Ta vare på broxiansk allmenning
Han er fagleg unik i sameininga av rurale røter og urbant liv med politikk og akademia.
Ottar Brox fylte 90 år tysdag denne veka.
Foto: Sigrun Høgetveit Berg
hompland@online.no
Ottar Brox runda 90 år tysdag. Han er dårleg til beins, men still going strong. I eit par mannsaldrar har han vore eit omdreiingspunkt i norsk samfunnsdebatt med frie ord, alltid kopla på aktuelle saker og utviklingstrekk, men aldri utan fagleg bakgrunn, og alltid med feste i sosial og kulturell arv frå Torsken på Senja, der faren var lærar, småbrukar, lokalhistorikar og ordførar.
Frå bygdeopphavet i eit hushald i utkanten i etterkrigsåra gjekk han ein krunglete veg til Noregs landbrukshøgskule, der han delte hybel med ein likesinna venn, historikaren Kåre Lunden. Derifrå til akademiske posisjonar i sosialantropologi og professorat i sosiologi ved det nystarta Universitetet i Tromsø. Etter eit intermesso som leiar av Alternativ Framtid var hans faglege seniorheim Norsk institutt for by- og regionforsking i Oslo.
I ALL SI GJERNING har den nyfikne Brox trekt vekslar på dei rurale røtene sine, det urbane livet og breidda av akademiske, sosiale og politiske røynsler.
Han har brukt bakgrunnen i nord som kompetanse og kompass. Hjarta hans er fest med dei finaste, finaste band. Der han stima som gut og var sæl i sin heim. Denne heimen dreg han så blidt, når han langt er ifrå.
Men det som pregar Ottar Brox som samfunnsmenneske og fagmann, er at han ikkje berre minnest så vel dette land, dette fjell, denne strand, denne fjord, dette hav, denne stad. Han har det i seg og med seg, men ser det også utanfrå som råstoff for faglege resonnement, politikk og kronikkar. Teori er vel og bra og nyttig, men det må munna ut i praktisk samfunnsvitskap.
BYRÅSJEFEN HAR FØLGT Brox i ein dryg mannsalder, og han nektar ikkje for at jubilanten har utvida samfunnsdebatten med provoserande innspel og originale synsvinklar. Men med Hva skjer i Nord-Norge? En studie i norsk utkantpolitikk (1966) og Nord-Norge. Fra allmenning til koloni to tiår seinare, har han undergrave tilliten til sektorekspertisen og respekten for framsynet og den gode viljen til Forvaltninga.
Vertinna meiner det har vore eit gode at ein fagmann med innsikt og tyngde står fram med alternativ til beste for livsvilkåra i utkantbygder og lokalsamfunn i periferien, mot konvensjonell dårskap i sjølvmedvite, firkanta og teknokratisk byråkrati i det innsnevra sentrum. Ho har hatt Brox som gjest, og den karen var ingen pompøs professor, men ein triveleg og talefør kar å ordskiftast med og læra av.
OTTAR BROX ER FOR MYKJE av ein generalist til å la seg binda av grenser innan og mellom samfunnsfaga og mellom fag og politikk. Han meiner at ein lærer meir om samfunnet ved å delta aktivt enn ved berre å vera tilskodar.
Han har også hatt ambisjon om å vera folkeopplysar, som talar, skribent og debattant over eit breitt felt. Han har brukt fag i den allmenne samfunnsdebatten, han har arbeidd politisk for å skapa offentleg interesse for forskingsperspektiv, men også brukt erfaringar som politikar og debattant som inspirasjon til ny forsking. Ottar Grepstad har kalla han «pamflettforskar», og det er meint som ros.
SOSIALISTISK FOLKEPARTI blei skipa i utanrikspolitisk opposisjon, men Brox forma distriktspolitikken. Etter EF-
striden i 1972 var han stortingsrepresentant frå Troms for SV i ein periode, men fann seg ikkje til rette i parlamentarisk arbeidsmåte og debattform.
Røynslene frå «feltarbeidet» på Stortinget gjorde at han fekk auka interesse for korleis dei symbolske sidene ved meiningsdanning og politiske prosessar utvidar kløfter og hindrar praktiske og pragmatiske løysingar. («Skismogenese» var eit favorittomgrep.)
Med boka Jeg er ikke rasist, men ... i 1991 kasta han seg inn i innvandringsdebatten. Han ville laga eit samtalerom for realisme på tvers av splittande markeringar som trappa opp konfliktane, med framvekst av ein ny underklasse som resultat.
UNDER HØGREBØLGJA på 1980-talet skreiv Brox ei bok om sosialdemokratiets rolle. Gode rådgjevarar meinte tittelen burde vera «Ta vare på Norge», for det var moralen. Som venstreradikal sosialdemokrat likte ikkje Ottar forslaget, for det minte om klassisk konservatisme. Men han innsåg at det var hans posisjon og populistiske argumentasjon: Ta vare på det egalitære og rettvise Noreg som blei utvikla med folkelege krav, politisk vilje og strukturreformer i Nygårdsvolds og Gerhardsens tid.
EIT PERSONLEG PS. Eg er vel nær inhabil til å skriva om Ottar. I si tid skreiv me artikkelen om «populisme» i PaxLeksikon saman. Og det er verre enn som så: Som «eldste tilstedeværende broxianer» har eg skriftleg fullmakt til å framføra favorittvitsen hans når han sjølv ikkje er til stades på sosiologiske festivalar. Vitsen går slik, utan Ottars utbroderingar, kontekstualiseringar og medvite mislykka forsøk på å omsetta til andre språk:
To eldre finnmarkingar med skinnlue står ved rekka på hurtigruta.
– Nu går det mot vinters tid, og vi har ingen sommar hatt.
– Ka du ska med sommarhatt nu som det går mot vinters tid?
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Han har det sosiale, kulturelle og geografiske opphavet i seg og med seg som fagleg kompass.
Fleire artiklar
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ragnar Bjerkreim har teke utgangspunkt i Josef-forteljinga i 1. Mosebok. Prosjektet tek for seg flukt, emigrasjon og folkevandring til ulike tider og på ulike kontinent.
Foto: Gry Monica Hellevik
Gjennom byar, under bru
Ragnar Bjerkreims Stjernesti famnar breitt, med mange røyster og opne landskap.