Sportens kommersielle vippepunkt
Grensene mellom sport og sirkus er hårfine. Prinsippa er så høge at det er lett å gå under.
Den kenyanske maratonløparen Eliud Kipchoge sprang maraton på under to timar i Wien 12. oktober i år.
Foto: Lisi Niesner / Reuters / NTB scanpix
hompland@online.no
ELIUD KIPCHOGE (34+) sprengde ei grense sist laurdag. Same kor spesialsydd opplegget var, i ein park i Wien, kan ingen ta frå kenyanaren at han er det første mennesket som har sprunge maraton på under to timar: 1.59.40 på 42.195 meter. (Feidippides brukte dobbelt så lang tid frå Marathon til Athen i 490 f.Kr., og han døydde av det.)
Men dette var ikkje ei idrettstevling; det var sirkus med ekstraordinær logistikk, motorisert følgje og robotaktig opplegg, pakka inn i symbolsk grensesprenging. Kipchoge var omgitt av ein velorganisert hær med fotfolk av harar frå Nike-stallen, alle på rosa sko med hemmeleg materiale i solane.
Den såkalla verdsrekorden høyrer heime i Guinness rekordbok i kategorien vellykka reklamejippo. Det auka marknadsverdien for Nike. Kipchoge fekk eit tosifra millionbeløp for jobben, og det var både stas og godt betalt å vera hjelpeløpar. Og NRK stilte opp med direkte reklamesending.
DEI TRE BRØRNE Ingebrigtsen frå Lura var med. Dei spring «grævlig fort», som det heiter i Sandnes, og dei gjer det godt i meisterskap som i årevis har vore dominerte av austafrikanarar. Men om dei vil ha meir enn heider og medaljar, må dei etter kvart slå seg på storbymaraton og andre langløp utanfor den organiserte idrettsrørsla, for det er der dei store pengepremiane ligg.
Pappa og trenar Gjert Ingebrigtsen (53) er sjølvkonstruert. Til og med idiolekten er ei personleg blanding av Båtsfjord og Sandnes. Han har inga trenarutdanning og har ikkje sjølv drive med friidrett, men er likevel kåra til «årets trenar».
Han driv «guttane» i teamet hardt og kollektivt etter mottoet: «Dæ æ’kje någe eg-ing her». Om korfor dei driv på slik dei gjer, har han sagt: «Me held ikkje på med dette fordi me er så interesserte i idrett, men fordi me skal vera best, elles er det ikkje interessant.»
TEAM INGEBRIGTSEN er kjepphøge, og det har dei grunn til å vera. Det er ein litt annan aura av lått og moro rundt Karsten Warholm frå Ulsteinvik og trenaren Leif Olav Alnes frå Torvikbukt og Nittedal. Ettersom også Alnes har sunnmørske røter, kan dei to i teamet tulla med hardt arbeid, sparsemd og store pengar – Warholm som flåkjefta sunnmøring, Alnes som ein artigkall som er fagleg sterk og god på kveikpreik.
Gjert Ingebrigtsen er det fremste dømet på at idrettskarrierar er familiære tilretteleggingsprosjekt som går over i eit forretningskonsept der far, mor, søsken og morfar går inn i servicebransjen. Eller at ambisiøse og overivrige opphav prøver å få selt sønene sine til fotballskular i utlandet straks dei er kjønnsmogne.
Det er godt at det berre er éin Gjert Ingebrigtsen. I 99 av 100 tilfelle kunne det gått heilt gale.
AT IDRETT også er ein økonomisk arena, er gamalt nytt. Det er ikkje det minste rart at dei beste utøvarane vil ha sin del av kaka og ikkje sitja att etter karrieren med berre slitne bein og ei premiesamling som er utstilt på kommunehuset.
Før den organiserte idrettsrørsla var kappløp ein del av sirkus- og veddemålsbransjen. Vertinna er heilt usportsleg, men ho har kjennskap til ein av dei fremste gjennom tidene: Mons Monsen Øyri frå Fresvik i Sogn, med kunstnarnamnet Mensen Ernst (1795–1843). Han tente til livets opphald som springande kurer, men turnerte også dei europeiske storbyane med show. Det mest omtalte veddemålet var då han sprang frå Berlin til Moskva på tolv dagar. Han døydde av dysenteri ved Aswan i Egypt då han tok seg gjennom Litleasia via Jerusalem for å springa og finna Nilens kjelder.
I nyare tid fekk avdanka heltar hjelp til å starta sportsbutikk eller skifabrikk med sin idrettslege kapital, for dei hadde ikkje hatt store sponsorinntekter. Så slo Odd Martinsen seg opp på plastski frå Fisher, Bjørn Dæhlie på sportstøy og eigedomsutvikling og Vegard Ulvang på ullsokkar. Petter Northug gjorde seg sjølv til privat firma utanfor landslaget, paradoksalt nok betalt av den kooperative samvirkerørsla. Therese Johaug frå Dalsbygda og etter kvart Holmenkollåsen, med Jørn Ernst som manager, sopar inn på reklameoppdrag og kolleksjonar, men blir framleis sett på som eit lite stykke Noreg.
Magnus Carlsen er så stor at han finn det heilt rimeleg at han skal styra sjakk-Noreg, med far sin som forretningsførar.
Det er skilnad på å beundra, respektera og lika. Det er derfor alpinisten Henrik Kristoffersen slit med å bli folkeeige. Det gjer seg dårleg i den norske modellen å satsa på styrkedrikk og ligga i rettssak med eige forbund om ein større del av felleskassa.
QATAR ARRANGERTE VM i friidrett der ingen skulle tru at den slags kunne finna stad. I ørkenheten installerte dei luftkjøling på stadion; det neste blir vel å stilla dysene slik at det blir medvind rundt heile bana. I 2022 skal dei skipa til fotball-VM, også det i ein ekkel saus av imagebygging, kommers, korrupsjon, innebygging og slavearbeid.
Karsten Warholm erkjende at det var eit dilemma å driva sport under slike vilkår, men han valde å hoppa over hekkane og sjå ein annan veg i dimna. Sjølv om Arne Kvalheim var heroisk og stod over EM i Athen i 1969 under juntastyret, kan ikkje boikott vera eit individuelt ansvar. Det valet må den organiserte idrettsrørsla ta, men dei held seg med verdiar og prinsipp som er så høge at det er lett å krypa under.
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er godt at det berre er éin Gjert Ingebrigtsen. I 99 av 100 tilfelle
kunne det gått heilt gale.
Fleire artiklar
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.