Sideblikk
Val under pandemisk borgfred
Tillit og delt omsorg er eit gode i krisetider, men vanskeleg å gjera om til partipolitikk.
Partileiarane møttest til debatt hos TV 2 i Bergen tysdag denne veka. Frå venstre Jonas Gahr Støre (Ap), Trygve Slagsvold Vedum (Sp), Audun Lysbakken (SV), Une Bastholm (MDG), Bjørnar Moxnes (R), Kjell Ingolf Ropstad (KrF), Guri Melby (V), Sylvi Listhaug (Frp) og Erna Solberg (H), delvis skjult bak debattleiar Arill Riise.
Foto: Marit Hommedal / NTB
Romsleg offentleg økonomi og tillit mellom folk og til styresmaktene har ført Noreg rimeleg velberga gjennom pandemien. Også i høve til land me elles samanliknar oss med, og det er alltid ein faktor som skaper nasjonalt samhald og hornmusikk i brystet.
Delt omsorg og ansvar er eit gode i krisetider, men det er vanskeleg å smi slikt om til partipolitikk. Nokre skilnader i politisk handverk har det vore: Opposisjonen har prøvt å få fram at dei har pressa regjeringa til endringar når det gjeld grensekontroll, bedriftsstøtte og permisjonsreglar. Men det har vore immunitet mot å lansera ein heilt annleis pandemipolitikk.
Når alle har vore med i løpet i den same båten, er det lite å henta på å bryta den pandemiske borgfreden. Det blir lett oppfatta som masete og småleg når det er dei store grepa som tel. I valkampen er det ei politisk bakside av tillit, kompromiss og samforstand.
UNNTAKSTILSTANDEN har styrkt regjeringas kommandoposisjon. Ho har forvaltninga og ekspertisen i ryggen og har hand om dei akutte knappane. Heile tida er det tale om dilemma og vanskelege vurderingar og prioriteringar. I realiteten er det eit delt ansvar mellom faglege og politiske styremakter, men ein armlengds avstand er eit ryddig systemkrav.
Det er ei utfordring for
partane å balansera mellom å ta ære for det som er vellykka, og gje andre skulda for det som er mislykka. Men det ligg fast at regjeringa har siste ord og kan sjonglera mellom å følgja faglege råd og syna handlekraft ved å la vera eller skjera gjennom – enten føre var eller etter snar.
I HØGRE ER DEI vonbrotne over at partiet ikkje har fått nok heider for at regjeringa, Erna og Høie har leia landet gjennom pandemien. Folkets tillit og takksemd for styring og stø kurs var ikkje djup nok og varte ikkje lenge nok.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.