Sideblikk
Så blei det likevel jul i koronaåret
Den som passar seg for smittefella, skal få feira ei normal og nasjonalkonservativ jul.
Julefeiringa er i gang.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
«Hva er best av pinnekjøtt og ribbe? Kjør debatt!»
Denne fundamentale og pandemiske problemstillinga la statsministeren frå Bergen ut på Facebook-sida si før jul. Som vanleg blei sørlendingar og andre torsketarar haldne utanfor i dette nasjonalkonservative verdispørsmålet.
Svaret fekk me i statskanalen kvelden før kvelden. Då me venta på at grevinna og hovmeisteren skulle gjera sitt til at unntaksåret liknar på same procedure as every year, dukka dei fire store partileiarane opp i maskeradegenserar, som julbokk åt en stakkar lell!
EU HAR VEDTATT at julenissen fyller ein samfunnskritisk funksjon og kan kryssa landegrenser utan karantenehotell. Etter EØS-reglane gjeld vel det same for Noreg.
WHO har gått endå lenger og erklært at julenissen er korona-immun. Likevel får han ikkje kyssa Bent Høies mamma. I «julenissens heimland», som Finland har stole frå Nordpolen og Drøbak, må han setta att julegåvesekken utanfor døra og vinka gjennom glaset som me må bortåt for å sjå han. I det koronatunge Belgia har han lov til å koma inn i huset, men berre for å gå på do.
HER I LANDET strevar folkekyrkjene med låge dører og fastmonterte benkar. Og det skjer i dei dagar av året dei er etterspurde. I Oslo vest og ytre Viken har dei eit tilleggsproblem: Der er det prestestreik.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.