Sideblikk
The show must go on i alle bobler
Under krigen mot kinesisk og engelsk sjuke rullar det sportsindustrielle komplekset vidare.
Hallgeir Engebråten (t.v.), Håvard Bøkko og Sverre Lunde Pedersen fekk gå med publikum under kuppelen i Heerenveen i januar i fjor.
Foto: Peter Dejong / AP / NTB
Det er tøffe tak for oss sportsidiotar. Me dregst mellom å lata som ingenting og bruka tid og krefter på det me er avhengige av, og på den andre sida kjenna at det er litt ekkelt å vera fanga i toppidrettens alternative røyndom.
Verdscupane rullar vidare i boblene sine, og snart er det VM i alle greiner. Det skal skje i verna miljø som aldri kan vera hermetisk lukka, midt i eit pandemisk Europa. Smitte og karantene er ein del av spelet, på line med kneskadar, smørjebom, uheldige bakvindar, dopingtestar og ulik tilgang til høgdehus.
Skøytesporten er mest ekstrem: Den internasjonale konkurransesesongen er pressa saman til nokre veker under ein temperert kuppel i ein nederlandsk provinsby, utan publikum, og der gladiatorane er isolerte på lukka hotell. Omtrent som fotball-VM i ein autoritær og korrupt oljestat der ingen skulle tru at nokon kunne driva idrettsleik.
Utanfor boblene og innforbi ringane er treningssenter og idrettshallar stengde, og det er strenge restriksjonar på organisert aktivitet for barn og unge. Vaksne og veteranar kan berre vera takksame for at det er lov å røra seg utandørs.
THE SHOW MUST GO ON, av omsyn til profesjonelle utøvarar som må få konkurrera om heider og pengar, sjølvsagt, og av omsyn til oss sportsidiotar. Men grunnleggande av omsyn til det sportsindustrielle komplekset med sponsorar, reklameinntekter og kjøp og sal av TV-rettar.
Dei internasjonale idrettsforbunda er blitt svulmande bedrifter og mektige aktørar. Fleire av dei er bygde opp av handlekraftige bossar som klyngar seg til makt og posisjonar og held seg med hoff av lojale spyttslik-
karar. Dei fungerer som mafiabossar, fordi dei har makt til det, og fordi dei meiner dei fortener både pengar og prostituerte og andre favørar frå potentatar som vil kjøpa seg godvilje og sola seg i sportsglansen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.