JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Vanleg kommunalpolitikk tar over

Det kompakte blokkperspektivet er misvisande. I lokal kvardag gjeld andre reglar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frp-ordførar Torbjørn Klungland i Flekkefjord fekk 45,5 prosent av røystene i kommunevalet.

Skjermdump frå NRK Dagsrevyen

5443
20230915
5443
20230915

hompland@online.no

Etter plakatar og sukkertøy, brosjyrar, buttons og ballongar, og ein og annan rikspolitikar som har stukke innom ein stand, er dei valde lokalpolitikarane overlatne til seg sjølve. Dei må finna fram til måtar å leva saman på i den kommunegrå kvardagen. Då begynner forhandlingane. Deadline for å konstituera dei nyvalde kommunestyra er innan utgangen av oktober.

I STORE KOMMUNAR med «byregjering» kan det gå raskt å avklara kva for parti som vil danna fleirtal, men det kan trekka ut før dei kjem med ei laus erklæring om kva dei skal samarbeida om å gjennomføra.

I det store fleirtalet av kommunar er det formannskapsmodellen som rår. Der kan det ta mange veker før drøftingane er over, for der skal alle vera med, etter storleik og kjøpslåing.

Ein må halda styr på skilnaden mellom forpliktande politiske avtalar og valteknisk samarbeid om formelle verv og posisjonar mellom parti som står langt frå kvarandre. Veljarar som ser seg blinde på nasjonale trendar, veit ikkje kvar røysta deira hamnar i det lokale spelet.

ORDFØRARFAKTOREN skal ein ikkje kimsa av for valresultatet, sjølv om det blir insistert på at det er sakene som tel: Her er eit dobbeldøme frå kysten Lindesnes–Åna-Sira og dalstrøka innafor. I Flekkefjord gjekk Framstegspartiet, eller rettare sagt den populære ordføraren i flanellskjorte, Torbjørn Klungland, fram 29,1 prosent til 45,5 prosent. Alle andre parti gjekk tilbake, bortsett frå debutanten Flekkefjords vel som fekk 2,9 prosent.

Hos grannen mista Senterpartiet to tredelar av veljarane. Framstegspartiet fekk 22,5 prosent og Industri- og Næringspartiet 8,1 prosent i kraft- og smelteverkskommunen. Med ein dyktig og omtykt ordførar blei det utryddingstruga Kristeleg Folkeparti størst med 28,4 prosent; i heimekrinsen hans, Kvinlog, fekk dei nær halvparten av røystene.

BLIKKET PÅ kommunevalet er ofte blinda av «blokkene»: raudgrøn blokk mot blå og borgarleg blokk. Kommunalt er blokkperspektivet ofte direkte misvisande, særleg der det er lokale lister eller éisakslister. Personstemmer, kumuleringar og slengarar gjer totalbildet endå meir samansett. I mange kommunar er det slett ikkje tale om kompakte blokker, men meir om legoklossar av ulik form og farge som kan stablast på forskjellige måtar.

Når det skal forhandlast om ordførar og posisjonar i formannskap og utval, er nasjonale prosenttal og konstellasjonar underordna. Det handlar sjeldan om ideologi og prinsipielle skiljeliner, men om praktiske løysingar på lokale utfordringar som går på kryss og tvers av tradisjonelle ideologiske skiljeliner som blir forsøkt forstørra i den nasjonale valkampen. Rikspolitikarar lovar, men lokal­politikarane må levera.

Kommunestyra må uansett snikra samen eit budsjett innanfor statens gitte rammer og rådmannens formanande ord. Då kan det oppstå merkelege alliansar gjennom heilt normal heste­handel der kvar skulekrins, gatelykt og asfaltert vegstubb tel med.

ORDFØRARKJEDA er viktig, både symbolsk og maktpolitisk. Ordføraren er talsperson og ansikt utover, men også lagleiar og initiativtakar innover. I små kommunar er han, og stadig oftare ho, einaste kommunepolitikar på heiltid. Det gir dagsorden- og saksmakt, men er også ein vanskeleg balansegang i klem mellom innbyggarar, andre lokale politikarar og den kommunale forvaltninga med rådmenn, kommunedirektørar og etatssjefar.

Det er ofte konsensus om kven som bør bli eller halda fram som ordførar. Andre gonger kan underlege sengekamaretar rotta seg saman for å kasta ein lengesittande og eigenrådig veteran. Då må det tautrekkast om kven som skal vera med og sikra eit berekraftig fleirtal. Det gjeld å telja hovud, men også kjenna på klima og kjemi og bruka vippeposisjonar til små og synlege gjennomslag.

SJØLV OM HØGRE blei størst i prosent og er størst i folkerike kommunar, vil Arbeidarpartiet og Senterpartiet framleis ha fleire ordførarar, ofte i kamp mot kvarandre. Nasjonale partilojalitetar blir nulla ut kommunalt, for der er det andre spelereglar som gjeld.

Då Arbeidarpartiet måtte slutta å oppfatta seg sjølv som den naturlege hegemon der andre kunne få vera med lasset, har dei gitt seg inn i fleire merkelege og styringsudyktige regnbogekoalisjonar enn Høgre for å behalda ordføraren.

Senterpartiet imploderte ved valet og tapte i dei nyvunne provinsane i vest og nord. Trygve Slagsvold Vedum er ein dyktig dansar, men det krevst improvisasjon og intuisjon når ein skal svinga seg i anna enn lausdans eller tango for to. Då kjem det godt med at det maktsøkande Senterpartiet er betre skodd for pragmatikk enn blokkpolitikk.

***

RETTINGAR. I Sideblikk for to veker sidan kommenterte eg sjefredaktør Eilertsens fråsegn til tingarane om Aftenpostens borgarlege tradisjonar og (a)politiske agenda – «i trygg forvissing om at leserne er godt i stand til å gjøre seg opp sin egen mening».

Mens salig Sundar snudde seg i si politiske grav, skreiv Tanta i Akersgata dette på leiarplass dagen før valet: «Av partiene i Oslo er det Venstre som i dag svarer best på mange av utfordringene hovedstaden står overfor.»

Venstre gjorde eit brakval i Oslo. Anna Dåsnes (25) på den kjempande fjerdeplassen kom inn med glans. Eg skuldar
lesarane å gjera merksam på at ho er dotter av politisk redaktør Kjetil Bragli Alstadheim i Aftenposten.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Natur er ikkje berre idyll. Kvart år blir over 100.000 lam og sau borte på beite, dei fleste døyr av sjukdom eller ulukker.

Foto: Paul Kleiven / NTB

KunnskapFeature

Dauden i utmarka

Ei framtid utan konflikt mellom rovdyr og beitedyr er ikkje tenkjeleg.

Arve Nilsen

Det norske damelandslaget etter å ha vunne sitt fyrste EM. F.v. trenar Leif-Erik Stabell, Torild Heskje, Gunn Tove Vist, Bodil Nyheim Øigarden, Liv Marit Grude, ikkje-spelande kaptein Anne-Lill Hellemann, Marianne Harding og Ann Karin Fuglestad.

Foto: Torild Heskje

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

EM-eufori

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Foto frå nettsida til gruppa

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Lite skakande

Ungdomsverka til Heinichen og Telemann treng meir livfull musisering.

Jack Grealish iført dei minste leggbeskyttarane det er mogleg å oppdrive. 

Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB

SportFeature
Maren

Lukta av leggbeskyttarar

Leggen er klart ein utsett kroppsdel i fotball.

Det er berre to ferieområde ved Svartehavet som er tilgjengelege for ukrainarar i det frie Ukraina: Mykolaiv og Odesa fylke. Her frå Svartehavet i 2020.

Foto: Sergei Poliakov / AP / NTB

Samfunn

Krig invaderer sommaren

Førre helg kunne hotell i Odesa melde «Fullt» for første gong sidan starten på fullskalakrigen.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis