JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Talsmenn for Amerikas krigsmakt

Ein forsvarsminister har plikt til å tala mot betre vitande om dei klandestine «tjænestan».

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (t.h.), etterretningssjef Morten Haga Lunde og forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen før dei la fram Etterretningstenestas vurdering av aktuelle tryggingssutfordringer, «Fokus 2020», i fjor haust.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

5600
20210319
5600
20210319

hompland@online.no

Dersom Dag og Tid, ein emeritert sivilombodsmann og Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité ikkje klarer å snu utnemninga, blir Frank Bakke-Jensen fiskeridirektør til hausten.

Det skjer etter ein klandestin prosess der han, med sine kapasitetar, blei oppmoda om å legga inn ein hemmeleg søknad etter fristen, for Høgre stod ikkje for tur til eit ledig embete som statsforvaltar i nord.

I ROLLA SOM ØVSTE ansvarlege for krigsmakta er Bakke-Jensen ein temmeleg ordinær megafon med høgstemte frasar, innøvde formuleringar og bortforklaringar. Når han går seg vill i skogen med bastante og forvirrande utsegner som han ikkje grunngir, dekker han seg bak naudsynte løyndomar av omsyn til nasjonens tryggleik. Om han kjem inn i eit hjørne, trekker han 9. april-kortet.

I saka om sal av Bergen Engines frå vestallierte Rolls Roys til russiske oligarkar og Putin-venner har han fått så mange reprimandar at han må stramma seg opp. Det tar seg dårleg ut å overlata vedlikehaldet av norske krigsfartøy og spionskipet FS «Marjata», med Erna Solberg som gudmor, til fienden.

Først var det ein ordinær transaksjon mellom to utanlandske og kommersielle aktørar som Nærings- og fiskeridepartementet verken skulle eller burde blanda seg inn i, for korleis skulle det då gå med ein liten, open økonomi som er global storinvestor? Nå er spørsmål blitt så brennbart at regjeringa bakkar og ser nærare på materien etter tryggleikslova.

I FRODE BERG-SAKA skal ikkje Bakke-Jensen skuldast for løgn. Som ein «komiske Ali» gjer han berre det ein forsvarsminister må gjera når det handlar om kva «tjænestan» har gjort eller ikkje gjort: Han snakkar mot betre vitande og veit at han gjer det, og han veit at alle andre veit at han gjer det.

Slik er det berre, og om lag slik vil det bli om forsvarsministeren etter valet skulle heita Huitfeldt eller Navarsete. Dei har prøvd å finna ein opposisjonell og kritisk posisjon, men skjemmer seg ut med både for mykje og for lite. I posisjon kjem dei nok i innhald til å halda fram i same spor som forgjengarane, sjølv om dei vil bruka litt andre ord og former og ikkje kle seg med det amerikanske flagget som bunad, slik Kristin Krohn Devold gjorde.

Ikkje eingong Landbruks- og matdepartementet sosialiserer sine statsrådar så effektivt som Forsvaret, sjølv om dei ikkje skulle ha gått på Forsvarets høgskole og blitt assimilert i hysjkulturen. Den fagmilitære toppen har det med å gjera statsrådar til sine talsmenn. Bakke-Jensen har tatt det eit steg vidare og får talepunkta sine klarerte og korrekturlesne av amerikansk overkommando.

Det gjeld også å passa seg for indre fiendar. Då Senterpartiet og Raudt viste til usemje om militærstrategiske val internt i Forsvaret, åtvara Bakke-Jensen mot «å dekonstruere det konstitusjonelle». Å lytta til andre enn forsvarssjefen er det reine anarki.

FOR OPPRUSTANDE russarar fortonar glidande basepolitikk, med atomubåtar, bombefly og rullerande, allierte garnisonar, seg som at Noreg er i ferd med å bli eit springbrett for amerikanske interesser i nord. Det offisielle svaret er unnvikande og avvisande. Slagplanen er å unngå for mykje analyse og meiningsbryting i det offentlege rommet, for det kan skapa tvil om det nasjonale samhaldet og styrka «trusselaktørene». Nokon kjem snart til å finna ei omplassering som kan stoppa kjeften på den uniformerte Tormod Heier, oberstløytnant og professor ved Forsvarets høgskole.

HÅREK ELVENES, Høgres forsvarspolitiske talsmann, er eit kasus for seg. Han må han blitt funnen inst i ein bunker frå den kalde krigen. Han held seg ikkje berre til «god dag mann, økseskaft», men tyr til alternative fakta når han legg ut om historie, folkerett, basepolitikk, U2, US Marines, aggressive russarar og krigsfare i nord. Når han er på tynn is, sper han på med solide dosar mccarthyisme.

Christian Tybring-Gjedde er ikkje Spaltistens favoritt, men i utanrikspolitiske spørsmål er han ein realist det av og til er verd å lytta til. Då han møtte Elvenes i ein debatt om Krim, Ukraina, Russland og vegar ut av høgspenning, sanksjonar og stadig kaldare krig, var Elvenes straks ute med sitt avskrekkande og knusande argument: At Tybring-Gjedde i det heile tatt snakka analytisk om dette på ein kjølig og nøktern måte, synte kor lett det er å bli offer for russisk propaganda.

I KORONABOBLA har Spaltisten brukt altfor mykje TV-tid på nordiske greiner. Hopp, kombinert og skisprint har sine kvalitetar, men ingenting kan måla seg med rytmen i ei tremil eller femmil der det bølgar fram og tilbake minutt for minutt, med rykk, opphentingar, innersvingar og dramatiske innspurtar, særleg når det er ein ekte slitar som vinn til sist.

Det slår meg at dette har sine parallellar i tryggingspolitikkens framvising av styrke og kapasitet, «avskrekking og beroligelse». Det som blir rosa som genial strategi og taktikk når det er våre gutar som står for det, er trugande og usportsleg når det er andre som gjer det – in casu russarar utan nasjonalhymne og flagg etter bloddoping og andre uhumske påfunn. Men styrkeforholdet er omvendt av forteljinga om vesle og fredselskande Noreg mot den trugande faren frå den fælslege russiske bjørnen: den einslege Sasja Bolsjunov omringa av ein norsk bataljon som er overlegen i alliansebygging, økonomi, vitskapleg kunnskap og smørjingsteknologi.

Slik kan det i all fall sjå ut frå den andre sida.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Å lytta til andre enn forsvarssjefen er det reine anarki.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis