JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Val i velferdskonsumsamfunnet

Klasselojalitetar har visna. Veljarane vandrar som forbrukarar mellom tilbydarar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Partia prøver å lokke veljarar til seg med valmateriell i Arendal.

Arkivfoto: Halvard Alvik / NTB

5456
20230818
5456
20230818

hompland@online.no

Statsminister og partileiar Støre har lansert seks punkt som skal hjelpa Arbeidarpartiet opp frå den miserable posisjonen knappe fire veker før kommunevalet. Han plasserer hovudmotseiinga slik: «Dette er et valg om en trygg eldreomsorg som fellesskapet tar ansvar for.» Ho skal ikkje stykkast opp og privatiserast, men drivast i nært samarbeid mellom kommunar og ideelle aktørar.

Det er skilnad på offentleg ansvar og offentleg drift, svarer Høgre. Dei vil ha større innslag av kommersielle aktørar, men meiner det er sjikanøst å dra fram profitt som motiv. Føremålet er ikkje primært å spara offentlege pengar, men å få konkurranse mellom private tilbydarar og offentlege etatar om innovasjon og kvalitet. Det skal vera fridom til å velja: pris for kommunane, trivsel for klientane og sikra lønn og pensjon for dei tilsette.

DETTE KAN HØYRAST ut som eit systemskifte, men er ei lita justering av menyen. Alle parti får plass under den breie velferdsparaplyen, som i all hovudsak er offentleg finansiert. Det gjeld også erkeliberalistar, konservative som frykta ein kjøvande formyndarstat, og dei kyrkjelege som forsvarte det diakonale mot statsmakt.

Arbeidarpartiet og Høgre har i røynda kome så nær kvarandre i praktisk gjennomførleg politikk at dei har gjensidig interesse av å blåsa opp små forskjellar og gje dei skin av fundamentalt ulike interesser og verdiar.

KLASSEPROFILANE var ganske stabile i etterkrigstida, for med unntak for Venstre og KrF hadde partia sine definerte og faste plassar på høgre–venstre-aksen. Dei var knytte til samfunnets produksjonsside: arbeidarar, sjølvstendig næringsdrivande og bønder sokna til kvart sitt parti. Det var arbeid mot kapital, arbeidstakarar mot arbeidsgjevarar og deira støttespelarar i funksjonærstanden.

Men ein må ikkje gløyma Stein Rokkans vekt på den særnorske, sosiogeografiske og motkulturelle dimensjonen: periferi mot sentrum, som var mobilisert under dei EF- og EU-påverka stortingsvala i 1973 og 1993 og i Senterpartiets brakval for to år sidan.

Tyngda i sysselsetting skifta gradvis frå primærnæringar og industri til tenester, offentlege og private. Nokre parti har endra ham og namn, men også dei som har halde på namnet, kan ha flytta seg politisk. Grunneigande bønder er integrerte i den politiske økonomien, og Senterpartiet (Bondepartiet) er blitt eit offentleg sektorparti på bygdene.

Det liberale sentrumspartiet Venstre, som med base i periferien kasta embetsmannsregimet i sentrum og innførte parlamentarismen, er blitt blågrønt og urbant med tyngdepunkt i Oslo og omland.

Framstegspartiet har flytta frå by til land og endra seg frå eit antistatleg skattereduksjonsparti til eit sjenerøst velferdsparti, vel å merka for dei som fortener det, og som ikkje er innvandrarar. Som andre høgrepopulistiske parti har dei lagt seg til høgre for Høgre i skattepolitikken og til venstre for Arbeidarpartiet i eldrepolitikken etter Alvheim.

ARBEIDARPARTIET blei lenge parodiert for eit slagord som lova større kjøpekraft og betre materielle kår: «Framgangen kommer til å fortsette». Ettersom den allmenne velstanden og det personlege forbruket auka kvantitativt for dei breie lag av folket, blei høgare materielt forbruk eit mindre dominerande mål. På ei grøn bølgje for personleg ansvar stifta den fråfalne reklamemannen Erik Dammann i 1974 ein folkeaksjon for ny livsstil og rettferdig fordeling av ressursane i verda: Framtiden i våre hender.

På Arbeidarpartiets tenkeloft etter valnederlaget i 1973 lukta sosialøkonomen Per Kleppe og felagane hans andre stemningar enn dei partiet hadde forvalta. Tryggleik for arbeid og inntekt var framleis jobb nummer éin, men det kom eit teknokratisk-ideelt formulert slagord i tillegg: «Et kvalitativt bedre samfunn».

Arbeidarpartiet ville breia seg endå meir ut som eit balanserande folkeparti for alt og alle. Arbeid mot kapital blei omdøypt til meir rettvis fordeling, til beste for lønns­takarar på arbeidsmarknaden, for kundar og forbrukarar på varemarknaden og for brukarar av offentlege tenester.

ULF TORGERSEN (1931–2006) var ein original og skriftleg ordhag statsvitar. Han lanserte ein godt dokumentert teori om at partia gradvis flytta seg frå produksjonssida til konsumpsjonssida i samfunnet. For veljarane blei rolla som forbrukar viktigare.

Samtidig har velferdsstaten lagt kraftig på seg som kjelde til utdanning, helse, omsorg, trygder og andre ytingar. Då blir forbrukarane sine forventingar til levestandard og krav om rettar ikkje retta mot marknaden, men mot det offentlege, mot stat og kommune. Veljarane er velferdskonsumentar som kan velja mellom velferdsparti av litt ulik bonitet, men gamle blokkgrenser er blitt lågare og kan kryssast utan angst og store kvalar.

FOTNOTE. Denne spalta lener seg tungt på perlerada av norske statsvitarar og politiske sosiologar som har følgt val i fleire generasjonar. Henry Valen og etterfølgjarane har brukt livsverk på å monitorera parti og partiprogram, veljarar og haldningar. Dei har analysert demografi, næringsovergangar og haldningsendringar, stabile og trufaste veljarar og veljarar på vandring, frå val til val og langs dei lange linene.

I dette sideblikket har Spaltisten hatt særleg glede av Tor Bjørklunds nye bok: Norske partier og velgere. Valgresultatenes historiske røtter.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kvart år i perioden 1990–2021 har om lag éin million menneske globalt døydd som følgje av antibiotikaresistens.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

HelseSamfunn

Framtidsrapport frå bakteriefronten

At antibiotika skal slutte å verke, er den store skrekken for helsevesenet verda over. Vi dykkar ned i den grundigaste prognosen som nokon gong er utført for dødsfall som følgje av motstandsdyktige bakteriar.

Christiane Jordheim Larsen

Sauene er henta ned frå fjellet til garden til familien Lützen i Sydradalur for å bli klipte. Ein gong sa dei at ull var gull, men slik er det ikkje lenger. No blir det meste av ulla brend.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Om sau og sjølvstende

Amerika har Kennedy-klanen, Færøyane har Patursson-klanen – og 70.000 sauer.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis