JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Senterpartiets trufaste grasrøter

I politisk landbruksøkonomi har bønder fordel av staten som motpart og medspelar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Landbruks- og matminister Sandra Borch på pressekonferansen om jordbruksoppgjeret 2023. Til venstre leiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming.

Foto: Annika Byrde / NTB

5579
20230526
5579
20230526

hompland@online.no

To år på rad har Sandra Borch og Senterpartiet levert det politisk moglege til kjerneveljarane. Det skal bli nok raudt kjøt til ordentleg middag for folk flest. Gjennom jordbruksforhandlingane med staten er bøndene i år løfta ut av tvangs­trøya til frontfaga: pluss 23 prosent, 110.000 meir inn på konto, 60.000 av dei skal fylla litt av inntektsgapet til samanlikningsgrupper.

Om det held fram slik, kan driftige heiltidsbønder nærma seg medianinntekt for eit årsverk før Senterpartiet ikkje lenger er basert i regjeringa.

SMÅBRUKARLAGET hoppa av før oppgjeret var i gang. Med ein bondeopprørar som ny leiar har veslebroren ikkje spart på møkka etter at avtalen mellom staten og det lojale Bondelaget var i hamn: Heile næringa er i sjokk, tidenes mageplask, tull og tøys, tøys og tull. Luftpengar.

Småbrukarlaget seier det mange bønder tenker, men er offer for stigande forventningars misnøye. Den utolmodige feilen dei gjorde, var å ta orda frå Hurdal for bokstaveleg: auka sjølvforsyning, norsk matproduksjon på store og små bruk, lys i fjøs og våningshus over heile landet, rettkomen inntekt for hardtarbeidande og forgjelda bønder. Det handlar ikkje (berre) om milliardar, men også om signal om ei anna retning for at bondemenneske skal ha tru på ei framtid utanfor strukturrasjonelt fabrikk- og storlandbruk.

SV HAR HENGT SEG PÅ markeringsvogna. I budsjettforhandlingane med regjeringspartia vil Fylkesnes plussa på det staten og Bondelaget er blitt samde om.

Det kjem ikkje til å skje, for det er djupt og breitt fleirtal for at Stortinget skal respektera forhandlingsinstituttet og ikkje overprøva partane. Men SV kan få med ein merknad som minner om at det trengst ein forpliktande og tidfesta plan for inntektsjamstilling. Senterpartiet er samd i sak, men dei er pragmatiske og ikkje fartsblinde når det handlar om tempo.

I DEN NORSKE MODELLEN er det uhyre vanskeleg å flytta grupper ut av forhandlingsrituala og gje dei eit ekstra løft. Same kor fortent det måtte vera, endar det med lovord og applaus – berre spør lærarane.

For bøndene er det ein stor fordel å ha staten som motpart, for Landbruksdirektoratet er underlagt statsråden, som ikkje kan dytta ansvaret over på eit fristilt arbeidsgjevarorgan som er over og utanfor politisk vilje og styring. Slik er den politiske landbruksøkonomien.

***

RETTINGAR. I Sideblikk førre veke mimra Spaltisten og Byråsjefen om livet på Tostrupkjelleren på 70-talet. («Tørrstrupkjellaren» som Jon Leirfall kalla etablissementet i sogebøkene sine.) Der skal det ha vore eit indre rom som blei kalla Holland, men som Byråsjefen mishøyrde som «hold an», for å utsetja neste øl.

Så gudsjammerleg feil kan ein ta, forr det syner seg å vera skjør kunnskap som var parallellforskuva i tid og stad. Holland blei nok berre brukt i ein engare krets rundt den legendariske Dagbladet-redaktøren Arve Solstad, som hadde det med å dosera om både hovudstraumar og bakevjer i norsk politisk historie, også om ei elite-politisk gruppering i førparlamentarisk tid.

EIN PÅPASSELEG LESAR har kome til oppklarande unnsetning. Han viser til ei bok frå 1927 av Fredrik Wildhagen Ording: Henrik Ibsens Vennekreds. Det lærde Holland. Et kapitel av norsk kulturliv. Der går det fram at «Det lærde Holland» i 1850-åra var namnet på ein «kreds av aandsinteresserte mænd» som ein gong i veka samla seg i Paul Botten-Hansens bokoverfylte stover i Rådhusgaten 15.

Den unge døde Botten-Hansen (1824–1869) var fødd utanfor ekteskap og vaks opp i små kår i Sel i Gudbrandsdalen. Den halvstuderte røvaren var eit flogvit og slo seg fram i Kristiania som fri litterat, eventyrdiktar, kritikar og bibliograf. Saman med Ibsen og Vinje frå Heltbergs studenterfabrikk gav han ut det «æstetisk-politisk-satiriske» tidsskriftet Andhrimner (først kalla Manden). Hovudinnsatsen var som redaktør av Illustreret Nyhedsblad frå 1851 til han blei universitetsbibliotekar i 1864.

MEN TILBAKE TIL «Det lærde Holland». Under sitt andre Kristiania-opphald (1857–1864) var Henrik Ibsen fast medlem av Hollenderkretsen, saman med andre intellektuelle ungkarar. Ludvig Daae blir rekna som opphavsmann til sjølve namnet. Som reaksjon på Botten-Hansens imponerande boksamling på 14.000 band skal han ha brote ut: «Pokker ta hollænderen! Han har sine spioner ute allevegne.» Uttrykket er eit sitat frå Holbergs stykke Jacob von Tyboe.

Faste medlemmer av Hollender­kretsen var Paul Botten-Hansen («Stamhollenderen»), Henrik Ibsen («Gert Westphaler») og Ludvig Daae («Jacob von Tyboe»). I den Holberg-dyrkande krinsen flokka det seg assosierte og litteraturinteresserte menn som blei kalla «batavofilene» (av batavere, ein germansk folkestamme som levde i områda ved Rhinen og Maas i Holland). Mellom desse var Peter Christen Asbjørnsen, Johan Herman Thoresen (Ibsens svoger, kalla «Kronjuristen»), Ernst Sars, Johan Sebastian Welhaven, Peter Andreas Munch, Jonas Lie og Aasmund Olavsson Vinje.

SJØLVASTE VINJE er ein kanal over til Dølen, som sprengde Holland med norskdomsstrev. Med i Døleringen var mellom andre fetrane Berner, Carl Christian som blei stortingspresident og fekk ein plass med ei firkanta rundkøyring i hovudstaden kalla opp etter seg, og Hagbart Emanuel, som grunnla Dagbladet og mykje anna – til dømes Ligbrændingsforeningen.

Slik kan assosiative slektskap og namn på grupperingar vandra på metaforisk vis gjennom soga. Ein lærer så lenge ein har gode lesarar.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis