Sideblikk

Sportsvaska leikar luktar vondt

Det er tvilsamt om toppidrett utviklar sunne sjeler i sunne lekamar – med eller utan pest og testing.

Ein OL-buss som fraktar mediefolk blir desinfisert for overflatesmitte i Zhangjiakou under OL i Beijing 2022.
Ein OL-buss som fraktar mediefolk blir desinfisert for overflatesmitte i Zhangjiakou under OL i Beijing 2022.
Publisert

Byråsjefen er sjølvmedviten, prinsippfast og sta. Om ingen andre, verken styremakter, organisasjonar, medium, deltakarar eller tilskodarar, gjer det som gjerast burde, så gjer han det av private samvitsgrunnar: Han boikottar OL og alt det fører med seg. Han rosar kongehuset for å halda seg heime, han finn det passande at idrettspresident Kjøll frå Huawei gjer det same, men han har merka seg at utanriksministeren og sports- og kulturmisteren hadde tenkt seg til Kina – til dei blei stoppa av koronakarantene.

Slik må det vera, for i meir enn ti år har Noreg krope for Kina etter Nobels fredspris til dissidenten Liu Xiaobo. Styresmaktene brukte idrettsrørsla til å senda ut skimisjonærar og henta kinesiske ungdommar til norske skigymnas. Det var ei opning i muren for å ala fram skiløparar og omvenda kinesarane til snøens evangelium og visa verdsmakta vintervegen. Om me etter oljen ikkje direkte skulle kunna leva av ein frihandelsavtale for eksport av norske skitrenarar, kunne me i norsk overmot få smugla med den norske (idretts)modellen og omforma Kina i vårt bilde.

Det har ikkje vore nokon suksess, men medaljens framside er at laksen har kome ut av den kinesiske fryseboksen.

SPORTSLEIKANE til Xi Jinpings ære stinkar som skjemd laks, same kor sportsvaska dei er av det korrupte fåmannsveldet som er dei olympiske ringanes herrar. Grindaguten Gerhard Heiberg har fått godt utbytte av lobbyinnsatsen.

Kinesisk promp luktar totalitært og vondt: undertrykking av ytringsfridom og menneskerettar, internering av uigurar, knusing av demokratiet i Hong Kong, flaggermusmat og sjølvskryt på alle hald. Mens idrettsfolk blir truga med straff – om dei skulle ytra seg kritisk om systemet. Det er viktig å koma seg gjennom testregimet slik at ein får delta; det er viktigare å vinna, men det viktigaste er å halda kjeft.

BYRÅSJEFEN VAR SKEPTISK til OL i Oslo i 2022, og han var nøgd med at Høgre sett sparefoten ned. Men nå meiner han at slike bører må me ta på oss, dersom alternativet er at store arrangement blir kjøpte, muta og betalte av diktatoriske og bøllete regime som vil spegla seg i sportsglansen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement