Strukturendring av sportsverda
«Idrett for alle» kan enda som aktivitetar for barn av foreldre med dårleg tid og god råd.
Barnas holmenkolldag vert omtalt som verdas største barneskirenn.
Foto: Erik Johansen / NTB
hompland@online.no
Det er berre oss idrettsgalne og -glade det er lov å kalla «idiotar». Men me lar oss ikkje hundsa, for Hans Majestet er medlem nummer 1. Den kunstinteresserte dronninga kallar han sportsidiot. Når han ikkje møter fram på tribunar og deler ut kongepokal, sit han i godstolen og ser på, med kunnige kommentarar.
VERTINNA ER TV-slave og ser mykje sport. Ho har vore gift med NRK og hatar den stadige skiftinga mellom kommersielle fjernsynskanalar. Om ho finn fram til den rette, må ho enten betala dyrt eller bli plaga av delt skjerm og reklamepausar.
Ekspertkommentatorar følgjer pengane og flyttar etter. Dei er høgast oppe og græt ein skvett for dei tapre som har kjempa seg tilbake etter alt dei har vore gjennom av mentale utfordringar, sjukdom og skadar.
Byråsjefen meiner Spaltisten og Vertinna ikkje skjøner sitt eige og det allmenne beste. Når eit hardt pressa NRK har kjøpt seg til fant på OL-rettar frå 2026, må dei spara inn på program for kjernegruppa 60 +.
«HER KOMMER VINTER’N, her kommer den kalde fine tida» er den mest misbrukte av alle lydvignettar. Han signaliserer glede over aktivitet i kulde og snø, men moralen hos Jokke og Valentinerne er at då er det endeleg fred å få for typar som liker å sitta inne og pimpa når sola skin, som er svake for sport, men berre på skjermen, og berre når vi vinn: «Du ække aleine, vi er mange som har det sånn.»
Den nasjonale populærkulturen lever i symbiose med draumen om at «vi viser verden vinterveien», sjølv om skispor nå trekker ein open sti gjennom heile verda. Sigurd Jansen og Alfred Næss laga «Vinter og sne» som offisiell song til ski-VM i Oslo 1966, framført av Wenche Myhre med barn frå Majorstuen skole.
Som ein del av arven blei songen henta fram att til ski-VM i 2011 og framført i mange variantar, også på homoinkluderande vis av Oslo Fagottkor, med stavar og strikkegenser i mariusmønster. Den versjonen som er stuck in my head på Vertinna, er når Tone Damli Aaberge tenner lyktene på klingande sognanynorsk:
Vinter og snø,
ein gutunge stabbar av stad
på bitte små ivrige barneski
Han veit ikkje at i tusen år
har skispor kryssa naturen vår
Men laga kry over snødekt jord
sitt første spor.
VÅRE NYE LANDSMENN skulle frelsast for vinter, snø og dugnad i samband med ski-VM i 2011, med kronprinsen som høg beskyttar. Det gjekk spektakulært dårleg. Det er like vanskeleg å gjera innvandrarar i dei første slektsledda til vinter- og kuldeentusiastar som det er å omvenda tungt religiøse til den sekulære norske protestantismen. Mens andre idrettar, fotball ikkje minst, er blitt fargerik, er norsk vintersport drivkvit.
PARADEGREINER er i omkalfatring, demografi og busetnad endrar seg, og det skjer ei strukturforvandling av sportsoffentlegheita både heime og ute. Det er lenge sidan Morgedal var skisportens vogge, Holmenkollen hoppsportens Mekka og Bislett skeisesportens Medina.
Då den svenske idéhis-
torikaren Sverker Sörlin for eit tiår sidan hylla norsk langrenn i boka Kroppens geni, handla det om lidenskap og bygdeoppvekst, Oddvar, Marit og Petter.
Det er ikkje lenger bondegutar og fjøsjenter som dominerer norsk langrenn. Kjelsås i Oslo vann begge NM-stafettane. Nydalen har fleire skiløparar enn andre norske dalar. Bjørgen og Johaug har busett seg i den rette åsen, og ingen veit kvar Northug hamnar.
«IDRETT FOR ALLE» er eit vakkert slagord: idrett for topp, breidde og botn, for medaljar og folkehelse. Desse velsigningane skal springa ut av den frivillig organiserte idrettsrørsla – med stat og kommune attåt. Truvedkjenninga er at breidde i barndommen, der alle skal med, skaper toppar, men også omvendt: at toppar er gode førebilde som lokkar breidda med seg. I praksis er det ein balansegang mellom eldsjeler og dugnad, kommersielle aktørar og eit slags sportsdirektorat, med Norsk Tipping og den gjennomhola einerettsmodellen som nøkkelfaktor.
Stadig fleire av tippemidla går til idrett, framfor kultur og forsking. Men anlegg er prioritert, ikkje drift; det får klubbane klara med gratisarbeid, kontingent og vaflar. Det gjer dei ikkje, for dugnadinnsatsen stagnerer og er i fritt fall somme stader, mens det er aukande krav til fagkompetanse i administrasjon og trening. Løysinga er meir foreldrebetaling for å vera med på trening og ski- og fotballeirar med profesjonelle instruktørar.
Idrett for alle kan enda som idrett for dei som har råd, eller som er grunnsosialisert til dugnad, vinter og snø i den norske idrettsmodellen. Den ultimate norskdomsprøva er trass alt å føta seg på glatta, kle seg rett og trivast med å basa i snø og leika på is.
VÅR STØRSTE DIKTAR, Henrik Ibsen, får siste ordet, som sportsreporter i Illustreret Nyhedsblad 30. mars 1862. Han likte det han hadde sett av skitevlingar på Grorud, for han meinte at slikt kunne skapa friske, sunne, smidige og sterke barn. Men han hadde innvendingar mot magebelte og ulltrøyer utandørs, som han hadde mot verna leik med tinnsoldatar og tresabel i omnskroken inne:
«Vi er nemlig redd for at både fedre og mødre i våre dager kjæler ubetimelig med de oppvoksende gutter, pakker på dem skjerf og pelsverk når det skal over rennesteinen, og neppe vil slippe dem ut på gaten for at de ikke skal komme til noen skade eller mén. Har gutten lyst på kjelke og ski, så la han øve seg med dem, om enn det kan hende at han kommer hjem med neglelsprett og skrubbnese.»
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.