Samanbrot i den politiske stafetten
Irreversibilitet var politisk kutyme. Nå er det vanleg å lova tannkremen tilbake på tuba.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og Erna Solberg (H) i spørjetimen på Stortinget onsdag i førre veke.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
hompland@online.no
Erna Solberg meiner Støre-regjeringa manglar handlekraft. Prosjektet er berre er å reversera reformene frå hennar regjering. Statsminister Støre gir strykkarakter til slik opposisjonspolitikk: «Fire måneder etter at hun forlot regjeringsansvaret, har hun sluttet å ta ansvar. Hun kommer med lettvint kritikk for å gjøre seg interessant.» Mens han har hendene fulle med å reparera og rydda, for ho etterlét seg eit Noreg på etterskot.
LITE RAUS ORDBRUK og kontrære posisjoneringar signaliserer eit skifte i tilhøvet mellom dei to store styringspartia. I nyare tid har dei heller dyrka felleseige og sett si ære i å koma fram til kompromiss og skapa breie forlik som overlever skiftande fleirtal og regjeringar.
Når ei regjering med ein annan politisk vernefarge overtar, har det vore vanleg å føra stafettpinnen vidare med litt endra rytme og retning, revidering og retorikk. Symboltunge verdisaker kan bli haussa opp, men strukturendringane består. Det er dette med tannkremen og tuba.
DEN POLITISKE NORMALEN i 75 år etter krigen var at eit parti som tapte ei hjartesak, forsona seg med det etter ei tid, det gjeld til og med Kristeleg Folkeparti. Høgre har 150 års erfaring med å bita i seg arbeids- og sosialpolitiske nederlag utan å bli reaksjonære. I staden tok dei til å skryta av sine aksjar i velferdsstaten.
Etter 20 års sosialdemokratisk dominans gjennomførte ikkje Borten-regjeringa eit systemskifte i 1965. Gro Harlem Brundtlands suksessive mindretalsregjeringar førte vidare Willoch-reformene på 1980-talet. Erna Solberg og Siv Jensen omkalfatra ikkje Stoltenbergs administrasjonsregime så mykje som dei prøvde å gje inntrykk av.
SPALTISTEN KLARER ikkje å motstå freistinga til å plagiera seg sjølv med noko han skreiv i eit framtidsbilde for ein mannsalder og ei handfull regjeringar sidan: «Viktige beslutninger ble flyttet bort fra politiske organer. Politikken var pragmatisk og fortonte seg som et stafettløp: De som overtok regjeringsmakten, førte den forrige regjerings politikk videre uten å gjøre om vedtak de tidligere var imot. Den partipolitiske prosessen fortsatte å dreie fra saker til symboler. Politisk debatt ble preget av temaer som var mer egnet til kortvarig medieeksponering enn langsiktige endringer. Irreversibilitet var politisk kutyme.»
DETTE ER I FERD med å snu i ein endra mediesituasjon der «klar tale» er eit hovudkrav. For å legga skulda på dei andre leitar partiapparata fram noko motparten sa eller gjorde, eller ikkje gjorde, då dei styrte for fire, åtte eller tolv år sidan.
Grunnfjella er usikre og partisystemet meir fragmentert. Dei store har sterkare utfordrarar til høgre og venstre, som dei må godsnakka med eller prøva å nøytralisera. Stemninga på grasrota fører til at ein lèt seg ta av bølgjene og lova slikt som berre kan oppfyllast ved å gå på vatnet eller styra den frie marknaden, som også Arbeidarpartiet held heilag. I tillegg gjer diverse overhus i Brussel handlingsrommet trongare.
I det travløpet er det lett å hamna i dødens posisjon. Ein kan tru at ein er vald på eigen politikk, men realiteten er at veljarane er lei av det gamle. Det er eit under om ei regjering overlever to periodar: Slik er den politiske pendelens lov.
BYRÅSJEFEN ER FORTVILA over vendinga frå stafett til reversering. Det svekker arbeidsroa i Forvaltninga, og med det grunnlaget for gradvis framgang, oversiktlege prosessar og stødig styring. Når Forvaltninga blir sett til å utarbeida fagleg grunnlag for raskt skiftande politiske prioriteringar, skaper det frustrasjon og undergrev legitimitet og sjølvtru. Solid og profesjonell handsaming er noko anna enn å vera eit sekretariat som orienterer etter politiske signal og pålegg. Forvaltninga kan ikkje gjera si velsigna gjerning etter innfallsmetoden.
DEN TOSKETE regionreforma var ei morgongåve til Venstre og KrF frå Høgre, som er mot heile fylkeskommunen. Når André Skjelstad, ein av hovudarkitektane bak dei samanslegne fylka, blir spurd av Klassekampen om dei kjem til å reversera reverseringa av regionreforma om fire eller åtte år, svarer han: «Nei, Venstre er ikkje eit reverseringsparti. Når vi kjem til makta på nytt, kjem vi til å leggje den strukturen som då er til grunn.»
Slik skal det lyda frå partiet som innførte parlamentarismen i 1884, og som sidan har hatt mange etappar i den politiske stafetten. Dei har vore med og lagt stein på stein i det norske huset, også når arven er smuldrande.
***
RETTINGAR. Vertinna vil ikkje ha det på seg at ho sveik då Vi Viste Verda Vinterveien i Beijing. Ho irriterte seg over reklame på forkjærte tidspunkt, men så oppdaga ho DR. Dansk fjernsyn sende alt – gratis og utan reklame. Det er eit resultat av loven om tilbod og etterspurnad: Det er så få danske vintersportsidiotar at kommersielle TV-kanalar ikkje vil betala for sendingane, så DR fekk dei til spottpris.
Dei danske reporterane var overraskande sakkunnige, og det var ein Verfremdungs-effekt å høyra skitevlingar kommenterte på ikkje-sjåvinistisk vis. For Vertinna var det også eit kræsjkurs i dansk, eit talemål ho elles koplar til kartoffel i halsen. Men ho innrømmer at når det var stafettar, tydde ho til Lillelien-trikset: Ho slo av lyden og høyrde på dei dyktige radioreporterane i NRK. Men elles var det dejligt å høyra dansk – i Noreg.
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er eit under om ei regjering overlever to periodar: Slik er den politiske pendelens lov.
Fleire artiklar
Michael Keaton er attende i den ikoniske rolla som Beetlejuice.
Foto: Warner Bros. Discovery
Beetlejuice Beetlejuice: Nesten dødsfestleg
Sjølv om det er eit gledeleg gjensyn, saknar eg snerten.
Hjortelusflugene er spesialiserte parasittar som føder levande ungar og lever heile det vaksne livet nede i pelsen til elg, hjort og rådyr.
Foto via Wikimedia Commons
Svermingstid for hjortelusfluga
Göran Fristorp døydde 3. september. Han vart 76 år gammal.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Göran Fristorp (1948–2024)
Det kjem an på storleiken, men det er ein fordel å sleppe å trene inni bilen.
Bene Riobó / Wikimedia commons
I form med bilen
Alternativ for Tyskland-politikaren Björn Höcke i retten i Halle i 2024. Han er bøtelagd to gonger for å nytta nazislagordet «Alles für Deutschland».
Foto: Jens Schlueter / AP / NTB
Kor ekstrem er Björn Höcke?
Universitetsfolk kan bruke eit heilt yrkesliv på å diskutere kva ekstremisme er. I Tyskland er det Verfassungsschutz som avgjer det.