Trump makes China great again
Kina opptrer stadig meir sjølvmedvite og bøllete. Me lever dessverre i interessante tider.
Storskjermen syner den kinesiske presidenten, Xi Jinping, under opninga av den nasjonale folkekongressen 22. mai i år.
Foto: Tingshu Wang / Reuters / NTB scanpix
hompland@online.no
Me slepp ikkje unna kinesarane. Folk flest bur i Kina. Dei vil make China great again, men dei er langsiktige og har relativt god tid, for dei er overtydde om kor det må enda. Ein kan ikkje ofte nok sitera svaret frå statsminister Zhou Enlai då Kissinger i 1972 spurde kva han meinte om den franske revolusjonen i 1789: «Det er for tidleg å seia.»
ETTER SOVJETUNIONENS fall trudde vestlege hegemonar at det same måtte skje med Kina. Kommunismen var død, og historia var komen til slutten. Om kinesarane skulle klara å gjera lange sprang framover i vekst og velstand, ville det koma ein omvend kulturrevolusjon. Folket ville krevja større individuell fridom, slik at systemet måtte reformera seg etter den vestlege og «marknadsdemokratiske» modellen.
Slik har det ikkje gått. Snarare tvert imot. Den autoritære og partistyrte kapitalismen har styrkt og globalisert seg. Parallelt med det har regimet utvikla avansert teknologi for å halda folkets tankar og handlingar under kontroll.
PÅ DEN GLOBALE scenen er Kina på frammarsj, med både handel, kapital og militærmakt – hjelpt fram av ein president i USA som skal make America great again ved å trekka landet ut av multinasjonalt forpliktande samarbeid.
Når Trump gjer Kina til hovudfiende, kjem Stoltenberg springande etter og vil flytta den nordatlantiske forsvarsalliansen til Sør-Kina-havet. Det er farleg spel. Ein desperat øvstkommanderande i Washington kan koma til å trenga ein patriotisk krig der utpå hausten.
KINA OPPTRER stadig meir sjølvmedvite og bøllete. Den kinesiske ambassadøren i Sverige slo nyleg offentleg om seg med metaforiske og materielle trugsmål. Når den nye ambassadøren i Noreg inviterer seg på høfleg visitt i departement, politiske parti og andre institusjonar, er det ikkje for å driva høvisk koseprat om laks og skitrenarar: Han skjeller ut NPP (Nobel Peace Prize) og gjer det klart kva Kina krev av oss.
Dei som ikkje står saman, blir trengde opp mot veggen kvar for seg. Til slutt vågar stadig færre å pirra draken eller gjera heltemodige laksesprang. If you can’t beat them, join them.
Me lever dessverre i interessante tider. Me skal ikkje legga oss flate og bøya kne for kinesarane, men det er uforsvarleg å ikkje ta høgde for at Kina kjem til å dominera framtida. Den vedunderlege nye verda, styrt av kinesiske kameratar, kan ha manifestert seg i 2084.
DET PANDEMISKE viruset begynte på ein våt bondemarknad i Wuhan. Då kinesiske styresmakter vakna, sette dei inn drakoniske tiltak som stagga smitten på heimebane. Epidemiske alarmistar i opne og liberale samfunn mana til å læra av det totalitært kontrollerande Kina. Men før den lærdommen bit seg fast, må me aldri gløyma lagnaden til den trakasserte varslaren Li Wenliang, som døydde av korona i Wuhan 7. februar.
***
RETTINGAR. Spaltisten kan ikkje forklara alle løynde sitat, perfide formuleringar, ordspel, blødmer og ymse andre språklege krumspring i sideblikka. Det ville vera å krenka mange gode lesarar og undergrava ei viktig side ved spaltismens poetikk.
Men her gjer eg to drøvtyggande unntak fordi Spaltisten har fått kjeft for nokre formuleringar sist veke: det innovative adjektivet «gisken» og denne sjikanøse setninga i omtalen av Christian Ringnes, Jan Fredrik Karlsen og Anita Krohn Traaseth: «Det er godt nok for dei svina å vera ein del av medaljens innside.»
«Det er godt nok for de svina», sa faren til Anita Krohn «Tinteguri» Traaseth når noko var gjort bra nok. Det redda henne frå å bli perfeksjonist og «flink pike», men gjennom personleg vekst gjorde det henne synleg som leiar av seg sjølv og andre. Suksessboka hennar heiter, rimelegvis, Godt nok for de svina.
«MEDALJENS INNSIDE» er det refuserte bestillingsverket av ei jubileumsbok romanfiguren Henrik Langeland balar med i forfattaren Henrik Langelands vel så gørre roman Showtime!. Tittelen spelar på Medaljens forside, som Dag Solstad skreiv og gav ut i samarbeid med skipsverftet og industrikonsernet Aker til 150-årsjubileet i 1991. Han kalla det roman, men handlinga heldt seg strengt til faktiske hendingar og personar. Solstad tok seinare for seg rolla som oppdragsforfattar i foredraga «Romanen på oppdrag» og «Romanen på historisk grunn». Tekstane er publiserte i 14 artikler på 12 år (1993).
ARBEIDARPARTIET blei omtalt som «ein gisken koalisjon mellom iskantar». Her lét Spaltisten seg freista av ei dialektform frå dalstrøka innanfor, men han er stramma opp av Byråsjefen.
På standardnorsk heiter det «gis(s)en» og tyder utett, sprukken, lekk – som oftast etter at veden har tørka. «Den gisne hytta» er trekkfull; i ein gissen skog er det er langt mellom trea. Til overmål blir «å gîsa» i somme dialektar brukt om å le, flira og plira med augo.
Byråsjefen er hekta på etymologi, men også på stadnamn; han har tjukke verk av Torp, de Caprona, Fritzner, Vågslid, Sandnes og Stemshaug i hyllene. Han minner om at stadnamnet Giske på den flate øya utanfor Sunnmøre skal koma av det gammalnorske gizki, som tyder duk eller klut som blir brukt for å dekka til.
Då skulle mykje vera samla i den utette koalisjonen.
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er godt nok for dei svina.
Fleire artiklar
Mina Hadjian saman med Rune.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Von for verstingar
Dokumentaren til Kari Anne Moe er ei kjærleikserklæring til Mina Hadjian og fengselsfuglar.
Rapartist og skodespelar Benedicte Izabell Ekeland imponerer i monologen om Cassandra.
Foto: Stig Håvard Dirdal / Rogaland Teater
Ordflaum om meininga med livet
Måten rapartist Benedicte Izabell Ekeland framfører ein lang monolog på ei naken teaterscene på, er imponerande. Men kva snakkar ho om i nesten ein time?
L’arpa festante blei grunnlagt i München i 1983.
Foto: Günter Ludwig
Frankofil elan
L’arpa festante spelar best der det går fort.