Tru på kva du vil – staten betaler
Framstegspartiet har sove i timen, men vil nå setta bom for statleg støtte til islamsk vekst.
Per-Willy Amundsen og Christian Tybring-Gjedde som korsfararar og domsprofetar ropar nå ut: «Du må ikke sove!»
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
hompland@online.no
Dersom ein person melder seg ut av Den norske kyrkja og inn i til dømes Oslo Misjonskirke Betlehem, får ikkje den tidlegare staskyrkja mindre tilskot, men misjonskyrkja får meir. Slik heng dette paradokset saman:
Etter det store kyrkjeforliket i Stortinget står det i paragraf 16 i den reviderte grunnlova: «Den norske kyrkja, ei evangelisk-luthersk kyrkje, står ved lag som den norske folkekyrkja og blir stødd som det av staten.» Løyvingane blir bestemte i statsbudsjettet og aukar frå år til år, utan omsyn til at medlemstalet er i fritt fall. Tilskotet frå stat og kommunar er i overkant av 1000 kroner per medlem per år.
Men Grunnlova legg også til grunn at «alle innbyggjarane i riket har fri religionsutøving». I paragraf 16 blir det mynta ut slik: «Alle trus- og livssynssamfunn skal bli stødde på lik line.» Denne allmenne utsegna blir rekna om i sølvpengar og klingande mynt, så når det blir færre medlemmer i Den norske kyrkja, blir det etter reknestykket meir per medlem hos dei andre. Dissentarane har elles aldri sett på dette som statsstøtte, men som ein kompensasjon for at staten finansierer Den norske kyrkja med ordinære skattepengar – også deira.
Dei største gratispassasjerane på fullfinansieringa av Den norske kyrkja er Human-Etisk Forbund, muslimske trussamfunn og den katolske kyrkja, som har prøvd å juksa til seg meir etter telefonkatalogmetoden.
DEI ØKONOMISKE sideverknadene av skiljet mellom staten og majoritetskyrkja synest å koma overraskande på mange. Grunnlova og sinnelaget tilseier at alle skal med, og konsekvensen er at alle får meir.
Dette merkverdige er aktualisert etter at statsråd Ropstad la fram regjeringas proposisjon om lov for trus- og livssynssamfunn. Der er det mykje småsnask å debattera: julegudstenester, hijab, kvotert styremedlemskap og ymist anna, men den store elefanten i kyrkjerommet er pengar. Regjeringa vil gje dei 10–12 milliardane i Opplysningsvesenets fond til kyrkjelege føremål, men dei nyttar ikkje høvet til å gjera noko med sjølve finansieringsmodellen.
FOR KRISTELEG FOLKEPARTI og Ropstad kan dette synast som ein dobbelsiger: meir til Den norske kyrkja, men også til trussamfunn utanfor. Dei som trur at Kristeleg Folkeparti er ei slags politisk grein av Den norske kyrkja, har ikkje forstått det kristelege landskapet i sentrum og periferi. Partiets røter var i dei lågkyrkjelege bedehusa og mellom dissentarar, og slik er det framleis.
Bortsett frå den nye generalsekretæren er ingen i partileiinga medlem i den lett forvandla statskyrkja. Partileiar Ropstad har sin åndelege heim i Oslo Misjonskirke Betlehem, og det har også dei han som statsråd har plukka ut som sine næraste medarbeidarar. Første nestleiar Olaug Bollestad er baptist i Ålgård. Andre nestleiar, Ingelin Noresjø, er medlem av Bykirken i Bodø, som er ein del av den vaksendøypande pinserørsla.
FRAMSTEGSPARTIET må enten ha sove i regjeringskonferansen eller ikkje ha sett anna enn bommar då dei slukte Ropstads evangelium. I partiprogrammet heiter det: «FrP vil fjerne tilskuddsordningen for trossamfunn» og erstatta ordninga med skattefrådrag for frivillige bidrag. Det ville føra til bankerott for Den norske kyrkja, men det tar Frp med på kjøpet dersom dei får tatt frå muslimske trussamfunn 100 millionar i året.
Den indre og lite regjeringsvennlege opposisjonen i Framstegspartiet, med Per-Willy Amundsen og Christian Tybring-Gjedde som korsfararar og domsprofetar, ropar nå ut: «Du må ikke sove!» Dei forkynner at stortingsgruppa ikkje vil støtta regjeringas forslag på grunn av den muslimske faren. Tybring-Gjedde seier det slik i Aftenposten: «Regjeringen tilsidesetter Norges tusenårige kristne tradisjon for å finansiere islams vekst i Norge.» Om den kristelege regjeringspartnaren har han dette å seia: «Det er stusselig og underlig at KrF er med på en sånn underkastelse for islam.»
VERTINNA er ein heilt vanleg og passiv vanemedlem i Den norske kyrkja. Ho går aldri til gudsteneste, men må møta fram i stadig fleire gravferder. Ho blei som alle andre døypt og konfirmert i bygdekyrkja, og der gifta ho seg, men ho er glad for at ho ikkje trong blanda inn prest og kyrkje då ho skilde seg.
Vertinna tykte det var greitt då Staten styrte kyrkja på same vis som andre velferdsgode. Ho frykta at ei sjølvstyrt kyrkje ville bli kuppa av mørkemenn og fordømmande bedehusfolk, men nå ser det ut til at sosialradikale og liberale homovenner har tatt over. Det liker ho like dårleg, men ho har ikkje tenkt å ta til motmæle eller melda seg ut. Ikkje er det noko å spara på det heller, så lenge ho må vera med på å betala for heile greia gjennom skatten.
Vertinna er eit praktisk menneske, så ho lurer på om det ikkje kunne vera på sin plass med eit makeskifte. Når NRK skal finansierast over statsbudsjettet, legg dei ned lisenskontoret med 100 arbeidsplassar som Mo i Rana i si tid fekk då jernverket og koksverket gjekk dukken. Det kunne jo vera passe sysselsetting for dei å krevja inn ei livssynsavgift for alle som er med i eit trudomssamfunn. Eller for å gjera det endå meir parallelt til NRK-lisensen: ei avgift for alle som eig ein bibel eller ei anna heilag bok. Om det ikkje er nok, får trus- og livssynssamfunna auka medlemskontingenten, skaffa seg sponsor- og reklameinntekter og søka om offentleg støtte til samfunnsbyggande tiltak – på same måte som andre organisasjonar i det friviljuge sivilsamfunnet.
Andreas Hompland
er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sinnelaget tilseier at alle skal med. Konsekvensen er at alle får meir.
Fleire artiklar
Foto: Vibeke Ekeland Grønn
«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»
Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.
Foto: Cinemateket
Søte sommarskrømt
Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB