Tidevatnet skal snu i statens favør
Biden deler ut korta på nytt, og Støre er på pilegrimsvandring til Arbeidarpartiets gamle eg.
LO-leiar Peggy Hessen Følsvik og partileiar Jonas Gahr Støre (A) på Youngstorget 1. mai.
Foto: Terje Pedersen / NTB
hompland@online.no
Milton Friedman skreiv i 1980 i Free to choose: «The tide is turning». Keynes var død. Margaret Thatcher deregulerte. For Ronald Reagan var ikkje staten løysinga, men problemet.
Tida var inne for å trekka statens grenser tilbake, halda fingrane unna og gje individet friare armslag til å velja i næring og velferd.
Slik gjekk det, også i statskapitalistiske og sosialdemokratiske statar. I Noreg løfta høgrebølgja fram Kåre Willoch, og Gro Harlem Brundtland bauta båten i brakkvatnet.
Historia nærma seg ein sluttleg konsensus om nyliberalisme. Ein kunne strekka seg til OPS (offentleg-privat samarbeid), men OBS: som dynamisk partnarskap med private i førarsetet og staten som konkurranseutsettar og betalande passasjer. Det kan tolkast meir parasittisk enn symbiotisk: privatisera gevinst og nasjonalisera tap.
KRISTIN CLEMET er den fremste av civitassane som smir ideologi for liberalt demokrati og privat eigarskap. Ho er nå i polemikk om statens hovudrolle med han som var tamburmajor for olje-, energi- og industriminister Bjartmar Gjerde, og som meiner at staten må til for å få ting til å skje.
Clemet forsikrar at ho og Høgre ikkje har statsskrekk. Rettsstaten skal vera sterk og dytta på private bedrifter med fordelaktige lover, skattar, låneordningar, FoU-støtte, stabile rammevilkår og generelle verkemiddel. Men staten skal ikkje vera selektiv og peika ut statsdopa næringar, og slett ikkje vera aktiv eigar. Slikt luktar kol og koks og sløsing med skattebetalarane sine pengar.
MEN TIDEVATNET er i ferd med å snu. Common sense, sunt bondevett og det politisk korrekte og sjølvsagde har fått ein pandemidytt og byter forteikn. Dei ideologiske frontsoldatane for marknadsamfunnet går på repeat og tomgang.
I USA overraskar Biden med å utvida statens rolle i økonomi og velferdspolitikk, med enorme låneopptak og skattefinansierte tiltak. Det luktar Franklin D. Roosevelt og ny utdeling av korta. Og veljarane ser ut til å mista skrekken for ein paradigmatisk transformasjon.
Støres nye arbeidarparti liknar meir på det gamle enn det nye, som han og Stoltenberg drog til England for å læra av Blair. Nå vil dei driva aktiv næringspolitikk og rehabilitera staten som målretta og styrande aktør i samfunnet. Kor hardt staten skal slå tilbake, er eit prinsipielt skilje mellom blått og raudgrønt ved valet i haust.
BYRÅSJEFEN MINNER om at ein sterk stat er føresetnaden for ein fri og rettferdig marknad. Styringsteknokratiet må regulera og kontrollera slik at kapitalistar ikkje rottar seg saman for å robba staten og tyna tilsette og forbrukarar. Staten skal ikkje vera mjølkeku og livstrygdar for private bedrifter.
På den andre sida er statleg eigarskap, utan vilje og evne til å styra, å legga all makt i hendene på oligarkar, direktørar og veike ekspedisjonssjefar som føyer seg for marknadens tvang.
Byråsjefen, som har frigjort seg frå livslang vanebinding til Dagbladet, las i Klassekampen måndag om den nye stjerna Mariana Mazzucato, av det kapitalistiske etablissementet kalla «verdas farlegaste økonom». Ho vil laga eit nytt pensum for statsbyråkratar, med ein offensiv offentleg sektor som vågar å kasta seg ut i månelanding og andre dristige oppdrag.
Byråsjefen er sympatisk til tanken, men tviler på om det lar seg gjera, for staten har kome for langt i å undergrava seg sjølv. Forvaltninga har outsourca for mange oppgåver og ekspedert sine potensielt beste kvinner og menn til lukrative partnarskap i uavhengige konsulentselskap.
***
RETTINGAR. Førre veke stod det i denne spalta at Venstres landsmøte vedtok å opne for sal av vin-i-butikk. Det medfører ikke riktighet. Partileiaren gjekk inn for det, men Spaltisten burde vita betre: At partileiaren er for, er ikkje lov i Venstre. Dei har tradisjon for at det heller er utgangspunkt for harde politiske og personlege bataljar. Det var derfor politiske journalistar med naturleg promille på 0,5 elska Venstre-landsmøte. Nå fekk dei kvila i fred med eit vesalt kompromiss om sterkøl.
Verre er det at Spaltisten gjekk glipp av at Vesle-Høgre har tatt steg for å senka takhøgda og bli endå mindre. For første gong i det liberale partiets stolte og turbulente historie har dei nå ein eksklusjonsparagraf: «Et medlem som trakasserer eller på annen måte oppfører seg utilbørlig overfor andre medlemmer, kan fratas retten til å inneha tillitsverv i Venstre, retten til å delta på møter, og/eller medlemskapet.»
VERTINNA UNDRAR SEG over dette. Ho har alltid trudd at slik framferd skulle vera det normale i partiet, stadfesta av partitenkaren Even Brattbakken, slik han såg det i kvældssola: Venstrefolk står langt frå kvarandre, reint politisk. Ikkje underleg at det var rot og usemje om arv i programnemnda.
Nå er det berre SV som er utan eksklusjonsparagraf. Det er tabu i eit parti som blei grunnlagt av sosialistar og fredsaktivistar som var ekskluderte frå Arbeidarpartiet.
SPALTISTEN SURRA i kalenderen til det sjufaldige beredskapsministerpartiet. Det var i fjor Framstegspartiet utsette landsmøtet til hausten; i år blir det ekspedert digitalt denne helga. Det går nok glatt ettersom Siv har abdisert, og alle som skal dolkast, er dolka, slik at lysglimta frå dei nasjonalkonservative fyrtårna har slokna.
Hovudsaka er å kåra Listhaug til partidronning og fastlegga arbeidsdelinga mellom henne og Ketil Solvik-Olsen: Ho skal bruka utestemme og koma med kraftfulle og sylvilistiske utspel, han skal ta ned og dempa ballane med innestemme.
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Staten skal ikkje vera mjølkeku og livstrygdar for privatkapitalistar.
Fleire artiklar
Rosa rullar av gris – men om skinka er ekte eller ikkje, er ikkje godt å seie ut frå eit bilete.
Foto: Pxhere.com
Kokt skinke
Ikkje eingong «ekte» er det det ein gong var.
Gunnhild Øyehaug har skrive bøker i mange sjangrar etter diktdebuten i 1998. Ho er også lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Foto: Helge Skodvin
Bulletinar frå ein medviten romanperson
Gunnhild Øyehaug skriv friskt og morosamt om draum og røynd i metaland.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.