Som julekvelden på regjeringa
Prosedyrane gjentar seg. Det var kjekkare for Støre å bli statsminister enn å vera det.
Då den scenarisk varsla omikronbølgja kom, måtte det improviserast, for planane var ikkje gryteklare. Statsminister Støre i midten, lengst framme, ved sida av finansminister Vedum.
Foto: NTB Kommunikasjon/Statsministerens kontor
hompland@online.no
Jula er tid for mirakel – for dei som trur på jomfrufødsel, men også for oss andre som veit at det snur mot lysare tider når det er som mørkast.
VERTINNA ER IHUGA og svoren sportsidiot, sugen på stolte augneblinkar. Ho stura over at gratis sport utan reklamepausar forsvann frå NRK, men kraup til korset og fann fram til TV 2, TV3 og så bortetter, heilt til ho oppdaga og blei fanga av betalingskanalane.
Nå er ho verpesjuk med ros av dei førjulsrituelle handballjentene og denne vetle islendingen frå Jæren. Når dei kunne snu den forferdelege første omgangen i finalekampen og knusa Frankrike, må Vertinna medgje at under kan skje.
Byråsjefen er MEIR nøktern, men han ser også teikn til eit juleunder etter at dei pandemiske styresmaktene blei hardare i klypa. Som Frode Forland i FHI tyr han til derivering av høgare grad: Den bratte stigingstakta i smittetala ser ut til å vera på veg til å flata ut.
Det er bra for Forvaltninga og regjeringa, for tilliten har falle, sjølv om han framleis er rimeleg høg. At ein allianse av Charter-Svein og stalinisten Pål Steigan tiksar og tuskar og tutar om konspirasjonar, lokkar ikkje illsinte folk ut i kulden til protestar utan munnbind. Dei aller fleste vaksinerer seg og tar ein for laget og seg sjølve. Det er typisk norsk dydsetikk å vera god til å ha tillit.
Om det er politisk pandemiopposisjon i Noreg, så er det mot at det blei opna for tidleg, og at dei nye tiltaka kom for seint og ikkje er stramme nok.
BYRÅSJEFEN MANAR til sakleg informasjon utan katastrofevarsel. Han undrar seg over at FHI sleppte laus eit undergangsscenario med mellom 90.000 og 300.000 omikronsmitta kvar dag i nokre veker framover. Dei kan kalla det illustrasjonar og ikkje predikasjonar så mykje dei vil, men tala har sin effekt. FHI ville vel selja inn og legitimera innstrammingane, og det kan dei koma retorisk og fagleg levande frå: Om det ikkje blir så dramatisk, provar det kor nødvendige og effektive tiltaka var.
Byråsjefen undrar seg over at den røynde scenaristen Jonas Gahr Støre, tidlegare smittesporande stabssjef i WHO, ikkje letta på munnbindet og problematiserte tala frå Stoltenberg og FHI. Eit worst case scenario kan vera mogleg (possible) og gje kolossale utslag (impact), men har uhyre lågt sannsyn (probabability). Dei er ikkje nyttige som styringsverktøy, men brukbare til å skremma med. Derfor er dei farlege for tiltrua til styremaktene, meiner Byråsjefen.
HJELPESKRIVARANE NØLER med å seia det høgt, men dei forstår det agget som er i ferd med å breia seg mot den harde kjernen av dei 400.000 frivillig uvaksinerte som er flokkimmune mot informasjon – enten dei er konspirasjonsteoretikarar og religiøse fundamentalistar eller utlendingar frå Aust-Europa og nokre land i Afrika. Dei sprenger kapasiteten på sjukehusa og er eit trugsmål mot liv og helse i risikosamfunnet.
Spaltisten prøver seg med menneskerettar, individuell fridom og salighetsspørsmål. Men Byråsjefen minner han om at han er ein militærnektar som av alvorlege samvitsgrunnar fekk fritak for allmenn verneplikt. Til gjengjeld fekk han rimelegvis lengre teneste og måtte akseptera at enkelte jobbar var han ikkje klarert for.
Vertinna meiner at den som insisterer på å halda samvitet reint og kroppen stikkfri, må ta konsekvensane av det. Ho vil ikkje slepa vaksinenektarane i lenker til vaksinasjonskontora eller nekta dei helsehjelp, men meiner at dei må haldast unna normal sirkulasjon i samfunnet.
DEN REDUSERTE koronajula i fjor skulle me minnast for alltid fordi ho var så annleis, og med restriksjonar som varte heilt til påske – utan faste. Kifo (Institutt for kirke-, religions- og livssynsforskning) har funne ut at mange sakna dei faste og offentlege rituala, men at folk flest tilpassa seg som best dei kunne. Ikkje få var godt nøgde med å sleppa både opphaussa jobbjulebord og familiært samværspress: Det blei ei rolegare og meir avslappande jul enn elles.
Med jul nummer to som ikkje følgjer same prosedyre som kvart år, blir det annleise annleis. Faste ritual kan ikkje ha for mykje slinger i valsen før dei taper kvaliteten av sjølvsagt normalitet. Då kan nye vanar festa seg og faste mønster endra seg.
Det er litt som med dei faste rituala i skisportens mekka, som ofte er innhylla i Kollentåke. Eitt år er det artig og minneverdig at «vi så’kke at dem hoppa, men vi hørte at dem datt». Men om det gjentar seg kvart år, sviktar også dei trufaste.
OMIKRONBØLGJA og straumprisane har kome som strekar i rekninga for Jonas Gahr Støre, sjølv om det var varsla kriser. «Den ordinære terminkonferansen», som Trygve Bratteli så avdramatiserande kalla førjulsmøta med pressa, blei noko heilt anna enn ei skryteliste på veg mot AS-regjeringas første hundre dagar. Dei politiske kvartera kjem tett som virus. Støre og statsrådane hans har måtta venna seg til at ein meiner noko, til ein må meina noko anna.
Så langt har det vore kjekkare for Støre å bli statsminister enn å vera det. Eit politikarliv må levast i samtid og sanntid, men kan skrivast bakfrå i ettertid. Det er framleis eit stykke att til Kåre Willochs oppsummerande hjartesukk: «Det er bedre å ha vært statsminister enn å være det.»
HOLD UD. Og ha ei god og fredeleg koronajul.
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

FHI kan kalla det illustrasjonar og ikkje predikasjonar så mykje dei vil, men tala har sin effekt.
Fleire artiklar
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.
Elin Eika Bringa debuterer som romanforfattar.
Foto: Christopher Helberg / Bonnier Forlag
Utan eit eige rom
Elin Eika Bringa skriv seg inn i dei siste dagane i eit liv i romanen Snart er eg natt.