demokrati.

VERTINNA ER ALLTID skeptisk til religiøst truande som har funne snarvegen til sæla, og særleg til nyfrelste som har gått frå Nei til Ja, for dei tar gjerne heilt av. Redaktør Bore i Vårt Land har eit godt poeng: «Norsk EU-medlemskap er en løsning på jakt etter et problem.»

NOREG ER EIT HALEHENG til EU gjennom EØS-avtalen, som er basert på eit pinleg demokratisk underskot. Rett nok har halen små sjansar til å vifta med hunden i EU-buret, men det er fortærande å måtta sitta på gangen, i lobbyen eller på Cafe Europa og venta på beskjed frå Brussel om kva norske styresmakter må gjennomføra.

Dei som lever godt med EØS, innser at den fiktive sjølvråderetten er eit demokratisk problem. Men demokrati har me i utgangspunktet liksom så mykje meir av enn dei andre, at det ikkje gjer noko med underskot på enkelte postar, for kontoen er like velfylt som oljefondet.

«VI MÅ VÅGE å ta debatten», heiter det, for det har skjedd så mykje med både Noreg og EU sidan 1994. Men den førre generasjonen lever på livsløgner, så Ja-folk set sin lit til ungdommen. Dei som er under 47 år, og dei som ikkje var fødde i 1994, må bli informerte, gjera seg opp ei meining og få høve til å vera med på å bestemma. Det må vera minst éi folkerøysting i kvar generasjon.

Ja-sida vil ha ein open og god samtale, og dersom konklusjonen ikkje blir Ja, har det vore ein dårleg samtale. Forpostfektingane tyder ikkje på at endra røyndom og det norske partisystemet er klare for ein meiningsfull EU-debatt. Så langt har det vore repetisjonsøvingar. Skyttargravene er intakte.

MDG OG DET GRØNE Venstre har bytt side, men dette blir meir enn vege opp av at Framstegspartiet har gått motsett veg.

For Senterpartiet og venstreopposisjonen er det ikkje spørsmål om å gli mot å vera innanfor, men om å melda seg ut av EØS og vera endå meir utanfor. Brexit syner vel at det er minst like vanskeleg å gå ut som å koma inn.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt, som var mot EU i ungdommen, står klippefast på EØS. Ho meiner at ein ikkje kan utgreia fordelar og ulemper med EU-medlemskap på truverdig vis når ein på same tid står utanfor og forhandlar med EU om praktisk og pragmatisk samarbeid.

EINASTE MOGELEGE fleirtal for å søka EU-medlemskap er at Arbeidarpartiet og Høgre går saman om det. Det er ein europeisk draum som ligg langt unna, trass i alle råd frå Gro Balas og veteranlaget. Etter den landsmøtepsykologiske samlinga i bånn vil det skadeskotne Arbeidarpartiet prøva å unngå å ta i EU-saka med ei eldtong. Det ville fata eld i tildekte glør og ikkje bli eit bål av vilje, men av uvilje og ny borgarkrig.

Den folkestyrte Vedum meinte først at det var forferdeleg at Høgre i opposisjon, med Solberg på slep, gjorde eit taktskifte og ville arbeida meir ope og aktivt for EU-medlemskap. Men så vêra han at det kan bli ei god sak for Senterpartiet som har brukt opp løftekvoten etter brakvalet for to år sidan.

Når Høgre veks, får dei Nei-veljarar med på kjøpet. Dei må også passa på å ikkje brenna bruer til samarbeidspartia. Det har aldri vore ei koalisjonsregjering til høgre, venstre eller i midten utan innebygd sjølvmordspakt: EU-medlemskap skal ligga på is, og dersom det blir aktuelt, går regjeringa av.

EIN SKAL IKKJE KØDDA med Jonas Gahr Støre, for han har vore individuelt medlem i EU sidan 80-talet. Som Gros gut var han med og fann opp EØS, men det var aldri meint som ei varig ordning. Etter eit kort opphald på perrongen skulle Noreg få den reserverte plassen i EU. Men hurtigtoget gjekk austover, og Noreg har vore i transitt i 30 år, i «konstant midlertidighet».

I den nye toppleiinga i Arbeidarpartiet skal det vera 3–1 mot EU-medlemskap. Stenseng seier lite, Vestre seier «ikkje nå», og Brenna har offentleg bytt ordet skeptisk med nei. Den mest sannsynlege neste statsministeren frå Arbeidarpartiet vil altså ikkje inn i EU.

MEININGSMÅLINGAR viser 52/27/21. Dersom ein dreg frå 21 prosent som ikkje veit, blir det sånn cirka 65/35. Ja-vegen er tung dersom folket ikkje skal seia Nei for tredje gong, dersom dei bli spurde.

Byråsjefen lovar å eta eit EU-flagg dersom Ja-sida skulle vinna fram innan 2030. Vertinna lovar å gjera sitt til at retten kan gli ned: kutta flagget opp som spagettistrimlar, servert med rikelege mengder pepar, olivenolje og salt i såra.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

HumorFeature
May Linn Clement

Klagemodus

Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis