Sideblikk

Stem på ein statsminister i haust

Erna Solbergs politiske styrke er ikkje det prinsipielle, men at ho har orden på detaljane.

Jonas Gahr Støre (Ap) og Erna Solberg (H) i den munnlege spørjetimen i Stortinget onsdag i førre veke.
Jonas Gahr Støre (Ap) og Erna Solberg (H) i den munnlege spørjetimen i Stortinget onsdag i førre veke.
Publisert

Valet i haust er eit statsministerval: Erna versus Jonas. Mykje står på spel for begge: For henne ein historisk tredje periode, for han siste sjanse til å sleppa å gå inn i soga som den kompetente statsministeren partiet og landet aldri fekk.

Arbeidarpartiet kavar saman med Høgre langt nede på 20-talet, men Jonas tar innpå i målingane om kven som vil fylla statsministerstolen best. Det står mellom dei to. Byråsjefen er trygg på at han slepp å eta ein firkløver, som han lova dersom Senterpartiet blir størst og Vedum statsminister.

Men eit regjeringsskifte er avhengig av at Senterpartiet ikkje sprekk før innhaustinga. Same kvar dei måtte plassera seg i fossile og verdikonservative saker, veit Støre og venstrepartia at det berre er Senterpartiet som kan flytta mange nok veljarar over den politiske midtstreken.

DEN NYKRONA DRONNINGA i Framstegspartiet veit det også. Ho har ein sylvilistisk dobbelstrategi for å lokka tilbake periferiveljarar som Trygve har lurt til seg: på den eine sida uhemma og utruverdige frieri til Senterpartiet om å byta side, på den andre sida klagar over at Senterpartiet har stole Framstegspartiets anti-elitistiske bunad mens dei sat inne til soning i det sentrale regjeringsfengselet.

Som ei siste helsing før ho sa «Morn’a, Jensen» til seg sjølv, slo Siv eit slag mot «formynderstaten», eit høgreslagord som var på moten i Anders Langes tid på 1970-talet. Det synest Byråsjefen er rimeleg dristig av ei som har styrt skreddar- og vevarøkonomien i Finansdepartementet i sju oljefeite år. Han høyrde avskilsorda hennar til partiet som ei syndevedkjenning for alle kompromissa med Høgre og dei to små tullepartia: «Den som ikke står for noe, faller for alt.» Listhaug tok over stafettpinnen med Dagbladets gamle slagord «Tør der andre tier».

HØGRE SATSAR alt på at Erna framleis er stjerna. Mellom oppslaga «Høyre – enkelt forklart» og «Vi tror på Norge» på heimesidene deira, breier ho seg under merkelappen «Bli bedre kjent med Erna». Der kan ein møta Erna frå barn til 60, Erna på stemmefiske, Erna i flau bris med redningsskøyte i bakgrunnen, Erna i ruskevêr og stille. Det er så ein kunne tru ho var på audition for ei retrettstilling som fiskeridirektør i Bergen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement