Sideblikk

Støres største samling i sentrum

Politiske alliansar er ferskvare. Støre har flørta før med KrF og V, som er i nær slekt med S.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum og Ap-leiar Jonas Gahr Støre kan få fleire spelarar med på laget, trur Spaltisten.
Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum og Ap-leiar Jonas Gahr Støre kan få fleire spelarar med på laget, trur Spaltisten.
Publisert

Det var ein grov teljefeil i Sideblikk for to veker sidan, for Byråsjefen hadde ikkje kvalitetskontrollert og lese korrektur. Men ein lærer så lenge ein har gode lesarar. Derfor kjem rettingane først i dag; dei er grundig utbroderte og kan føra mykje med seg.

Gro Harlem Brundtland, Jonas Gahr Støres politiske gudmor, var statsminister i ti år, ikkje i seks. Ho kom aldri til makta etter ein valsiger, men leia tre mindretalsregjeringar med vekslande budsjettstøtte frå SV, Høgre og sentrumspartia.

GRO I (4/2–81 til 14/10–81) var ein arv etter Odvar Nordli og andre trætte mænd. Sjølv fekk han migrene og dårleg syn. Nordli hadde i 1976 overtatt etter den slitne Trygve Bratteli som kom baklengs til makta i etter-EF-valet i 1973. Han leia ei mindretalsregjering med støtte av 16 SV-representantar som hadde som mål å halda Arbeidarpartiet i øyra.

Nordli-regjeringa vann stortingsvalet i 1977 med eit naudskrik. Ved kontrollteljinga blei det funne ein gløymd konvolutt med SV-røyster, så Hanna Kvanmo blei attvald for SV frå Nordland, og regjeringa overlevde med eitt mandat på den parlamentariske kjøtvekta.

Gro I fall då dei såkalla borgarlege partia fekk fleirtal ved valet i 1981. Senterpartiet var solidarisk med Kristeleg Folkeparti, som ikkje ville vera med i ei regjering som administrerte lova om sjølvbestemt abort; dei ville for ei tid vera «vekkerop i fri stilling». Så Kåre Willoch skipa mindretalsregjering av Høgre, men med døra på gløtt.

Etter at senterpartileiaren Johan J. Jakobsen heldt ein pinsetale i Setesdal i 1983, gjekk sentrumspartia (det var berre to, for Venstre var ute) inn i regjeringa. Så lenge det er pust i han, vil Willoch insistera på at det ikkje var tale om Willoch II, men ei utviding av regjeringa, som likevel måtte rekna med dei to frå Framstegspartiet for å ha fleirtal.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement