Sideblikk
Senterpartiet vil surfa på bølgjene
Det verdikonservative bygdepartiet har hausta framgang med å dyrka språkleg endring.
Partileiar Trygve Slagsvold Vedum (Sp) førebur seg til landsmøtet på stortingskontoret.
Foto: Berit Roald / NTB
Den omgjengelege og kaffidrikkande Vedum ikjøtar eit antielitært og demokratisk folkestyreparti for småkårsfolk. Det er ei dristig og retorisk bragd å ha gjort den sosialradikale arbeidardemokraten Johan Castberg til ein av Bondepartiets ideologiske føregangsmenn.
Senterpartiet har skapt utkantbølgjer som har spreidd seg som ringar i nasjonale vatn. Nå gjeld det å surfa på dei opprørte kreftene fram mot valet, sitta ganske stille i båten, halda ro i rekkene og styra unna farlege skjer og grunnar. Men ikkje sitta for stille heller, for ringar i vatn legg seg ganske snart til ro og døyr ut.
PÅ DET DIGITALE landsmøtet til helga skal Senterpartiet ha eit ufarleg slalåmløp om vinter-OL. Verre er det for det verdikonservative partiet å ha kome i abortskvis. Eit liberalt mindretal i programkomiteen vil, som Arbeidarpartiet, skrota abortnemndene og utvida den sjølvbestemte grensa frå veke 12 til veke 18.
Dette har sett det ekstreme kompromisspartiet på ein hard prøve. Den fossile nestleiaren Ola Borten Moe vil unngå at abortspørsmålet blir ein del av raudgrøne regjeringstingingar, for den siste oljen er viktigare. Kjersti Toppe og sentralstyret har prøvd seg med ei språkleg vending: å døypa «nemnd» om til «samråd», men det skal ikkje merkast i meir enn i ordi at dei halda arven i stand.
MANGE KADRAR i Senterpartiet har bakgrunn som tillitsvalde bønder og småbrukarar, i faglag og samvirkeorganisasjonar. For dei som ikkje kjem direkte derifrå, ligg det gjerne i slekta. Men spiss interessepolitikk er noko anna enn brei partipolitikk. I politikken må særinteresser omsetjast til allmenninteresser. Mjølkekvote, arealtilskot og subsidiar må koplast til matvaretryggleik og ringverknader som ope kulturlandskap og levande bygder. Landbruksøkonomien er politisk og institusjonell.
Vertinna, som har stått fram som motvillig senterpartiveljar, meiner partiet for all del må unngå landbruks- og matministerposten i ei ny regjering. Dei har jo bygd seg opp på å vera mot upopulær stordrift og sentralisering, men med statsråden for feltet kjem dei til få ansvar for at landbruksutviklinga held fram i same spor. Det blir stadig færre bondekjerneveljarar, og dei har uansett ingen annan stad å gå. Men også ikkje-agrare distriktsveljarar er bondevennlege.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.