Sideblikk

Tvilen kjem styresmakta til gode

Å handla ut frå det ein veit når ein må handla, kan enda med sjølvoppfyllande profetiar.

Oppmodinga frå styresmaktene om å halda seg heime sette preg på gatene i Oslo. I dei travle gatene ved Oslo domkyrkje var det ikkje mange menneske å sjå.
Oppmodinga frå styresmaktene om å halda seg heime sette preg på gatene i Oslo. I dei travle gatene ved Oslo domkyrkje var det ikkje mange menneske å sjå.
Publisert

Den robuste Erna Solberg har synt handlekraft og fått eit ekstra lag koronateflon. Bent Høie har vore repetitiv oppklarande på truverdig vis, med dei helsefaglege etatane som litt småmasete nissar på lasset i tolkinga av situasjonen. Byråsjefen har merka seg at nokre slektsmedvitne sosialdemokratar av middels bonitet (det blir vel kalla ein «kohort» på epidemisk-norsk?), har starta ein aksjon for å gjera Camilla Stoltenberg til korona-tsar, men dei har ikkje fått mange med seg. Folk flest har lytta til dei som er i posisjon til å setta dagsordenen, og som fyller dei synlege rollene som politisk øvstkommanderande. I krisetider skal det dugløyse av trumpske dimensjonar til for at opinionen lar vera å samla seg rundt flagget. Koronakrisa set spor; Lars Saabye Christensen har rett når han skriv: «Tvilen som ellers er en dyd, er politikkens eksem.»

Slik må det vera i eit byråkratisk-demokratisk regime, meiner Byråsjefen: Etatane og epidemiologane gir råd, men det er makta som rår. Tvilen kjem regjeringa til gode. Det er også best for folkehelsa i forvaltninga.

DÅ STATSMINISTEREN i Aftenposten 20. mai blei utfordra til å sjå tilbake på tiltaka som blei sette ut i livet i dei ukontrollerte marsdagane, mælte ho: «Etterpåklokskap er interessant, men du kan bare vurdere hva du gjør i den situasjonen du er i i dag. Jeg mener det var helt riktig forebyggende. Vi vil aldri vite eksakt hvor mye de tiltakene vi gjorde og hvilke som bidro til at smitten spredte seg mindre. Hovedbiten var å få en ansvarlig holdning i hele landet til faktisk å følge smitterådene.»

Helsedirektør Guldvog sa det slik: «Jeg mener det var riktig å sette inn kraftfulle tiltak. Så kan man diskutere om man ville valgt nøyaktig de samme tiltakene i dag. Da tror jeg ikke svaret er ja på alt. Men det var basert på kunnskapen vi hadde den gangen.»

SPALTISTEN er sosiolog av det tallause slaget som liker betre å tolka enn å telja, som er meir heime i tvil enn i tabellar. Eg vel å tru på Solberg og Guldvog og fungassen, sjølv om, eller fordi, Thomas er min ekte profet.

Det kunne ha vore læresveinen Tomas, den tvilande tvillingen som ikkje trudde på Jesu oppstode før han fekk sjå naglemerka i hendene hans og stikka handa i sida hans. Då sa Jesus til han: «Fordi du har sett meg, trur du. Sæle er dei som ikkje har sett og endå trur» (Joh 20, 29). Etter det drog Tomas som forkynnar til Persia og India.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement