Sideblikk

Trong og vanskeleg gjenopning

Det gjekk overraskande greitt å bruka munnbind, for folk flest har vore overlojale.

Byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) kunne opne hovudstaden onsdag etter sju månader med meir eller mindre nedstenging. Framleis må smittevernreglar følgast.
Byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) kunne opne hovudstaden onsdag etter sju månader med meir eller mindre nedstenging. Framleis må smittevernreglar følgast.
Publisert

Mange trudde det ville bli vanskeleg å få folk flest til å venna seg til strenge råd og reglar, påbod og forbod. Det har gått forbløffande greitt – til og med dei uhyrlege munnbinda kom på plass. Det massive fleirtalet har vore så tillitsfulle og overforsiktige at det kan ha tatt overhand.

Ein har støtta handspritprodusentane, halde hosten inne og tatt den ekstra tometerssvingen. Ein kjenner ubehag om det er nokon utan munnbind på ein glissen buss. Koronareglane har sett seg fast i kroppen og blitt ein del av habitusen. Det har ramma heile landet, men vore særleg vondarta i hovudstaden og blitt ein del av Oslo-psyken.

Det har også utløyst vår indre tante Sofie: Du skal ikkje vera grei og snill og la andre gjera kva dei vil. Du skal plaga andre som del av den kollektive dugnaden. Det skal kosta påtale og skam å snika seg unna.

SPALTISTEN har ikkje unngått å bli litt koronifisert. Om ein har høyrt om mogelege symptom på smitte, er dei ikkje vanskelege å finna dersom ein kjenner etter. Og kjenner ein ekstra godt etter, kan kroppens signal slå over i kroppsleg angst. Då er vegen kort til koronatest, så Spaltisten hamna hos Dr. Dropin, sånn for å vera på den sikre sida. Han trong ikkje venta på resultatet, for han følte seg frisk straks han kjende stikket i nasen. Det vesle ubehaget, som var ei ekstra påskjøning for å visa samfunnsansvar.

SÅ KOM VAKSINEN, og nå står gjenopninga for døra. Men slutten på forbodstida blir ikkje som å slå på ein brytar og så er alt normalt, med mykje lys og mykje varme. Det kan vera like vanskeleg å venna seg av med som det var å venna seg til, for mykje har sett seg fast i kropp og sinn.

Den dobbelvaksinerte Spaltisten har delt sin første klem med ein likesinna, men det blei ganske keitete. Det var litt som då Trond Giske prøvde seg med ein omfamnande bamseklem på Jens Stoltenberg, som stod der med ei utstrekt hand. Og Sylvi Listhaug må stadig halda tilbake eit av sine kjenneteikn på å vera ekte norsk, i tillegg til å drikka sprit og eta gris. Framleis gjeld oppslaget frå byggeplassar og søppelbilar: «KLEMFARE. Hold avstand.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement