Sideblikk
Utskjelte byråkratar fortener tillit
Forvaltninga har ikkje sett sterke spor i skjønnlitteraturen – og heller ikkje omvendt.
Departementsråd Eva Hildrum (t.v.) då ho gav samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) rapporten «Norsk jernbane – videre utvikling» 1. desember 2011.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Byråsjefen har sterke meiningar om alt som går feil veg i Forvaltninga. Sjølv meiner han å vera kritisk konstruktiv, men der i garden har dei ikkje mykje til overs for at dei viktigaste førestillingane er motførestillingar. Teppet går ned for slike som ikkje vil koma seg fram ved å smiska og krypa. Men få seier opp; dei prøver heller å tilpassa seg eller gøyma seg bort.
Byråsjefen vil vera anonym, for elles fryktar han å bli offer for negative sanksjonar for å ytra seg offentleg om noko han burde halda kjeft om, eller gått tenestevegen. Ingen overordna kjem til å seia det rett fram, for dei er prinsipielt for ytringsfridom, men Byråsjefen ser for seg at han kan bli stuva bort utan meiningsfulle arbeidsoppgåver på eit cellekontor inst i ein bortgøymd korridor.
EI TILLITSREFORM kunne ha vore etter Byråsjefens hjarte, men opplegget osar av mistillit til Forvaltninga. Både politikarar og ålmenta burde skjøna betre at det er eit demokratisk og profesjonelt grunnvilkår for sivilisert samfunnsstyring at ting skal ta tid. Forvaltningas lodd er å verna den langsiktige heilskapen og det ålmenne vel når enkeltpersonar berre ser si eiga sak, og politikarar vil ha gjennom populære valløfte i hurten og sturten. Når Forvaltninga ikkje får bruka den tida som trengst til utgreiing og høyring, går det ofte skeis. Og verre er det med eit mediekøyr der synsarar og interessegrupper meiner dei har rett og krav på klare svar på minutten.
Vertinna er glad ho slepp å vera byråkrat. Det høyrest ut som eit stressande, bunde og keisamt liv, sjølv om dei trøystar seg med at dei påverkar samfunnet i rett lei ved å vera nær makta. Ho er usamd med Byråsjefen: Politikarar og byråkratar må passast på av vanlege folk, for elles vil kontorstyret ingen ende ta.
BYRÅSJEFEN SER FRAM til den røynde (og pensjonerte) departementsråd Eva Hildrum kjem med si sakprosaiske bok om tilhøvet mellom fag, byråkrati og politikk. Slikt endar lett i offentleg melankoli, for det er evig spenning mellom faglege ideal og lojalitet til statsråden og det politiske korpset av øyrekviskrarar, for dei har ein tendens til å finna «sine» folk og blanda seg inn i linjene i forvaltningshierarkiet.
Elles er det Byråsjefens meining at når tilsette i statsforvaltninga skryter på seg at dei arbeider i statsrådens politiske verkstad, ville det berre vera rimeleg om dei blir bytte ut når det politiske regimet skiftar, og at dei får karantene om dei går til ein jobb i det private. Det gjeld særleg dei veksande informasjonsstabane som har til oppgåve å få statsråden til å skina, uansett kor bleik ho er. Eller i det minste å unngå at han kjem i knipe og hamnar i parlamentarisk skorfeste.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.